Gulen kommune - reguleringsplan for veg til Kyrkjeøy (privat veg - friluftsliv)

Avgjørelse i innsigelsessak, 13. oktober 2005

Gulen kommune - Motsegn mot reguleringsplan for veg til Kyrkjeøy

Vi viser til brev av 10. november 2004 frå fylkesmannen i Sogn og Fjordane og brev av 18. januar 2005 frå Gulen kommune.

Saka er i samsvar med § 27-2 nr 2 i plan- og bygningslova send Miljøverndepartementet for endeleg avgjerd.

Miljøverndepartementet stadfestar vedtak av Gulen kommunestyre om reguleringsplan for veg til Kyrkjeøy. Departementet legg vekt på at vegen er naudsynt for at garden på Kyrkjeøy igjen kan få fast busetting og verte driven vidare, og slik at kulturlandskapet kan haldast i hevd. Motsegna frå fylkesmannen er med dette ikkje teken til følgje.

Bakgrunn for saka

Grunneigaren på Kyrkjeøy søkte den 25. april 2000 om å få byggje ein 1500m lang traktorveg fram til landbrukseigedomen gnr 6 bnr 1 på Rutletangane i Gulen kommune. Interesser i vegen var oppgjevne til 20 % jordbruk og 80 % busetnad. I brev av 20. juni 2000 meinte fylkesmannen at vegen etter dette ikkje kan reknast som landbruksveg, og derfor må handsamast etter plan- og bygnings­lova. Vegen vil då vere i strid med arealdelen til kommuneplanen. Etter dette fremja grunneigaren 6. april 2003 privat forslag til reguleringsplan for tilkomstveg på ca 1,7 km til garden på Kyrkjeøy.

Bakgrunnen for planforslaget er at eigaren tek sikte på fast busetnad på garden. Utan bilveg heilt fram vil dette ikkje vere mogleg. Rutletangane er i arealdelen til kom­mune­planen lagt ut til landbruks-, natur- og friluftsområde, og sjøareala rundt er lagt ut til vassareal for naturvern og friluftsliv. I fylkesdelplan for friluftsliv er Rutletangane vist som friluftsområde av nasjonal eller regional verdi.

Fylkesmannen ved miljøvernavdelinga viser i si motsegn av 13. februar 2004 til at Rutletangane er ei naturperle med store kvalitetar knytt til landskap, naturmiljø / fugleliv og friluftsliv. Kyrkjeøyna med busetnad og innmark er registrert som eit verdfullt kulturlandskap, m.a. med artsrike engsamfunn. Utan skjøtsel og bruk vil desse verdiane etter kvart gå tapt som følgje av gjen­groing. Storparten av Rutletangane er elles lite prega av inngrep og mest fritt for hytter.

Fylkesmannen ved miljøvernavdelinga peiker på at Rutletangane har eit stort og lite utnytta potensiale med tanke på friluftsliv og reiseliv. Med noko marknadsføring og med forsiktig tilrette­legging for friluftsliv og naturbasert reiseliv vil området kunne bli ein viktig ressurs for grunneigarane, for bygda og for kommunen / regionen. Den planlagde vegen vil vere i strid med arealdelen til kommuneplanen, og vil gripe sterkt inn i sentrale delar av dette særmerkte natur­området, mellom anna vil vegen føre til ein del terrenginngrep. Vegen kan også føre til ”sekundærpress” i form av hyttebygging og anna utbygging.

Sogn og Fjordane fylkeskommune viser i fråsegn av 16. februar 2004 til at Rutletangane i fylkesdelplanen for friluftsliv er vurdert som regionalt og nasjonalt viktig frilufts­område. Fylkeskommunen meinar at arealbruk i området bør avklårast ved revisjon av kommuneplan. Bygging av veg vil kunna leggje press på anna aktivitet som ikkje har vore vurdert, t.d. hytter eller liknande. Slik saka sto, fant fylkeskommunen det vanskeleg å gå inn for bygging av veg. Kulturavdelinga vurderer vegbygging i dette området som svært negativt i høve til opp­levings­verdi av kulturlandskapet, som også inneber det estetiske og historiske landskapet.

Mekling vart halde 25. juni 2004. Partane kom ikkje fram til semje om ei planløysing.

Gulen kommunestyre vedtok planen samrøystes i møte 30. september 2004, og tok ikkje motsegna frå fylkesmannen til følgje. Oversendingsbrev av 14. oktober 2004 frå kommunen til fylkes­mannen syner følgjande grunngjeving for at kommunen ikkje har teke omsyn til motsegna:

1 Busetnad på eigedomane i ein utkantkommune er svært viktig. Søkjar vil busette seg på gardsbruket, og då er det naudsynt med vegtilkomst. Vegtraséen er lagt fint i terrenget. Ei enkel "kabelferje", som miljø­vern­avdelinga skisserer, er utopi i ei næring som slit økonomisk.

2 Det er viktig å halde kulturlandskapet i hevd og hindre attgroing. Det vil bli tatt i vare av brukaren.

3 Kommunestyret vurderer fast busetnad viktigare enn at området skal vere rekreasjonstilbod for turistar. Kanskje vil det i større grad bli nytta til rekreasjonsområde når ein kan gå ein veg ut til Kyrkjeøy i staden for å nytte båt.

Fylkesmannen har i sitt oversendingsbrev av 10. november 2004 til departementet vist til motsegna frå miljøvernavdelinga. Fylkesmannen rår etter ei samla vurdering til at departementet tar motsegna til følgje.

Fylkesmannen forstår at kommunen ønskjer å legge til rette for busetnad i området, og ser det slik at vegen truleg vil ha god nytteverdi for vedlikehald av areal og bygningar, husdyrdrift og oppretthalding av kulturlandskapet på Kyrkjeøyna. På den andre sida er området prega av få eller ingen inngrep, og ligg opent til med god og enkel tilgang for ferdsel og friluftsliv.

Synfaring og møte om saka vart halde 31. mars 2005 med representantar for kommunen, fylkesmannen, Direktoratet for natur­for­valtning, grunneigaren og departementet.

Direktoratet for naturforvaltning (DN) gav i brev av 14. april 2005 fråsegn i saka. Direktoratet rår til at motsegna til planen og veg til Kyrkjeøy vert teken til følgje. DN peiker på at Rutletangane i fylkesdelplanen for friluftsliv for Sogn og Fjordane er avsett som eit viktig regionalt og nasjonalt friluftsområde. Ein veg utover øyrekka Rutletangane vil i seg sjølv opplevast som eit inngrep for dei som bruker området til friluftsliv og vil gjera området mindre attraktivt.

Miljøverndepartementet si vurdering

Konflikten i saka gjeld forslag om ein liten tilkomstveg med bil frå fastlandet over Rutletangane til garden på Kyrkjeøy. Heile området er i arealdelen til kommuneplanen disponert til landbruks-, natur- og friluftsområde.

Rutletangane er eit sermerkt område med holmar og sund, og er lite prega av inngrep. Samstundes er det opplyst i saka at det serleg er dei ytre delane av Rutletangane som er viktigast for friluftslivet. Dette området vil framleis ligge utanfor der vegen skal koma.

Reguleringsplanen byggjer på kommunen sitt ønskje om å halde busetjinga på Kyrkjeøy ved lag, og fast busetjing der er eit viktig ledd i dette. Vegen vil ha god nytteverdi for vedlikehald av areal og bygningar, husdyrdrift og oppretthalding av kulturlandskapet på Kyrkjeøy.

Departementet peiker også på at spreidd busetjing er viktig for å sikre levande bygder og gode levevilkår.

Ut frå ei samla vurdering finn Miljøverndepartementet derfor å kunne stadfesta planen. Departementet har lagt avgjerande vekt på at vegen er naudsynt for at garden på Kyrkjeøy igjen kan få fast busetjing og verte driven vidare. Departementet viser også til at tiltaket gjeld ein smal grusveg med avgrensa bruk, som skal tilpassast eksisterande terreng på best mogleg måte.

Vedtak

Miljøverndepartementet stadfestar i medhald av plan- og bygningslova § 27-2 nr. 2 vedtak av Gulen kommunestyre 30. september 2004 om reguleringsplan for veg til Kyrkjeøy.

Reguleringsplanen med departementet si påteikning om stadfestinga ligg ved.

Om kunngjering av departementet si stadfesting viser vi til reglane i plan- og bygningslova § 27-2 nr. 3.

Departementet vil rå til at vidare arealbruk på Rutletangane vert drøfta ved revisjon av kommuneplanen, slik også fylkesmannen har peikt på.

Kommunen er gjort kjend med departementet si avgjerd ved kopi av dette brevet.

Med helsing
Øyvind Håbrekke

Kopi:
Gulen kommune, 5966 EIVINDVIK
Sogn og Fjordane fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 LEIKANGER
Direktoratet for naturforvaltning, Tungasletta 2, 7485 TRONDHEIM

Vedlegg:
Saksdokumenta