Hjelmeland kommune – motsegn til kommunedelplan for Valheim i Årdal

Avgjørelse i innsigelsessak, 9. oktober 2007

 

Hjelmeland kommune – motsegn til kommunedelplan for Valheim i Årdal


Saka er sendt Miljøverndepartementet ved fylkesmannen sitt brev 16. mai 2006 for avgjerd etter plan- og bygningslova § 20-5 femte ledd.

Miljøverndepartementet godkjenner ikkje kommunedelplan for Valheim i Årdal i Hjelmeland kommune. På Nedre Valheim er det automatisk freda kulturminne av nasjonal interesse. Det er difor naudsynt med ei nærare kartlegging og ei overordna vurdering av råstoffsituasjonen i fylket under eitt for å sikre arbeidsplassar og for å sikre industrien naudsynt tilgang på råstoff. Kartlegginga skal mellom anna vere eit grunnlag for å vurdere om det kan opnast for uttak på Nedre Valheim seinare.

 

Bakgrunnen for saka

Kommunedelplan for Valheim viser fleire område for råstoffutvinning, masseuttak (steinbrot, grustak, sandtak). Riksantikvaren har fremja motsegn til Nedre Valheim, som er det største området.
 
Av konsekvensutgreiinga av 23. januar 2004 går det fram at NorStone i over 30 år har drive produksjon av sand og grus i Årdal. NorStone har 21 tilsette, og i tillegg er det ein takpannefabrikk med ca 60 ansatte som får grus frå NorStone. Konsekvensutgreiinga viser at særleg kulturminne og landskapsverdiar vil bli negativt påverka av
 
masseuttaka. Det går og fram at grusen har høg verdi både i nasjonal og internasjonal samanheng.
 
Kommunestyret vedtok 24. mars 2004 å leggje utkastet til kommunedelplan for Valheim ut til offentleg ettersyn.

Av planen går det fram at uttak kjem i særleg konflikt med automatisk freda kulturminne på Nedre Valheim. Der er det registrert mange synlege kulturminne, mellom anna 2 heilskaplege gardsanlegg frå jernalder, nærare 50 gravhaugar og gravrøyser, og fleire hundre rydningsrøyser. Vidare er det peika på at det er naudsynt med utviding av massetaket for å sikre leveringa framover. Nedre Valheim er på 504 dekar, Linjer på 26 dekar og Øvre Valheim på 145 dekar.

Fylkesutvalet uttala seg til planforslaget 23. august 2004. Uvalet meiner det er store og relativt unike nasjonale kulturminneverdiar i planområdet, med intakte spor etter kontinuerlig busetnad over lang tid. Fylkesutvalet meiner utgraving av området kan gi grunnlag for eit formidlingsopplegg for undervisning og reiseliv. Fylkesutvalet meiner det må etablerast eit eige forskingsprosjekt i samband med utgravinga, og vil ta initiativ til eit prosjekt i samarbeid med kommunen, Universitetet i Stavanger og Forskningsrådet. På bakgrunn av at vidare undersøking kan gje ny informasjon, og at sandressursane er viktige for busetting og næringsutvikling, meiner fylkeskommunen det må gjevast dispensasjon frå kulturminnelova slik at kulturminna kan undersøkast og sandressursane utnyttast.

Riksantikvaren fremja 15. desember 2004 motsegn mot kommunedelplanen. Motsegna er grunna i dei store negative konsekvensane dei nye massetaka og vegane vil ha i høve til dei nasjonale kulturminneverdiane som ligg på Nedre Valheim. Riksantikvaren meiner at planforslaget er i strid med nasjonale mål for kulturminne, mellom anna om å unngå tap av kulturminne og å ta vare på eit representativt utval av kulturminne og kulturmiljø. Riksantikvaren meiner dessutan at uttak vil vere i strid med den europeiske landskapskonvensjonen.

Riksantikvaren opplyser at det på Nedre Valheim er eit heilskapleg gardsanlegg frå jernalderen med eit sjeldan stort mangfald av spor etter menneske si verksemd. Her er det fleire hustufter, rydningsrøyser, dyrkingsspor og gardfar. Det finst også ei mengd gravminne der uvanleg mange er frå vikingtida, mellom anna dei stjerneforma røysane som er særs sjeldne kulturminne.

Riksantikvaren peikar på at Nedre Valheim er eit av dei gardsanlegga i Rogaland med flest synlege element. Riksantikvaren legg i si vurdering vekt på at spora er lette å sjå og at dei framleis ligg urøyrde etter nær 1500 år i eit sentralt jordbruksområde, noko
 
som er svært uvanleg. Ein kan tydeleg sjå korleis landskapet, med moreneterrassen, fjella, vatnet og elva har danna grunnlag for busetnaden. Dette gjer at historia er svært lesbar og området har eit stort formidlingspotensial.

Kommunestyret vedtok kommunedelplanen 12. januar 2005, og sluttar seg til fylkesutvalet sitt initiativ i saka i høve til kulturverdiane.  I saksutgreiinga er det vist til at fylkeskommunen legg opp til ein offensiv strategi der kulturminneomsyn skal takast på alvor, samstundes som sanden som ressurs skal kunne utnyttast. Dette tykkjer rådmannen er sers positivt, og bør vere eit kraftig signal til sentrale styresmakter om å godkjenne planen. 

Mekling i saka vart halde 7. mars 2005. Det vart semje om å vurdere nærare avgrensinga mellom masseuttaket og kulturvernet.

Riksantikvaren varsla i brev 14. november 2005 at dei står fast ved tidlegare motsegn. Riksantikvaren skulle sjå på avgrensinga, ut frå indikasjonar på at det på sør- og vestsida av Fv 633 var færre kulturminne og lengre mellom kulturminna enn i området på oversida av vegen. Riksantikvaren kan etter ei grundig vurdering ikkje tilrå ei anna avgrensing mellom område med kulturminne og masseuttak, då det er automatisk freda kulturminne av stor nasjonal verdi i desse områda. Riksantikvaren meiner at dei høge verneverdiane i området er knytt til heilskapen i området. Flytting av terrassekanten mot nord og aust vil vere eit svært dominerande inngrep i landskapet og kulturmiljøet og auke faren for utrasing.

Fylkesmannen har i brev 17. januar 2006 vurdert det slik at vidare mekling ikkje kan føre fram.

Kommunen sende saka til fylkesmannen ved brev 15. mai 2006. I brevet peiker kommunen på at saka gjeld omsynet til samfunnet sin trong for byggematerial (betongtilslag) av ypparste kvalitet satt opp mot fornminne av nasjonal verdi. Kommunen ønskjer å leggje til rette for uttak av den viktige lausmasseressursen, men ønskjer samstundes at det ved utgraving vert lagt vekt på å visualisere og dokumentere dei kulturverdiane som er knytt til ressursen. Kommunen opplyser at sandindustrien er ei hjørnesteinsbedrift i Årdalsbygda, og verksemda har trong for forutsigbare tilhøve med tilgong til råstoff av god kvalitet. Bygdesamfunnet ønskjer vidare drift, og uttaket skjer i samspel med grunneigarane i området.

Kommunen har i seinare brev 24. mai 2006 oversendt tilleggsdokumentasjon om råstoffkvaliteten i området.

Fylkesmannen peiker i oversendingsbrevet til departementet 16. mai 2006 på at det er gjort mange inngrep ved sand- og grusuttak i området. Fylkesmannen meiner det er mogleg at ein no har kome til eit punkt der ein ut frå nasjonale omsyn er nøydd til å sikre restlandskapet med dei mange kulturminna, som eit unikt kjeldemateriale for ny
 
kunnskap og opplevingar. Fylkesmannen meiner mykje av det historiske arkivet over siste istid blir fjerna dersom tiltaket blir gjennomført.

Synfaring og møte om saka vart halde 16. august 2006, med mellom anna representantar for kommunen, fylkesmannen, fylkeskommunen, Riksantikvaren, Bergvesenet, Nærings- og handelsdepartementet og Miljøverndepartementet.

Nærings- og handelsdepartementet slutta seg i brev 1. november 2006 til den løysinga som Rogaland fylkesutval har tilrådd. Den vil kunne bidra til kartlegging av kulturminna og formidling av den verdien dei representerar, samstundes som ressursen på Nedre Valheim kan takast i bruk til næringsformål. Nærings- og handelsdepartementet foreslår at det vert sett ein tidsfrist for når undersøkingsarbeidet skal vere avslutta. Departementet legg elles vekt på at det i dag er over 100 arbeidsplassar som direkte eller indirekte er knytt til denne næringa, og at uttak vil gje langsiktig drift. Departementet legg også vekt på at Hjelmeland kommune gjennom ein lokaldemokratisk prosess har fatta eit samrøystes vedtak.

Når det gjeld den nærare vurderinga av førekomsten på Nedre Valheim, viser Nærings- og handelsdepartementet til brev 11. september 2006 frå Bergvesenet. Der går det fram at lausmasse med tilsvarande kvalitet til betongformål som i Hjelmeland berre finst få stader i landet, og NGU karakteriserar ressursen som nasjonal. Bergvesenet støttar difor kommunen sitt vedtak om uttak.


Miljøverndepartementet si vurdering

Kommunedelplanen for Valheim legg opp til utviding av eksisterande uttak av sand og grus i området, for å sikre byggematerial av særs god kvalitet og for å sikre arbeidsplassar framover. Riksantikvaren si motsegn gjeld området Nedre Valheim, som er det største uttaksområdet. Det er semje om at det i dette området ligg automatisk freda kulturminne av nasjonal interesse. Dei vitskaplege og miljømessige verdiane til automatisk freda kulturminne er i stor grad knytt til den staden dei ligg, og frå kulturminneforvaltninga si side er det ei målsetting å bevare flest mogleg av desse kulturminna intakte i deira naturlege omgjevnader.

Kommunen og Nærings- og handelsdepartementet har lagt vesentleg vekt på at drifta vil sikre arbeidsplassar framover. Miljøverndepartementet vil peike på at sjølv om uttak på Nedre Valheim ikkje vert tillete no, vil eksisterande drift kunne halde fram og utviding kan skje på dei andre områda som ligg inne i kommunedelplanen. Sjølv utan uttak på nedre Valheim vil det vere grunnlag for drift i mange år framover.

I arbeidet med kommunedelplan for Valheim er det ikkje sett på moglegheitene for bedrifta til å nytte sand frå andre stader i regionen. På lang sikt vil det vere naudsynt å få ei oversikt og vurdering av ressurstilgangen for regionen samla sett for å sikre råstofftilgangen til industrien og av omsyn til arbeidsplassane i kommunen.
Miljøverndepartementet viser her til at i samband med handsaminga av fylkesdelplan for byggjeråstoffer på Jæren, har fylkestinget vedteke å innleie ein prosess for å vurdere nærare om det bør utarbeidast ein fylkesdelplan også for byggjeråstoffer i Ryfylke. Fylkeskommunen er i samarbeid med NGU også i gang med å kartleggje grus- og pukkressursane i Ryfylke.

Miljøverndepartementet meiner dette arbeidet med kartlegging og fylkesdelplaner er viktig som grunnlag for ei breiare vurdering av behovet for uttak på Nedre Valheim.  I eit fylkesdelplanarbeid for Ryfylke vil ein vurdere kva som vil vere den beste samfunnsmessige forvaltninga av sand- og grusressursane på lang sikt, og næringsinteressene skal avvegast mot andre samfunnsinteresser som mellom anna kulturminnevern. Den kartlegginga som no vert gjort vil gje viktig informasjon om ressursane.

Miljøverndepartementet meiner etter dette at området Nedre Valheim må takast ut av kommunedelplanen no av omsyn til nasjonale kulturminneinteresser. Det er naudsynt med ei nærare kartlegging og ei overordna vurdering for fylket under eitt som grunnlag for å avgjere om det seinare kan opnast for uttak i dette særs konfliktfylte området. Spørsmålet om uttak på Nedre Valheim kan eventuelt takast opp att når nærare kartlegging og vurdering gjennom fylkesdelplan ligg føre.


Vedtak

I medhald av plan- og bygningslova §  20-5 femte ledd finn Miljøverndepartementet ikkje å kunne godkjenne Hjelmeland kommunestyre sitt vedtak 12. januar 2005 om kommunedelplan for Valheim.

Kommunen må etter dette gjere endringar i kommunedelplanen slik at området Nedre Valheim går ut. Det tilhøyrande vegsystemet må også endrast. Dette gjer det naudsynt med så store endringar i planen at det ikkje vil vere rett av departementet å godkjenne planen med desse endringane.


Med helsing
Helen Bjørnøy

Kopi:
Hjelmeland kommune
Rogaland fylkeskommune
Riksantikvaren
Nærings- og handelsdepartementet
Bergvesenet

Vedlegg:
Sakdokumenta i retur