Vinje kommune - motsegn til arealdelen til kommuneplanen 2003 - 2015, hytteområde på Bossbøen

Avgjerd i motsegnsak, 12. april 2007

 

Vi viser til fylkesmannen sitt brev av 07.09.06 til Miljøverndepartementet om denne saka.

Saka er i samsvar med § 20 - 5 femte ledd i plan- og bygningslova sendt Miljøverndepartementet for endeleg avgjerd.

Miljøverndepartementet godkjenner ikkje hyttefeltet på Bossbøen. Hardangervidda er foreslått som nasjonalt villreinområde. Utviklinga av dette fjellområdet med randsoner skal avklarast gjennom regional planlegging der det vert fastsett eit overordna utbyggingsmønster som ikkje svekker moglegheitene for å sikre ei livskraftig villreinstamme på lang sikt. Det er ikkje aktuelt å godkjenne ny utbygging nær opp til potensielle trekkområde før Fylkesdelplan for Hardangervidda aust av 24.04.98 er revidert og heile Hardangervidda villreinområde vert sett i ein samanheng. Motsegna frå fylkesmannen er med dette teken til følgje.

Bakgrunn for saka

Bossbøen hytteområde er lokalisert på grensa mot Tinn kommune og ligg inntil riksveg 37 mellom Rauland og Skinnarbu i foten av Møsvasstangen. I arealdelen til kommuneplanen er det sett av eit areal på om lag 400 daa som gir plass til ca 100 hytter. I Skinnarbuområde, like over grensa i Tinn kommune, er det etablert eit alpinanlegg, hyttefelt, hotell og eit nasjonalt villreinsenter.

Motsegn til utbygginga på Bossbøen vart fremma av fylkesmannen ved miljøvernavdelinga i brev av 15.11.02. Fylkesmannen peikar på at det er godkjent store utbyggingar ved Vierli og Skinnarbu. Utbygging sentralt på Møsvasstangen er i strid med nasjonale mål om å ta vare på villreinen sine leveområde og å hindre ferdsel inn i områda. I tillegg nemner fylkesmannen at det er uheldig at stadig meir av landskapet langs fjellovergangane vert tetta til med hytter, slik at ein berre få stader kan oppleve nokolunde urørt naturlandskap, slik som over Møsvasstangen.

Vinje kommunestyre vedtok arealdelen i møte den 04.09.03. Då det låg føre motsegn frå fylkesmannen ved miljøvernavdelinga til byggeområde for hytter på Bossbøen, vart planen ikkje gitt rettsverknad for dette området i påvente av ei villreinutgreiing. Etter mekling vart spørsmålet om Bossbøen som byggeområde handsama på nytt. Kommunestyret vedtok i møte 15.12.05 at området framleis skal ha status som byggeområde.

Grunngjevinga til kommunen for ikkje å ta motsegna til følgje er at ferdsleregistreringar utført av Asplan Viak viser at den auka ferdsla som følgje av dei nye hyttene i hovudsak vil følgje det etablerte løypenettet og berre utgjera ein liten del av den totale ferdsla i området. Kommunen meinar difor at utbygginga ikkje vil føre til barriereverknader for villreinen. Det peikast på at hytteområdet på Bossbøen må sjåast i samanheng med den store utbygginga ved Skinnarbu i Tinn kommune. 

Fylkesmannen rår i sitt oversendingsbrev av 07.09.06 til at motsegna blir teken til følgje. Etter fylkesmannen si meining forsterkar villreinutgreiinga utført av NINA motsegna frå miljøvernavdelinga. Det peikast på at det er godkjent store område for hyttebygging på begge sider av konfliktområdet, og at det difor er viktig å ta vare på dei urørte område som er att. Fylkesmannen tilbakevisar at utbygging i Tinn og Vinje vert handsama ulikt. Det er omsynet til villreinen og landskapet som er viktig for fylkesmannen, og det er derfor viktig å halde området over Møsvasstangen nokolunde urørt. 

Synfaring i området vart halde 15.12.06 med representantar frå fastbuande grannar, grunneigar, Vinje kommune, Tinn kommune, Fylkesmannen i Telemark, Direktoratet for naturforvaltning og Miljøverndepartementet.

Under synfaringa fekk viltforskarane Colman & Eftestøl, som var hyra inn av grunneigar, legge fram si vurdering av kva for konsekvensar utbygginga vil få for villreinen. Dei konkluderte med at den planlagde utbygginga ikkje vil få vesentleg negativ effekt på villreien fordi det ikkje vert bygging i beiteområde, ferdsel av folk inn i viktige leveområde vil ikkje auke, utbygginga vert konsentrert i eit allereie utbygd område og hyttene kan bidra til auka besøk på villreinsenteret. Den sporadiske vandringa av dyr og småflokkar vil mest sannsynleg holde fram etter utbygging.

I samband med handsaming av motsegnsaka i departementet har ein innhenta følgjande uttale:

Direktoratet for naturforvaltning gav i brev av 17.01.07 uttale i saka til Miljøverndepartementet. I uttala tilrår direktoratet at motsegna frå fylkesmannen ved miljøvernavdelinga vert teken til følgje. Dei meinar at det ikkje er rett å planlegge fleire hytter før det er gjennomført ein regional planprosess. Det vert påpeka at konfliktområdet ligg på grensa til Tinn kommune og at det manglar ei overordna avklaring av arealbruken i dette reiselivsområdet. Direktoratet legg vekt på at den regionale avklaringa må fastlegge samla utbyggingsomfang, utbyggingsmønster og utforming av turløyper for å redusere konfliktane i høve til villreinen. Det trekkast og fram at andre naturforvaltningsomsyn må vektleggast, slik som omsynet til landskapet, det nasjonale villreinsenteret og at planområdet er lokalisert i randsona til store verneområde.

I etterkant av uttalen frå Direktoratet for naturforvaltning har departementet mottatt kommentarar i brev av 26.01.07 frå plan- og økonomisjef Jan Myrekrok i Vinje kommune og brev av 08.02.07 frå styreleiar Carsten H. Holtermann i AS Bosbøen Jagtselskab (grunneigar). Begge uttrykker usemje med direktoratet sine konklusjonar.

Miljøverndepartementet si vurdering

Departementet si rolle i motsegnssaker er å gjere endeleg vedtak der det er konflikt mellom kommunen, nabokommunen, fylkeskommunen eller statleg sektormyndigheit. Det må liggje føre nasjonale eller viktige regionale interesser for at departementet skal kunne overprøve dei lokalpolitiske prioriteringane.

Dei viltfaglege utgreiingane som er initiert av kommunen og grunneigar, synar at det er knytt usikkerheit til dei langsiktige konsekvensane av den omstridde utbygginga. I høve til ivaretaking av viktige miljøomsyn i arealplanlegginga, skal føre-var-prinsippet være styrande for avgjerd som inneber irreversible naturinngrep. 

Miljøverndepartementet legg stor vekt på det ansvar Noreg har for at våre villreinstammer skal få eit best mulig vern. Vi viser i den samanheng til kva som er uttala om villreinpolitikken i St.meld. nr. 21 (2004-2005) ”Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand.” I meldinga og handsaminga av den i Stortinget legg ein opp til ein generelt høg prioritering av leveområde til villreinen.

Villreinområde som er spesielt viktige for arten si framtid i Noreg skal få status som nasjonale villreinområde. Hardangervidda er eit slik område. Avgrensinga og innhaldet skal avklarast gjennom regionale planprosessar. Dei regionale planane skal sikre at leveområda er store nok, av god nok kvalitet og at villreinen har nok moglegheiter for vandringar. Det er ein føresetnad at planane skal avklare det overordna utbyggingsmønsteret på tvers av kommunegrensene, og at tiltak som vinterbrøyting av vegar, utfartsparkering og preparering av løyper/stiar skal inngå i planane.

Departementet meinar at nettopp vidare utvikling av reiselivsområde som Skinnarbu og Rauland og forholdet til villreinstamma og andre nasjonale verneomsyn treng ein langsiktig strategisk avklaring på tvers av kommunegrensene.

Ut frå dette er det ikkje aktuelt å godkjenne ny utbygging som ligg tett opp mot eit potensielt trekkområde, før Fylkesdelplan for Hardangervidda aust av 24.04.98 er revidert og heile Hardangervidda villreinområde vert sett i ein samanheng. Departementet legg til grunn at oppstartsmøte for fylkesdelplan for heile Hardangervidda er fastsett til den 13.04.07.

I den eigegodkjente delen av kommuneplana er det store uutnytta byggeområde blant anna i områda kring Rauland. Det inneber at vidare utbygging av fritidsbustader i kommunen ikkje må stoppe opp i påvente av at fylkesdelplana vert sluttført.

Vedtak

I medhald av § 20-5 femte led i plan- og bygningslova finn departementet ikkje å kunne godkjenne del av kommuneplanen si arealdel for byggeområde -fritidsbustader på Bossbøen. Området vert etter dette LNF-område og motsegna frå fylkesmannen ved miljøvernavdelinga er teken til følgje.

Departementet legg til grunn at kommunen rettar opp kommuneplankartet i tråd med vedtaket ovanfor.
 
Kommunen er gjort kjend med departementet sitt vedtak ved kopi av dette brev.


Med helsing
Helen Bjørnøy 
   

Kopi:
Vinje kommune
Telemark fylkeskommune
Direktoratet for naturforvaltning