Jondal kommune - motsegn til endring av reguleringsplan for Kvernuri - ny avkjørsel til steinbrot

Miljøverndepartementet tek ikkje til følgje motsegn frå Statens vegvesen Region vest til reguleringsendring med ny avkjørsel til rv.550, knytt til framtidig steinbrot i område ST6 i gjeldande reguleringsplan for Kvernuri. Departementet finn ikkje at det er grunnlag for å ta motsegna til følgje, gitt at naudsynte sikringstiltak blir gjennomført og følgt opp i samsvar med regelverket knytt til plan- og bygningslova, veglova og bergverkslova.

Vi viser til brev frå Fylkesmannen i Hordaland datert 13.mars 2008. Saka er i samsvar med plan- og bygningslova § 27-2 nr. 2 sendt Miljøverndepartementet for endeleg avgjerd, etter motsegn frå Statens vegvesen Region vest. Motsegna er grunngjeve med omsynet til tryggleiken for dei vegfarande på riksvegen, og omsyn knytt til framlegget om vern av rv.550.

Miljøverndepartementet tek ikkje til følgje motsegn frå Statens vegvesen Region vest til reguleringsendring med ny avkjørsel til rv.550, knytt til framtidig steinbrot i område ST6 i gjeldande reguleringsplan for Kvernuri. Departementet finn ikkje at det er grunnlag for å ta motsegna til følgje, gitt at naudsynte sikringstiltak blir gjennomført og følgt opp i samsvar med regelverket knytt til plan- og bygningslova, veglova og bergverkslova.

Bakgrunn for saka
Gjeldande reguleringsplan for Kvernuri vart vedteken 21. juni 2001. Området ST6 er regulert til rassikring/næring (steinbrot). Planen var resultat av eit samarbeid mellom Statens vegvesen, entreprenør og Jondal kommune, og innebar at området skal utnyttast til næring etter at rassikring er gjennomført.  Avkjørsel frå rv.550 skulle regulerast inn etter at utforming av rassikring var nærare avklart, og før drift av området kan starte. Vegstrekninga Jondal – Utne (rv.550) er med i framlegget til ”Nasjonal verneplan for veger, bruer og vegrelaterte kulturminner” og er føreslått verna av kulturminnemyndigheitene. Vegen er og ein del av Nasjonal turistveg Hardanger.

Våren 2004 gjekk det fleire ras i området, utan at dei nådde riksvegen. Eit nytt ras i 2005 førte til omfattande opprydding og rassikring, som vart ferdigstilt vinteren 2006/2007. Statens vegvesen finansierte om lag 10 mill. kr og Jondal kommune 1 mill. kr av dei om lag 11 mill. kr arbeidet kosta.

Jondal kommune starta i 2006 arbeid med endring av reguleringsplanen for å fastsetje avkjørsel frå rv.550 til område ST6. I sakshandsaminga meinte Jondal kommune at endringa formelt kunne handsamast som mindre vesentlig, men fekk ikkje medhald av fylkesmannen som gav pålegg om sakshandsaming etter § 28-1 i samsvar med §§ 27-1 og 27-2 i plan- og bygningslova. Planframlegget låg ute til offentleg ettersyn frå 18. mai til 29. juni 2007.

Statens vegvesen Region vest (SVRV) kom med motsegn til planen i brev datert 25. juni 2007. I motsegna peikar vegvesenet på at det har skjedd mykje i planområdet sidan reguleringsplanen for Kvernuri vart godkjent i 2001. Då det i 2005 gjekk eit ras vest i denne lia, vart det sett i gang omfattande opprydding og rassikringsarbeid. Lausnakken vart sprengt vekk og store mengder lausmassar vart køyrd bort. Området er sett i stand med platå og rasvoll for å ta imot framtidige ras og steinsprang. Riksvegen som dels vart øydelagt under raset etter sprenginga, er bygd opp at og fylling i fjorden er erstatta med murar.

Med utgangspunkt i driftsplan for området, er det utarbeidd to geologiske rapportar som vurderer konsekvensane av eventuell drift i  steinbrotet. Der blir tryggleiken vurdert som tilstrekkeleg, under føresetnad av at strenge tryggingstiltak blir sett i verk.

 
Vegvesenet viser til at arbeidet med rassikringa har gjeve dei god kunnskap om fjellet i denne ura. Dei meiner risikoen framleis er stor for at det kan skje uønska hendingar under drift (steinbrot) i området. Vegvesenet finn det difor ikkje forsvarleg å tillate at det blir sett i gang aktivitet med uttak av stein i eit så utsett område like over og inntil ein riksveg. Vegvesenet ser seg ferdig med rassikrings¬arbeidet, og meinar uttak av stein vil svekke tiltaka som er gjort. Vegvesenet finn dermed å måtte overprøva konklusjonane i dei to geologiske rapportane, ut frå erfaringane med rassikringsarbeidet og eigne geologiske vurderingar. Ut frå ei totalvurdering og prinsippet om ”føre var” har Statens vegvesen kome til at drift av steinbrot her ikkje kan kombinerast med deira mål om ein sikker og trygg veg for dei vegfarande.

Dei kjem difor med motsegn mot den føreslåtte reguleringsendringa. Motsegna er grunngjeve med omsynet til tryggleiken for dei vegfarande på riksvegen. Vidare vil inngrep som må til i samband med ein avkjørsel i tråd med vegnormalane vanskeleg kunna sameinast med vedtaket om vern av rv.550.

Mekling vart gjennomført i møte 9. januar 2008. Spørsmålet om vern av riksvegen vart halde utanfor meklinga. Meklinga førte ikkje fram.

Fylkesmannen reiste i meklinga spørsmål om det var mogleg å ta krav om sikringstiltak i driftsfasen inn i reguleringsføresegnene, for å ivareta naudsynte krav til tryggleik for dei vegfarande. Statens vegvesen viste til at arbeid ved vegen uansett krev løyve frå vegmyndigheit. Dette gjeld uavhengig av reguleringsføresegn. I slike tilfelle vert det stilt naudsynte vilkår/krav med heimel i veglova med forskrifter.

Kommunestyret i Jondal vedtok planen 31. januar 2008, med innarbeiding av merknader frå fylkeskommunen om utviding av planområdet og spesialområde bevaring.

Fylkesmannen i Hordaland oversendte saka i brev av 13. mars 2008. Fylkesmannen kommer ikkje med tilråding i saka, som delvis omhandlar faglege spørsmål knytt til geologi, rassikring og tryggleik for vegfarande. Fylkesmannen viser til at Bergvesenet i brev datert 13. august 2007 uttalar at planen kan gjennomførast reint teknisk, men at ein framleis er noko usikker på om det let seg gjera i høve til ferdsla på riksvegen. Bergvesenet uttalar at Statens vegvesen er rett myndigheit for vurdering av driftsplanen i høve til trafikktryggleiken.

Synfaring har ut frå ei bedøming av at saka var nok opplyst, ikkje funni stad.

Samferdselsdepartementet har innhenta synspunkt frå Vegdirektoratet, som tilrår at motsegna frå Statens vegvesen vert tatt til følgje. Samferdselsdepartementet viser i si vurdering til at dei to geologiske rapportane som er utarbeida konkluderer med at det er fullt moglig å drive steinbrotet på ein trygg måte, men at det må utarbeidast detaljerte planar og rutinar både for arbeidstryggleik og sikker ferdsel på vegen. Samferdselsdepartementet legg vidare vekt på at ei freding av vegstrekninga ikkje skal vera til hinder for lokal utvikling. Under føresetnad av at naudsynte tryggingstiltak vert gjennomførd, slik det er skissert i dei to geologirapportane,  finn Samferdselsdepartementet ikkje at det er grunnlag for motsegna.
I brev av 24.februar 2009 tilrår Samferdselsdepartementet at motsegna frå Statens vegvesen Region vest ikkje blir tatt til følgje.

Miljøverndepartementet si vurdering
Miljøverndepartementet viser til at Statens vegvesen meiner det er ein risiko for uønska hendingar under drift av eit steinbrot i det aktuelle området. Det er i samband med planarbeidet utarbeidd to geologiske rapportar som vurderar moglege tiltak for å ivareta tryggleiken i samband med drift av steinbrotet. Ut frå konklusjonane er det laga eit utkast til driftsplan for steinbrotet, med strenge og til dels kostbare tryggingstiltak. Vegvesenet meiner dei tryggingstiltaka som er lagt inn i driftsplanen ikkje er tilstrekkelege. Kommunen og vegvesenet har dermed ikkje blitt samde om det er rett å tillate steinbrotet ut i frå føre var-prinsippet, og om korleis risikoen ved drift skal handsamas.

Miljøverndepartementet meiner at eit steinbrot i området vil stille store krav til oppfølging både frå kommunen og Statens vegvesen. Plan- og bygningslova §100 stiller krav om at graving, sprenging eller fylling ikkje kan skje utan at det er gjort naudsynte tiltak for sikring mot skade, og for å oppretthalde offentleg trafikk. Vi meiner det vil vere fullt mogleg å drive steinbrotet på ein forsvarleg måte og innafor lovens rammer,  dersom tilstrekkelege ressursar blir sett inn på sikringstiltak. Dette inneber oppfølging av detaljplanar og rutinar for den daglege drifta. Både eigar/driftar av steinbrotet, kommunen og Statens vegvesen vil ha eit ansvar for slik oppfølging. 

Departementet finn dermed ut frå ei samla vurdering at motsegna frå Statens vegvesen ikkje blir tatt til følgje.

Vedtak
I medhald av § 27-2 nr. 2 i plan- og bygningslova av 14. juni 1985 stadfestar Miljøverndepartementet Jondal kommune sitt vedtak av 31. januar 2008 om reguleringsplan for del av ST6 i Kvernuri, Jondal kommune
.

Motsegn frå Statens vegvesen Region vest er dermed ikkje tatt til følgje.

Det stadfesta plankartet og reguleringsføresegner med påteikning om stadfestinga følgjer vedlagt.

Kommunen er gjort kjend med departementet sitt vedtak ved kopi av dette brevet.

 


Med helsing


Erik Solheim

 


Kopi til;
Jondal kommune 5627 Jondal
Hordaland fylkeskommune, postboks 7900, 5020 Bergen
Samferdselsdepartementet
Statens vegvesen, Vegdirektoratet Postboks 8142 Dep, 0033 Oslo
Statens vegvesen Region vest, Askedalen 4, 6863 Leikanger