Eidfjord kommune - motsegn frå fylkesmannen til reguleringsplan for Garen, Sysendalen, del av gnr. 18, bnr. 1 og 5, m.fl.

Miljøverndepartementet tek til følgje motsegn frå Fylkesmannen i Hordaland til reguleringsplan for Garen, Sysendalen, del av gnr. 18, bnr. 1 og 5, med fleire i Eidfjord kommune. Planen tek ikkje nok omsyn til viktige landskapsverdiar og friluftsinteresser. Departementet legg vekt på at Sysendalen er eit område som er nasjonalt viktig for reiseliv og friluftsliv, samt nærleiken til Hardangervidda nasjonalpark og villreinområde.

Miljøverndepartementet viser til brev frå Fylkesmannen i Hordaland av 19. oktober 2009. Saka er i samsvar med plan- og bygningslova av 1985 § 27-2 nr. 2 sendt departe-mentet for endeleg avgjerd. Det ligg føre motsegn frå Fylkesmannen i Hordaland, grunngjeve med at over 200 hytter med bilveg fram til kvar tomt vil medføre vesentlege inngrep i landskapet. Deira syn er at planen må endrast vesentleg for å kunne ta nok omsyn til landskapet og viktige landskapsverdiar.

Miljøverndepartementet tek til følgje motsegn frå Fylkesmannen i Hordaland til reguleringsplan for Garen, Sysendalen, del av gnr. 18, bnr. 1 og 5, med fleire i Eidfjord kommune. Planen tek ikkje nok omsyn til viktige landskapsverdiar og friluftsinteresser. Departementet legg vekt på at Sysendalen er eit område som er nasjonalt viktig for reiseliv og friluftsliv, samt nærleiken til Hardangervidda nasjonalpark og villreinområde.

Bakgrunn for saka
Saka gjeld reguleringsplan for fritidsbustadsfelt ved Garen i Sysendalen, Eidfjord kommune, der Fylkesmannen i Hordaland ved miljøvernavdelinga har fremja motsegn. Kommunedelplan for Eidfjord, delområde Sysendalen, vart godkjent 24.01.2005. Garen-området er her avsett til byggjeområde i ymse kategoriar (næring/bustadhus/fritids-hus), samt landbruks-, natur og friluftsområde (LNF-område).

Planoppstart for reguleringsplanen vart varsla 4. desember 2003. Første planframlegg vart lagt ut til offentleg ettersyn den 18. juni 2006. Fylkesmannen fremja motsegn mot planen. Det vart utarbeidd nytt planframlegg der ein reduserte talet hytter og arealet til hyttebygging, og justerte vegsystemet. Framlegget vart lagt ut til nytt etter¬syn i juli 2007.

Hordaland fylkeskommune viser i høyringsuttale datert 27.august 2007 til at Rv.7 har turistvegstatus, Eidfjord har cruisehamn og Sysendalen er innfallsport til Hardanger-vidda nasjonalpark. Området er difor eit utstillingsvindauge både på nasjonalt og regionalt nivå. Det må derfor stillast ekstra store krav til kvalitet når det gjeld omfang og utforming av utbygginga, og at bygga inngår i ein god heilskap. Oppsummert rår fylkeskommunen i frå planforslaget, av omsyn til landskap og friluftsliv. Dei ber om at talet på hytter vert redusert, og at det vert sett øvre grense på hyttestorleik. I nærings-området rår dei til å halde på 9 m som maks mønehøgd. Vidare rår fylkeskommunen til at det interne vegnettet blir korta inn og lagt om, slik at det ikkje oppstår konflikt med grønnstruktur og løype¬nedfart.  Det må gå klårt fram av føresegnene om vegane skal vera heilårsvegar.

Fylkesmannen i Hordaland ved miljøvernavdelinga framsette motsegn i brev datert 15. august 2007. Den 30. oktober 2008 godkjente planutvalet i Eidfjord eit redusert planutkast. Fylkesmannen oppretthaldt i brev datert 28.januar 2009 motsegna av di  planen framleis ikkje tek nok omsyn til viktige landskapsverdiar og frilufts¬interesser. I motsegna viser fylkesmannen til fleire forhold som i sum gjer at planen vert eit for stort inngrep i landskapet. Mellom anna er det for høg utnytting, og vegar bryt opp gjennom-gåande turvegar, stiar og løyper. Konsentrert utbygging er bra, men denne planen har så stort tal hytter og slik utforming av infrastrukturen at det vert vanskeleg. Planfor-slaget er ikkje i sam¬svar med kommuneplanen sine avgrensingar. Dette er likevel underordna ei betre landskapstilpassing på utbygginga totalt sett. Området er ekspo-nert frå Hardangervidda-sida, så dei opne områda bør ein ikkje bygge på, men heller konsentrere hyttene til skogkledde område. I e-post datert 30. april 2009 konkluderar miljøvernavdelinga med at kommunen må vera villig til å diskutera ein monaleg reduk-sjon av hytter, konsentrering av hyttene til dei minst eksponerte områda og reduksjon i vegbygging. Fylkesmannen peikar og på at det er problematisk å opne for tett utbyg-ging i eit felt når det ikkje er teke stilling til total utbygging i Sysendalen, og meiner at kommunen må vurdera den samla utbygg¬inga i Sysendalen i høve til press på Hardangervidda villreinområde.

Mekling. Fylkesmannen har kome til at det ikkje var grunnlag for mekling i dette tilfellet. Det har vore uformelle drøftingar mellom fylkesmannen og kommunen.

Kommunestyret i Eidfjord vedtok planen 11. mai 2009 utan at motsegna var løyst.

Fylkesmannen i Hordaland oversendte saka til Miljøverndepartementet i brev av 19. oktober 2009. Fylkes¬mannen viser til at det i dette tilfellet er grunnleggjande usemje mellom kommunen og regionale planmyndigheiter om prinsippa som skal leggjast til grunn ved utbygging i eit sårbart område, i randsona til Hardangervidda nasjonalpark. Sjølv om kommunedel¬planen opnar for utbygging, er den av grovmaska karakter, og seier svært lite om den nærare utnyttinga/utbygginga av området, herunder estetikk, vegbygging, terreng¬inngrep, friluftsliv, natur, med meir. Den samla utbygginga i Sysendalen bør og vurder¬ast i høve til press på Hardangervidda villreinområde. Det er etter fylkesmannen sitt syn problematisk å opna for tett utbygging i eit hyttefelt når det ikkje er teke stilling til total utbygging.
Fylkesmannen rår på denne bakgrunnen til at motsegna vert teken til følgje.

Synfaring skjedde 17. desember 2009 med representantar for kommunen, grunn-eigarane og deira konsulent, Fylkesmannen i Hordaland, miljøvernavdelinga hos fylkesmannen, Direktoratet for naturforvaltning og Miljøverndepartementet.

Direktoratet for naturforvaltning (DN) uttalar i brev av 27. januar 2010 at reguler-ingsplanen for Garen legg opp til ei utbygging av fritidsbustader som ikkje tek godt nok vare på viktige landskapsverdiar i eit område der det bør stillast store krav til landskaps-tilpassing. Planområdet Garen ligg i eit område som er nasjonalt viktig for reiseliv og friluftsliv, og DN meiner difor at det må stillast særlege krav til utbyggar når det gjeld landskapstilpassing.

DN er samd med Eidfjord kommune i at det skal leggjast opp til ei god utnytting av areala. Tett utnytting stiller store utfordringar til planarbeidet og plangrunnlaget for å få til god tilpassing til landskapet.

DN kan ikkje sjå at framlegget til avgrensing av utbyggingsområde, utforming av veg-system, plasser¬ing og inndeling av tomter på plankartet og dei krav som er sett opp i reguleringsføre¬segnene, sikrar ei tilfredsstillande landskapstilpassing. DN er samd med Fylkesmannen i Hordaland i at gjennomføring av planen vil gi ei utbygging som ikkje er godt nok tilpassa landskapet.

For å gi dei som skal bruke fritidsbustadene i området gode tilhøve for å drive frilufts¬liv, meiner DN at det bør leggjast inn i planen ein opparbeida gjennomgåande sti og løype aust – vest langs dei øvre delar av planområdet. Ein slik sti vil og gjera det lettare for dei som held til i tilgrensande hyttefelt og ønskjer å passera forbi Garenfeltet. Dette vil for bruk¬arane auke kvaliteten på planområdet, og eit slikt gjennomgåande sti- og løypesamband vil styrke tilhøva for friluftsliv og aktivitetar i heile Sysendalen. DN synest ikkje det er tilfredsstillande at ein legg opp til at dei som skal på tur frå fritids-bustadene skal nytta køyrevegane i feltet for å kome seg til turstiar i nærleiken.

DN tilrår at motsegna frå fylkesmannen vert teken til følgje.

Miljøverndepartementet si vurdering
St.meld. nr. 26 (2006-2007) ”Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand” har som viktige nasjonale arealpolitisk føringar at:
”Det er et nasjonalt mål at fritidsbebyggelsen ikke skal redusere store sammenhengende naturområder og viktige naturverdier, kulturmiljø og verdifulle landskap. Utbyggingen av fritidsboliger skal skje med vekt på hensynet til ressurs¬bruk og estetikk” 
”Fjellområdene skal forvaltes som landskap der kultur- og natur¬ressursene, næringsmessig utnytting og friluftsliv sikres og gjensidig utfyller hverandre.”

Departementet legg vekt på at Hardangervidda nasjonalpark grenser til Sysendalen på sørsida. Hyttefeltet ved Garen vil bli godt synleg frå heile dalen og vera eksponert frå Hardangervidda. Rv.7 går gjennom planområdet og har status som nasjonal turistveg. I tillegg ligg Vøringsfossen, ein av dei mest besøkte turistattrak¬sjonane i landet, rett vest for planområdet. Utbygging i eit plan¬område som ligg eksponert til i ein dal som er så viktig for reiseliv og friluftsliv set særlege krav til kvalitet og ivaretaking av landskaps-verdiane. Det er viktig at det blir lagt vekt på å sikre landskaps¬verdiane som gjer området attraktivt for dei som reiser gjennom området, fritidsbustadseigarar og andre brukarar. Området er nærområde til Hardangervidda nasjonalpark. Presset dette og dei andre områda for hytter/fritidsbustader i Sysendalen kan utgjera på Hardangervidda villreinområde må og vurderas.

Kommuneplanen opnar for at det kan gjennomførast store utbyggingar i Sysendalen, og det er allereie stor utbyggingsaktivitet i dalen. Delar av området inntil planområdet er utbygd, og det er ein stor ferdig regulert tomtereserve i området. Land¬skapet i og rundt Sysendalen er som omtala eit nasjonal og regionalt viktig landskap og eit krevjande område å plan¬leggja i. Det treng ikkje vere nokon grunnleggjande motsetning mellom utbyggingar av det omfanget planen legg opp til, og at ein får til ei god tilpassing av ut-byg¬gingane i landskapet. Dette vil krevje bevisst planlegging og detaljert styring . At det vert lagt opp til tett utnytting, stor grunnflate og høgde, samt vinterbrøyta vegtilkomst til gjer at ein står overfor store ekstra utfordringar i planleggingsprosessen.

Miljøverndepartementet er samd med fylkesmannen, fylkeskommunen og Direktoratet for natur¬forvaltning i deira planfaglege vurderingar når det gjeld natur og frilufts¬liv. Vi støtter deira vurdering av at gjennomføring av planen vil innebera eit stort visuelt inn-grep i landskapet. Dei har synliggjort at viktige landskapskvalitetar i området kan gå tapt dersom føreliggjande planforslaget for Garen vert godkjent.

Det er departementet sitt syn at det må gjeras fleire endringar i planen for å få til ei akseptabel landskapstilpassing. Mellom anna må storleik, høgde og plassering av fritidsbustadene vurderast nærare. Samla sett vil utbygging etter planforslaget kunne gi store negative konsekvensar for landskapet. Departementet kan ikkje sjå at det ved avgrensing av byggeområde, utforming av vegsystem, inndeling av tomter på plankartet og i reguler¬ings¬føresegnene er lagt opp til ei tilfredsstillande styring av utbygginga.

Fylkesmannen, fylkeskommunen og Direktoratet for naturforvaltning (DN) har alle gjeve innspel til vidare arbeid med planen. Mellom anna peiker dei på at storleiken og høgda på kvar fritidsbustad må reduserast og differensierast. I dei høgareliggande og mest eksponerte delar av planområdet bør det leggjast opp til mindre storleik og lågare bygningar. Omfanget av vinterbrøyta vegtil¬komstar må reduserast. Planane må ta omsyn til turtraséar, stiar og løyper i området, slik DN peikar på i sin uttale. Miljøvern-departementet meiner planen må omarbeidast på ein måte som tek omsyn til desse innspela.

Miljøverndepartementet finn ut frå ei samla vurdering at motsegna frå fylkesmannen må takast til følgje, og at planen må endrast vesentleg for å kunne ta nok omsyn til landskapet og viktige friluftsinteresser, og til nærleiken til Hardangervidda nasjonal¬park og villreinområde.

Vedtak
I medhald av § 27-2 i plan- og bygningslova av 14. juni 1985 finn Miljøvern-departementet ikkje å kunne stadfeste reguleringsplan for Garen, Sysendalen, del av gnr. 18, bnr. 1 og 5, med fleire i Eidfjord kommune. Motsegna frå Fylkesmannen i Hordaland er dermed teken til følgje.

Kommunen er gjort kjend med departementet sitt vedtak ved kopi av dette brevet.


Med helsing


Erik Solheim

 


Kopi til;
Eidfjord kommune, Simdalsvegen 1, 5783 Eidfjord
Hordaland fylkeskommune, Pb. 7900, 5020 Bergen
Direktoratet for naturforvaltning, 7485 Trondheim