Os kommune – motsegn til reguleringsplan for Leirvika Søvik

Miljøverndepartementet stadfestar ikkje reguleringsplan for Leirvika Søvik i Os kommune fordi utbygginga ikkje er i samsvar med nasjonal strandsone-politikk. Motsegna frå fylkesmannen blir såleis tatt til følgje. Utbygginga er i tillegg uheldig ut frå trafikkomsyn, jfr. motsegna frå Statens vegvesen.

Os kommune – motsegn til reguleringsplan for Leirvika Søvik
Saka er oversendt Miljøverndepartementet til avgjerd etter den tidlegare plan- og bygningslova § 27-2 nr. 2 ved fylkesmannen sitt brev 5. november 2009.

Miljøverndepartementet stadfestar ikkje reguleringsplan for Leirvika Søvik i Os kommune fordi utbygginga ikkje er i samsvar med nasjonal strandsone-politikk. Motsegna frå fylkesmannen blir såleis tatt til følgje. Utbygginga er i tillegg uheldig ut frå trafikkomsyn, jfr. motsegna frå Statens vegvesen.

Bakgrunn

Forslag til reguleringsplan for Leirvika Søvik i Os kommune blei lagt ut til offentleg ettersyn 24. januar 2008.  Planområdet er på om lag 11 dekar, med 6 dekar på land. Det er frå før 2 bustadhus og 2 naust der. Planen opnar for oppføring av 2 fritidsbustader for utleige, 2 naust og omgjering av eit av dei eksisterande nausta til fritidshus.

Statens vegvesen hadde motsegn til planforslaget 4. februar 2008. Dei meiner trafikktryggleiken ikkje er godt nok avklara i planframlegget, og ber om at kommunen tek kontakt for vidare drøfting av trafikksituasjonen på og langs fylkesveg 163. Dei viser til tidlegare brev 2. mai 2007. Der går det fram at planområdet grenser inn til fylkesvegen, som har svært dårleg standard og manglar tilbod til mjuke trafikantar. Vegen er mykje nytta til skuleveg, og dei har motteke fleire meldingar om utrygg skuleveg. Statens vegvesen meiner at det ikkje må gjevast løyve til meir utbygging i dette området før ny veg er bygd.

Fylkesmannen i Hordaland hadde motsegn til planforslaget 18. februar 2008. Fylkesmannen viser til at heile planområdet ligg på nedsida av hovudvegen ned mot sjøen, og er landbruks-, natur- og friluftsområde i kommuneplanen. Planen er difor i strid med overordna arealplan, og fylkesmannen meiner den bryt med strandsonevernet gjennom nedbygging og privatisering av strandsona.

Fylkeskommunen frårådde 11. mars 2008 at det vert regulert nye naust og utleigehytter i strandsona, og at eksisterande naust vert omregulert til fritidshus. Fylkeskommunen meiner etablering av naust og utleigehytter er i strid med fylkesplanen sine retningsliner for strandsona. Dei peiker på at bygging av naust vil krevje sprenging og store inngrep i strandsona.

Os kommunestyre vedtok reguleringsplanen 21. april 2009. Kommunen sende saka til fylkesmannen ved brev 2. september 2009. I brevet er det gjort greie for planarbeidet, som har utgangspunkt i framlegg frå eigaren av gnr 17 bnr 6, Jon Søvik.

Fylkesmannen tilrådde i oversendingsbrevet 5. november 2009 at motsegna tas til følgje og at planen ikkje vert stadfesta. Fylkesmannen viser til at Os er ein bynær kommune med generelt utbyggingspress, ikkje minst i 100-metersbeltet langs sjøen. Fylkesmannen meiner det er viktig at kommunen disponerer arealet i samsvar med overordna plan, og viser til at arealet har vært vurdert og ikkje blitt godkjent for utbygging i kommuneplanprosessen.

Synfaring blei gjennomført 9. februar 2010. Til stades var representantar frå Os kommune, Fylkesmannen i Hordaland, Hordaland fylkeskommune, Statens vegvesen, Direktoratet for naturforvaltning og Miljøverndepartementet. Grunneigaren var og til stades.

Direktoratet for naturforvaltning tilrådde i brev 2. mars 2010 at departementet tek motsegna til følgje, ut frå den nasjonale strandsonepolitikken og generelle landskapsomsyn. Direktoratet meiner Leirvika bør vidareførast som eit attraktivt lite område for friluftsliv for framtida.

Miljøverndepartementet si vurdering

Hovudspørsmålet i denne saka er om det skal opnast for vidare bygging i strandsona slik reguleringsplanen legg opp til. I tillegg er det spørsmål om trafikktryggleik i høve til fylkesvegen. Området er i arealdelen til gjeldande kommuneplan frå 2003 vist som landbruks-, natur- og friluftsområde.

Det er eit nasjonalt mål å unngå bygging i strandsona, slik det kjem til uttrykk i det generelle byggjeforbodet i 100-metersbeltet langs sjøen i plan- og bygningslova. I den første Soria Moria-erklæringa er det uttalt at regjeringa vil stanse nedbygginga av strandsona, og leggje opp til ei sterkare geografisk differensiering der vernet er strengare i område med sterkt konkurranse om strandsona. I St.meld. nr. 26 (2006-2007) Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand er det uttalt at regjeringa ønskjer ein tydelegare og meir langsiktig strandsonepolitikk.

Den nye plan- og bygningslova gir eit klårt signal til kommunane om ein strengare praksis for bygging nær sjøen. Det går fram av lova at det her skal takast særleg omsyn til natur- og kulturmiljø, friluftsliv, landskap og andre allmenne interesser.

I fylkesplan for Hordaland er det gitt nærare retningsliner for strandsona, og Hordaland fylkeskommune har vist til at utbygginga er i strid med desse retningslinene.

Os kommune er ein kommune med stort byggjepress på strandsona. Heile planområdet ligg i 100-metersbeltet, i bratt terreng mellom fylkesvegen og sjøen. Vidare nedbygging av strandsona her vil hindre allmenn bruk og gi inngrep i landskapet. Bygging av nausta vil krevje omfattande sprenging. Bygging av  fritidsbustader så nær sjøen er ikkje i samsvar med målet om å halde strandsona tilgjengeleg og open for allmenn bruk. Omgjering av eksisterande naust til fritidsbustad gir og sterkare privatisering.

Miljøverndepartementet meiner såleis at utbygginga i reguleringsplanen ikkje er i samsvar med nasjonal strandsonepolitikk.

I tillegg gjer motsegna frå Statens vegvesen at reguleringsplanen ikkje bør stadfestast.  Denne motsegna er grunngjeve med omsynet til trafikktryggleiken på fylkesvegen, som også vert nytta til skuleveg. Miljøverndepartementet har ikkje fagleg grunnlag for å overprøve denne vurderinga. 

      Vedtak 

I medhald av plan- og bygningslova § 27-2 stadfestar Miljøverndepartementet ikkje Os kommunestyre sitt vedtak 21. april 2009 om reguleringsplan for Leirvik Søvik.

Med helsing


Erik Solheim
   
 
Kopi:
Os kommune
Direktoratet for naturforvaltning
Samferdselsdepartementet
Jon Søvik, 5215 Lysekloster
Hordaland fylkeskommune