Masfjorden kommune – kommuneplan 2014 - 2020, arealdelen, motsegn frå Kystverket, utelating av ankringsplass ved Haugsøytangen

Departementet vedtek at arealet ved Haugsøytangen vert sett av til fleirbruksområde i sjø for ferdsel, fiske, natur og friluftsliv, slik det er teikna inn på kommuneplankart frå 2005, vedteke av kommunestyret den 23. februar 2006. Vedtaket inneber at det ikkje vil vere i strid med planen å nytte hovuddelen av området til ankring fram til det er ei endeleg avklaring av arealbruken. Kommunal- og moderniseringsdepartementet tek med dette motsegna frå Kystverket delvis til følgje.

Fylkesmannen i Hordaland sendte den 5. juli 2013 saka til departementet for avgjerd etter plan- og bygningslova § 11-16, jf. § 5-6. Naudsynte saksdokument vart ettersendt den 13. februar 2014. 

Kystverket har motsegn til planen på grunn av manglande avsetting av ankringsplass ved Haugsøytangen. Som følgje av at Masfjorden kommune ikkje har handsama ankringsområde i kommuneplanen, har ikkje verknadene av ankring for miljøomsyn, risiko og sårbarheit vore belyst. Departementet ser at det er behov for eit ankringsområde i tilknyting til drifta ved Mongstad/Gulen i tillegg til ankringsområde ved Fonnesflaket. Sidan prosessen har vore mangelfull, ligg det ikkje føre tilstrekkeleg dokumentasjon for å kunne ta stilling til om området skal visast som fast ankringsområde. 

Departementet vedtek at arealet ved Haugsøytangen vert sett av til fleirbruksområde i sjø for ferdsel, fiske, natur og friluftsliv, slik det er teikna inn på kommuneplankart frå 2005, vedteke av kommunestyret den 23. februar 2006. Vedtaket inneber at det ikkje vil vere i strid med planen å nytte hovuddelen av området til ankring fram til det er ei endeleg avklaring av arealbruken. Kommunal- og moderniseringsdepartementet tek med dette motsegna frå Kystverket delvis til følgje.  

Kommunen må i samarbeid med Kystverket avklare området for ankring gjennom ein planprosess med utgreiing av konsekvensane, samt ROS-analyse etter plan- og bygningslova.
 

Bakgrunn
Saka gjeld eit sjøareal som Kystverket vil ha sett av i kommuneplanen som ankringsplass for skip, mellom anna knytt til verksemda på Mongstad. 

Kystverket har reist motsegn til kommuneplanen med følgjande grunngjeving: Haugsøytangen peikar seg ut som den einaste staden i heile området, utanom Fonnesflaket, med eigna tilhøve for ankring. Ankringsområdet reduserer risikoen for uønska hendingar fordi det er den sikraste staden for oppankring i området. Vidare er Haugsøytangen rekna som ideell for å ha skip liggjande på staden. 

Kommunen har ikkje teke motsegna til følgje, då dei meiner at ankringsområdet råkar viktige natur- og friluftsområde. Dei viser også til at motsegna kom seint i planprosessen og meiner Kystverket dermed ikkje har rett til å fremje motsegn. 

Kommuneplanen for Masfjorden kommune vart vedteken 31. mai 2012, med unntak av areal på Haugsøytangen, som er omfatta av motsegna frå Kystverket. 

Mekling vart halde den 24. april 2013. Meklinga førte ikkje fram og fylkesmannen bad begge parter kome tilbake skriftleg, innan 1. juni, med ei utgreiing for saka og sitt syn. 

Kystverket framhevar i brev av 3. juni 2013 at saka gjeld eit svært viktig ankringsområde som dei har bede kommunen å ta inn i arealplanen. Kystverket viser til at dei i første høyring av planen sa tydeleg frå om at omsyn til ankringsområdet måtte ivaretakast. Kystverket meiner at kommunen skulle ha gitt ei tilbakemelding dersom dei ikkje tok omsyn til innspelet. 

Kystverket viser vidare til den interkommunale planen for Fensfjorden, som omfattar Masfjorden kommune og ankringsområdet på Haugsøytangen. Masfjorden kommune ville heller ikkje ha ankringsområdet  inn i den interkommunale planen på grunn av usemja mellom kommunen og Kystverket. Kystverket meiner at om ankringsområdet går fram eller ikkje av kommunens arealplan, ikkje er avgjerande for om området kan brukast til ankring. I utgangspunktet er det tillate med ankring overalt i fjorden. Masfjorden kommune sitt standpunkt i saka kan uansett ikkje hindre ankring på staden. 

Kommunen kan heller ikkje hindre at området kan brukast som naudhamn. På den andre sida utelukkar ikkje ankringsområdet andre aktivitetar eller føremål i det same området. 

Kystverket ber om at motsegna vert teken til følgje, slik at ankringsområdet vert teke inn i arealplanen med tilhøyrande kart. 

Masfjorden kommune skriv i brev av 21. juni 2013 at Kystverket si oppmoding om å ta inn ankringsområde utanfor Haugsøytangen kom som ei overrasking. Kartfesting av dette ankringsområdet har ikkje vore kommunisert til kommunen tidlegare. Det kartfesta området ligg langt inn i område som er sett av til viktig friområde i sjø, og er i konflikt med eit fiske­område. Området er i bruk med fiskereiskap som garn og teiner og kommunen ser ikkje at dette kan kombinerast med ankring. 

Kommunen har som ei hovudsatsing i arealdisponeringa at skjergarden i ytre Masfjorden skal vere eit friluftsområde. Kommunen viser til at skjergarden i Masfjorden og indre del av Gulen er mykje nytta til friluftsliv. Området (kalla Herøyosen) har fått verdi som viktig regionalt friluftsområde i kartlegging gjort av Hordaland fylkeskommune i 2008. Store delar av området er vurdert som inngrepsfritt (INON), og det er fleire sjøfuglreservat og prioriterte naturtypar innafor området. Det verna Yndesdelsvassdraget har utløp her og vassdraget er viktig for laksefiske. Kommunen meiner at alle desse omsyna gjer det naudsynt med ei konsekvensutgreiing før området kan setjast av som ankringsområde i kommuneplanen, og før det vert laga lokale retningsliner av Kystverket Vest. 

Kystverket gjorde Masfjorden kommune kjend med at området utanfor Haugsøytangen var utpeikt som naudhamn i 2008. Kommunen har ikkje sagt seg ueinig i dette. 

Fylkesmannen har i si oversending av saka til departementet 5. juli 2013 ikkje gitt noko tilråding. Fylkesmannen gjer merksam på at det kan sjå ut til at det her er to ulike prosessar som treng ei betre samordning. 

Synfaring og møte i saka vart halden den 25. mars 2014. 

Samferdselsdepartementet har i si fråsegn den 19. august 2014 vist til at området ligg innanfor hovudlei/bilei og at det er staten som har forvaltingsansvar og myndigheit her etter havne- og farvannsloven § 7. Søknader om tiltak i området må difor ha løyve frå Kystverket. Kystverket kan avslå tiltak, eksempelvis kablar og akvakulturanlegg, som er i konflikt med viktige nautiske behov. 

Ankringsplassen ved Haugsøytangen er av vesentleg nasjonal og/eller regional interesse, både for å sikre effektiv trafikkavvikling inn til Mongstad, og av omsyn til sjøsikkerheit og beredskap mot akutt forureining. For å hindre at ankringsområdet blir disponert til føremål og tiltak som ikkje kan kombinerast med oppankring, bør ankringsområdet synleggjerast i arealplanen. Samferdselsdepartementet ber difor om at motsegna frå Kystverket vert teken til følgje.
 

Departementet sine vurderingar: 

Om fristen for å fremje motsegn vart halden
I saka stiller kommunen spørsmål ved om Kystverket har rett til å fremje motsegn når det skjer seint i planprosessen. Innspel skal gjevast tidleg og tydeleg og kommunen skal vurdere desse innspela vidare i planprosessen. Det er i tråd med plan- og bygningslova sin intensjon at dialog i planprosessen ikkje skal skje på grunnlag av motsegnsvarsel, men på grunnlag av dei nasjonale interessene som blir varsla i saka. Departementet viser til at Kystverket tidleg spelte inn at omsynet til ankringsområdet ved Haugsøytangen måtte takast inn i arealdelen av kommuneplanen. Departementet finn difor at det er grunnlag for å handsame motsegna. 

Behovet for å setje av eit ankringsområde ved Haugsøytangen
Det er utarbeidd ein interkommunal plan for Fensfjorden som mellom anna skulle: ”Finne gode og sameinte løysingar for eventuell plassering av oppankringsplassar for skip, riggar, industri- og ventekaier og ventebøyer”. I planen blei det mellom anna sett av fire nye lokalitetar til ventebøyer. På synfaring i saka kom det fram at berre ei ventebøye var etablert, men den var ikkje i bruk. 

Kystverket har i prosessen påpeika at det er naudsynt med eit ankrings­område i Fensfjorden i tillegg til det som ligg ved Fonnesflaket. Ankringsområdet ved Haugsøytangen var difor med i det tidlege arbeidet for den interkommunale planen, men Masfjorden kommune motsette seg dette, og ankringsområdet blei teke ut før offentleg ettersyn. 

Masfjorden kommune er lokalisert i ein fjord med stor sjøtrafikk og må ta omsyn til dette i planlegginga si. Fensfjord­bassenget er eit av dei mest trafikkerte sjøområda i Noreg ved sida av Boknafjorden i Rogaland. Det aktuelle ankringsområdet ligg i ytterkant av kommunen sitt sjøareal og med fritt utsyn til Mongstad. Ankringsområdet ligg innanfor verkeområdet til Fedje trafikksentral og blir dermed tettare følgd opp enn andre ankringsområde. 

Utgangspunktet er fri ferdsle til havs. Dette gjeld også ankring. På grunn av aukande aktivitet i sjøareala, er det viktig med føreseielege arealplanar. Det er difor ønskeleg at viktige ankringsområde vert vist i kommuneplanen, mellom anna for å sikre arealet mot anna verksemd som vil vere i konflikt med eit ankringsområde, til dømes nye sjøkablar og anlegg for akvakultur. 

Omsyn til miljø
Kommunen har framheva at området er ein flott skjergard med store natur- og friluftslivsverdiar. Departementet viser til at ein i planlegginga skal ta omsyn til slike verdiar. Dersom Haugsøytangen skal visast som ankringsområde i kommuneplanen, må dette avklarast gjennom ein planprosess der verknadene av ankring for miljøomsyn og risiko og sårbarheit vert belyst. Krav til avbøtande tiltak for området av omsyn til miljøet må også sjåast i samanheng med reglane som Kystverket og Fedje trafikksentral har for bruken av området. 

Reglar for bruk av Haugsøytangen
Bruken av Haugsøytangen, som er innanfor Fedje trafikksentral sitt område, er regulert av forskrift 15.12.2009 nr. 1684 om sjøtrafikk i bestemte farvann (sjøtrafikkforskriften). Sjøtrafikkforskriften er fastsett av tidlegare Fiskeri- og kystdepartementet, og har vore på alminneleg høyring slik utgreiingsinstruksen krev. Sjøtrafikkforskriften § 15, 1. ledd nr 4 slår fast at det er krav om løyve frå trafikksentralen før fartøy ankrar. Når trafikksentralen handsamar ein slik søknad, har den etter alminneleg vilkårslære og etter sjøtrafikkforskriften § 17 høve til å stille vilkår til løyvet dersom ”…omsynet til sikkerheten eller effektiv trafikkavvikling gjør det nødvendig…”. Slike vilkår vert altså stilt ut frå ei rein nautisk vurdering av omsyn til tryggleiken og trafikkavviklinga i området, og vilkåra kan tilpassast det enkelte tilfellet.

Konklusjon
Kommunal- og moderniseringsdepartementet viser til Samferdselsdepartementet si fråsegn i saka. Der går det fram at det er behov for eit ankringsområde ved Haugsøytangen. Sidan ankringsområdet ikkje har vore handsama i kommuneplanprosessen, ligg det ikkje føre tilstrekkeleg dokumentasjon til at Kommunal- og moderniseringsdepartementet kan ta stilling til lokaliseringa. 

Dersom området skal visast som fast ankringsplass i kommuneplanens arealdel, må verknadene av ankring for miljøomsyn, risiko og sårbarheit vurderast i ein komande planprosess. Dette kan til dømes skje gjennom revisjon av kommuneplanen, kommunedelplan eller ein eigen reguleringsplan. Bakgrunnen for dette er at endringar av arealføremål i kommuneplanen må vere ein del av arealplanen som ligg ute til høyring og offentleg ettersyn. Krav til avbøtande tiltak for området må sjåast i samanheng med reglane som Kystverket og Fedje trafikksentral har for bruken av området. 

I kommuneplanen for 2005–2016 for Masfjorden var hovuddelen av Haugsøytangen vist som fleirbruksområde i sjø. Berre ein liten del var vist som natur- og friluftsområde og gyte­område. Departementet vedtek å vidareføre arealformåla i kommuneplanen frå 2005 innanfor ankringsområdet. Vedtaket inneber at det ikkje vil vere i strid med planen å nytte den delen av ankringsområdet som er sett av til fleirbruksområde til ankring, fram til det ligg føre ein ny plan. 

Detgår fram av plan- og bygningslova § 3-7 at styresmakter med ansvar for større samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur kan utarbeide og fremje forslag til planar. Denne regelen kan nyttast dersom kommunen ikkje vil setje i gong planarbeidet og Kystverket ser det som naudsynt å få ei rask avklaring. 

Kommunal- og moderniseringsdepartementet tek med dette motsegna frå Kystverket delvis til følgje.
 

Vedtak:

I medhald av plan- og bygningslova § 11-16 andre ledd vedtek Kommunal- og moderniseringsdepartementet at arealføremåla i kommuneplanen frå 2005 blir vidareført innanfor ankringsområdet ved Haugsøytangen, slik det er vedteke av kommunestyret den 23. februar 2006.

Området sett av til fleirbruksområde for ferdsel, fiske, natur og friluftsliv kan nyttast til ankring fram til det ligg føre ei endeleg avklaring av arealbruken. 

Det vert gjeve følgjande føringar for vidare oppfølging:

a) Dersom Haugsøytangen skal visast som ankringsområde i kommuneplanen, må dette avklarast gjennom ein planprosess der verknadene av ankring for miljøomsyn, risiko og sårbarheit vert belyst.  

b) Krav til avbøtande tiltak for området må sjåast i samanheng med reglane som Kystverket og Fedje trafikksentral har for bruken av området.

Departementet legg til grunn at kommunen endrar plankartet i samsvar med dette vedtaket.

Det vert vist til reglane i plan- og bygningslova § 11-15 andre ledd om kunngjering av vedteken kommuneplan.

Masfjorden kommune er gjort kjent med departementet sitt vedtak ved kopi av dette brevet.
 

Med helsing

Jan Tore Sanner

 

Kopi:
Kystverket Vest
Samferdselsdepartementet
Klima- og miljødepartementet
Hordaland fylkeskommune
Masfjorden kommune