Haram kommune - detaljregulering for Longva fiskerihamn

Kommunal- og moderniseringsdepartementet stadfestar Haram kommune sitt vedtak av detaljregulering for Longva fiskerihamn. Vedtaket inneber at områda N/L-1 og N/L-2 kan nyttast til føremål naust/lager.

Vi viser til brev frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal 16. februar 2017, der detaljregulering for Longva hamn vert sendt til Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Saka er sendt i brev frå fylkesmannen for handsaming etter plan- og bygningsloven § 12-13 andre ledd fordi Kystverket har fremja motsegn til planområda N/L-1 og N/L-2 i indre del av hamneområdet. Møte og synfaring vart gjennomført med dei involverte partane 24. april 2017.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har mottatt brev frå Samferdselsdepartementet 8. desember 2017, der det framgår at Longva hamn ikkje lenger er klassifisert som ei næringsaktiv fiskerihamn. Samferdselsdepartementet skriv at det difor ikkje er aktuelt å halda ved lag motsegna frå Kystverket knytt til planområda N/L-1 og N/L-2.

I retningslinjer for motsegn i plansaker etter plan- og bygningslova (rundskriv H-2/14) pkt. 4.4 står det at departementet skal fatte det endelege vedtaket i saka, jamvel om det organet som har fremja motsegn eller overordna organ har endra standpunkt etter at Kommunal- og moderniseringsdepartementet har mottatt saka.

Vedtak

Kommunal- og moderniseringsdepartementet stadfestar Haram kommune sitt vedtak av detaljregulering for Longva fiskerihamn av 15.12.2016. Vedtaket inneber at områda N/L-1 og N/L-2 i føresegn 3.2 kan nyttast til føremål naust/ lager.

Kommunen er gjort kjend med departementet sitt vedtak med kopi av dette brevet.
 

Med helsing

Jan Tore Sanner

 

Kopi:
Haram kommune
Kystverket
Møre og Romsdal fylkeskommune
Samferdselsdepartementet