Reguleringsplan for Bergmesteren Raudsand - avgjerd av motsegn

Kommunal- og moderniseringsdepartementet godkjenner reguleringsplan for Bergmesteren Raudsand med endringar i føresegnene. Departementet legg vekt på at planlagd arealbruk ikkje kjem i konflikt med nasjonale eller vesentleg regionale interesser knytt til naturmangfald, landskap, friluftsliv, kulturminner, fiskeri og akvakultur. Departementet legg og vekt på det lokale ønsket om å få rydda opp etter tidlegare gruveverksemd, og om å etablere nye arbeidsplassar som kan motverke nedgang i folketal og styrke grunnlaget for busetnad i området. Utslepp frå det planlagde anlegget må greiast ut ved handsaming av søknader om løyve etter forureiningslova.

Bakgrunn

Kommunal- og moderniseringsdepartementet viser til fylkesmannen sitt brev av 16.08.2019 og dokumenta i saka. Tidlegare Nesset kommune har vedtatt reguleringsplan for Bergmesteren Raudsand med motsegn frå Gjemnes, Sunndal og Tingvoll kommunar, og frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Saka er send Kommunal- og moderniseringsdepartementet for avgjerd etter plan- og bygningslova § 12-13.

Formålet med reguleringsplanen er å legge til rette for eit anlegg for handsaming og deponering av uorganisk farleg avfall, i eit nedlagt gruveområde på Raudsand. Planen legg og grunnlag for avslutning av eksisterande deponi for industriavfall og etablering av nye deponi for inert og ordinært avfall.

Planområdet er om lag 1885 daa stort, og strekker seg frå Tingvollfjorden til høgspentlina øst for Fornahøgdin, om lag 420 m.o.h. Området er prega av mange års industri- og gruveverksemd med underjordiske gruvegangar, dagbrot og avfallsdeponi. I nord er planområdet avgrensa av Holåvollbekken og grensa mot Gjemnes kommune. Bergmesteren Raudsand AS har løyve til mottak av massar i samband med pålegg om tildekking av industriavfall i deponi 1 og 2. Verksemda Real Alloy AS er og etablert innanfor området. Bygda Raudsand ligg om lag ein km sør for industriområdet.

Innanfor området som er regulert til industriformål (174 daa), er det tillate å oppføre industri- og kontorbygg, etablere djupvasskai på fylling i sjø, pukkverk, nye vegar m.m. Omsynssoner for støy, ras-, skred-, flom-, brann- og eksplosjonsfare er vist på plankartet, og planen har føresegner om avbøtande tiltak for å ivareta samfunnstryggleik. Under bakken er det avsett areal til fjellhallar (920 daa) der ein skal deponere stabilisert farleg avfall. Dei planlagde fjellhallane ligg under havnivå, om lag 1 km vest for Tingvollfjorden, og vil ha tilkomst frå industriområdet. Massar frå fjellhallane er planlagd nytta i sjøfyllinga og i produksjon av pukk og grus. Ytre avgrensing av sjøfyllinga er vist på plankartet, og det er stilt krav om at utfylling skal skje med reine massar og på ein måte som er mest mogeleg skånsam i høve til spreiing av partiklar.

Området som er regulert til massedeponi er 540 daa stort, og ligg i fjellsida nord for fylkesveg 666. Innanfor området er det planlagt oppfylling av fem dagbrot (deponi 1,2,3,5 og 6) og eit urørt skogområde (deponi 4). Det er krav om at deponia skal tilpassast kringliggande terreng, og at revegetering skal skje med stadeigen vegetasjon. Nivå for fylling skal vere i tråd med godkjende profilteikningar. Rekkefølge for deponia er fastset i føresegner til planen. Kapasiteten til deponi 4, som er det største deponiet, er vurdert til 30 år.

Planføresegnene stiller krav om fleire tilhøve som skal kartleggast og dokumenterast før det vert gjeve løyve til nye tiltak innanfor planområdet. Dette omfattar kartlegging av gassar frå eksisterande gruvesystem, av geologiske, hydrogeologiske og geotekniske tilhøve i fjellhallområdet, og av grunntilhøva i sjøområdet der det er planlagt utfylling. Det skal og dokumenterast kva effekt utslepp i fjorden vil ha for vassførekomsten. 

Transport av avfall til det planlagde anlegget vil i hovudsak skje sjøvegen, men og på fylkesveg 666 som går gjennom planområdet. Anlegg for handsaming av farleg avfall er underlagt storulykkeforskriften og må plasserast utanfor område med fare for flom og skred. Avfallsbehandlingsanlegget, utfylling i sjø og deponi for forureina massar krev løyve etter forureiningslova.

Reguleringsforslaget med plankart, føresegner, planomtale, konsekvensutgreiing og risiko- og tryggleiksanalyse er utarbeidd av Bergmesteren Raudsand AS, og blei lagt ut til høyring og offentleg ettersyn våren 2018. I gjeldande kommuneplan for Nesset 2009-2020 er planområdet avsett til område for råstoffutvinning, område for erverv og LNF-område. Sjødelen av planområdet ligg i eit område som er avset til vassareal for allmenn fleirbruk.

Sunndal, Gjemnes og Tingvoll kommunar fremma felles motsegn til reguleringsplanen ved offentleg ettersyn. Supplerande merknader blei send departementet i desember 2019. Kommunane meiner at planen i vesentleg grad er skadeleg for området og regionen sitt omdømme, og i strid med plan- og bygningslova § 1-1 første ledd, interkommunal kommunedelplan for sjøområda på Nordmøre, og forvaltningsmål og miljømål i vassforskrifta. Dei meiner og at planen kjem i konflikt med næringslivsinteresser og fritidsinteresser i nabokommunane, naturmangfaldet og naturmangfaldlova §§ 8-12, og kulturminner og kulturminnelova § 3.

Averøy, Kristiansund og tidlegare Halsa kommune har støtta motsegna.

Møre og Romsdal fylkeskommune v/fylkesutvalet har fremma motsegn til planen med grunnlag i regional plan for vassforvaltning i Møre og Romsdal. Utvalet meiner at tiltaket kjem i konflikt med målet om at Tingvollfjorden skal ha god miljøtilstand innan 2027, og at anlegget kan føre til vesentleg tap av det omdømet Møre og Romsdal har som naturbasert reiselivsdestinasjon og som marin matvareprodusent. Dette vil vere negativt for framtidig vekst og utvikling i fylket. Handsaming av farleg avfall bør etter fylkeskommunen sitt syn skje nærast mogeleg produksjonskjeldane for å redusere risikoen for ulukker under transport.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal og NVE fremma motsegn til planen ut frå omsynet til samfunnstryggleik og miljøomsyn. Motsegna blei trekt etter at kommunen endra plankartet og føresegnene knytt til desse tema.

Mekling hos fylkesmannen blei ikkje gjennomført fordi ingen av kommunane såg grunn til det.

Nesset kommune godkjente planen 23.05.2019. Kommunen la vekt på behovet for opprydding etter tidlegare gruveverksemd på Raudsand, og for nye arbeidsplassar som kan bremse nedgangen i folketal og bidra til levande og berekraftige lokalsamfunn. Kommunen viser til det nasjonale behovet for eit nytt deponi for uorganisk farleg avfall, og at Miljødirektoratet skal vurdere utslepp frå industriverksemda og deponia.

Fylkesmannen tilrår ved oversending av saka til departementet at reguleringsplanen vert godkjend, under føresetnad av at det blir gjeve konsesjon etter forureiningslova. Fylkesmannen har vurdert saka i høve til arealbruksendringar, men ikkje i høve til dei momenta som Miljødirektoratet skal vurdere ved handsaming av søknad etter forureiningslova. Fylkesmannen tilrår at det vert stilt krav om stegvis tilbakeføring av massedeponia til naturnær tilstand. Det bør og stillast krav om tildekking med stadeigen jord, og at beste tilgjengelege teknologi skal nyttast for å unngå unødig spreiing av finpartiklar ved fylling i sjø.

Nærings- og fiskeridepartementet har uttalt seg til saka i brev av 06.11.2019. Departementet vurderer at det ikkje er vesentlege manglar ved utgreiingane og vurderingane som er gjort, eller at det er vesentlege tilhøve som ikkje er belyst. Nærings- og fiskeridepartementet har ikkje merknader til planen som grunneigar innanfor planområdet, men legg til grunn at konsekvensar for sjømatnæringa blir vurdert ved handsaming av ein eventuell søknad om løyve etter forureiningslova. Departementet meiner at det bør vurderast om det er behov for føresegner knytt til utfylling i sjø og deponi på land slik at mattryggleiken vert oppretthalden for sjømatproduksjonen i området.

Klima- og miljødepartementet uttaler i brev av 04.12.2019 at dei ikkje støtter motsegna som er fremma med grunnlag i miljøomsyn. Departementet viser til vurderingar frå Miljødirektoratet i brev av 07.11.2019, og vurderer at dei konkrete arealendringane som blir fastset i reguleringsplanen ikkje vil gi konsekvensar for miljøinteresser av nasjonal eller vesentleg regional verdi. Eventuell forureining frå sjøfyllinga og deponia kan gje negative verknader for viktige miljøinteresser. Dette vil bli vurdert av Miljødirektoratet ved handsaming av søknader om løyve etter forureiningslova.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet si vurdering

Etter plan- og bygningslova § 5-4 kan andre kommunar fremme motsegn til planforslag som er av vesentleg betyding for kommunen sine innbyggjarar, for næringslivet eller natur- eller kulturmiljøet i kommunen, eller for kommunen sin eigen verksemd eller planlegging. Regionalt organ kan fremme motsegn i spørsmål som er av nasjonal eller vesentleg regional betyding, eller som av andre grunner er av vesentleg betyding for deira saksområde.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet skal ta stilling til motsegnene frå Sunndal, Gjemnes og Tingvoll kommunar og frå Møre og Romsdal fylkeskommune, og avgjere om reguleringsplanen skal godkjennast eller ikkje, jf. plan- og bygningslova § 12-13. Departementet kan gjere endringar i planen viss det er påkravd.

Utslepp til Tingvollfjorden
Nabokommunane og fylkeskommunen meiner at industriområdet på Raudsand ikkje er egna som deponi for farleg avfall. Dei viser til at Tingvollfjorden/Sunndalsfjorden er resipient for utslepp frå anlegget, og meiner at tiltaket vil ha verknader for nabokommunane. Kommunane er særleg bekymra for konsekvensane av utslepp ved utfylling i eit område med forureina sjøbotn, og for utslepp frå prosessanlegg, massedeponi og deponi for farleg avfall. Dei er og bekymra for ulykker ved transport av avfall til anlegget, og for stabiliteten til sjøfyllinga.

I konsekvensutgreiinga til planen er det vurdert at utslepp frå prosessanlegget, fjellhallar og massedeponi vil ha ein liten negativ konsekvens for vassmiljøet i Tingvollfjorden, og primært lokalt utanfor Raudsand. Det er ikkje forventa at utsleppa vil forverre den økologiske og kjemiske tilstanden i fjorden, men forbetring av vasskvaliteten i tråd med miljømålet i regional plan for vassforvaltning i Møre og Romsdal kan bli forsinka. Når det gjeld konsekvensar for villfisk seier konsekvensutgreiinga at villfisk som oppheld seg utanfor Raudsand i lengre tid, kan få auka konsentrasjonar av miljøgifter. Anadrome artar som laks og aure er vurdert å bli lite påverka av utslepp, men negativ påverknad kan ikkje utelukkast for sjøaure. Val av behandlingsmetode for avfallet kan påverke vurderingane, og det er behov for meir kunnskap ved handsaming av søknad om utsleppsløyve.

Klima- og miljødepartementet framhevar i si uttale til saka at vidare utgreiingar fram mot eventuelle søknader etter forureiningslova, må gi Miljødirektoratet eit tilstrekkeleg grunnlag til å vurdere om det kan bli gjeve løyve, og på kva vilkår. Kommunal- og moderniserings­departementet sluttar seg til dette, og vurderer at spørsmåla som nabokommunane og fylkeskommunen tek opp knytt til utslepp frå planlagt verksemd til Tingvollfjorden, må avklarast ved handsaming av søknader om utsleppsløyve etter forureiningslova. Vurdering av konsekvensar for Sunndalsfjorden som nasjonal laksefjord inngår i dette. Det same gjeld vurdering av konsekvensar for vasskvaliteten i vassførekomsten Tingvollfjorden ved Raudsand, jf. miljømål fastset i regional plan for vassforvaltning i Møre og Romsdal vassregion 2016-2021, og § 12 i vassforskrifta.

Nabokommunane vurderer at det planlagde anlegget er i strid med intensjonane i interkommunal kommunedelplan for sjøområda på Nord-Møre som blei vedteken av 10 kommunar våren 2018. Planen har som målsetting å legge til rette for vekst i marine næringar.

Det går fram av konsekvensutgreiinga til reguleringsplanen at avstanden frå Raudsand til næraste akvakulturlokalitet er 2,5 km. Avstanden til næraste matfiskanlegg er 7 km, og til næraste registrerte gyteområde er det 6 km. Kommunal- og moderniseringsdepartementet vurderer at planlagt arealbruk ikkje kjem i direkte konflikt med sjømatnæringa og grunngjev dette med at avstanden til eksisterande akvakulturanlegg og kjende gyteområde er stor. Konsekvensar av utslepp frå dei planlagde anlegga på Raudsand, vil bli vurdert ved handsaming av eventuelle søknader om utslepp etter forureiningslova. Departementet vurderer difor at det ikkje er behov for å endre planføresegnene knytt til dette.

Konsekvensar for omdøme
Både nabokommunane og fylkeskommunen er bekymra for at det planlagde avfallsanlegget kan påføre sjømatnæringa og reiselivsnæringa i regionen tap av omdøme. Dei er særleg bekymra for økonomiske konsekvensar for akvakulturnæringa i Tingvollfjorden.

Konsekvensutgreiinga til planen viser til erfaringar frå Langøya i Holmestrand, og vurderer at det planlagde anlegget ikkje treng å gje særleg tap av omdøme viss det blir gjennomført og drive som planlagt. Det blir og framheva at anlegget kan styrke Nesset sitt omdøme som føregangskommune i framtidsretta industriutvikling ved å etablere eit sikkert og miljømessig trygt anlegg for handsaming av farleg avfall. Openheit og informasjon kan auke kunnskapen om tiltaket i befolkninga. Tillit til at det er ein seriøs verksemd som overheld pålagte krav, kan redusere belastninga som tiltaket gir for omdøme.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet vurderer at spørsmålet om omdøme for sjømatnæringa og reiselivsnæringa lokalt og regionalt i stor grad er knytt til tilhøve som ikkje vert handsama i reguleringsplanen. Det kan difor ikkje tilleggast avgjerande vekt i denne saka.

Kulturminner
Industriområdet på Raudsand ligg på andre sida av fjorden for Honnhammaren i Tingvoll kommune, der det er bergkunst frå yngre og eldre steinalder. Nabokommunane er bekymra for korleis industrianlegget og auka trafikk på fjorden vil påverke dei automatisk freda kulturminna, og viser til at området er eit av Nordens største felt av bergmålingar.

Det går fram av konsekvensutgreiinga til planen at tilbakeføring av nedraste gruver og dagbrot til eit naturprega område, vil ha stor positiv betyding for landskapsbiletet, medan utfylling i strandsona og bygging av prosessanlegg vil påverke landskapsbiletet negativt. Det er vurdert at anlegga på Raudsand ikkje vil vere særleg merkbare frå Honnhammaren som ligg om lag 2,5 km frå planområdet. Auka i skipstrafikk vil vere marginal med 2-3 skip i uka, og vurderast ikkje å kunne skade kulturminna som ligg 10-30 meter over havet.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet viser til at Møre og Romsdal fylkeskommune og Riksantikvaren ikkje har fremma motsegn til planen ut frå omsynet til kulturminna på Honnhammaren, og vurderer at planen ikkje vil ha vesentlege verknader for dei automatisk freda kulturminna. Departementet legg til grunn at tiltakshavar og kommunen tek omsyn til estetikk og fjernverknad ved gjennomføring av planen. 

Konklusjon
Etter ei samla vurdering godkjenner Kommunal- og moderniseringsdepartementet reguleringsplanen for Bergmesteren Raudsand. Departementet legg vekt på at planlagd arealbruk på land og i sjø ikkje kjem i konflikt med nasjonale eller vesentlege regionale interesser knytt til naturmangfald, landskap, friluftsliv, kulturminner, fiskeri og akvakultur. Departementet legg og vekt på det lokale ønsket om å få rydda opp etter tidlegare gruveverksemd, og etablere nye arbeidsplassar som kan motverke nedgang i folketal og styrke grunnlaget for busetnad i området. Det er vurdert at anlegget kan gje om lag 125 direkte arbeidsplassar i anleggsfasen og om lag 50 arbeidsplassar i driftsfasen. Anlegget vil og ha positive ringverknader med auka etterspurnad etter handel og tenester lokalt og regionalt.

Departementet vurderer at eit anlegg for handsaming av farleg avfall og lettare forureina overskotsmassar har stor samfunnsnytte, og at dei negative verknadene av reguleringsplanen for innbyggjarar og næringsliv i nabokommunane er avgrensa. Eventuell forureining frå det planlagde anlegget kan likevel ha negative verknader for miljøinteresser og for sjømatnæringa. Dette må greiast ut ved handsaming av søknader om løyve etter forureiningslova.

Endringar i planen og rettsverknad
Avgrensing av områda for massedeponi 1-6 går fram av konsekvensutgreiinga og planomtalen, men er ikkje vist på plankartet. Departementet vurderer det som viktig at planen er føreseieleg, og tek inn i føresegnene at massedeponia skal avgrensast som vist i oppfyllingsplanane i planomtalen.

Det går fram av konsekvensutgreiinga og fylkesmannen si tilråding at planen bør stille krav om trinnvis tilbakeføring av massedeponia til naturnær tilstand, og at deponia bør tildekkast med stadeigen jord. Departementet meiner dette er viktig for å avgrense arealet som til kvar tid vert nytta som deponi, og sikre at deponia får ein naturlik tilstand etter avslutning. Føresegnene vert endra i tråd med dette.

Reguleringsplanen manglar føresegner om grad av utnytting for arealet som er regulert til byggeføremål. Dette er nødvendig å ta inn. Departementet har fått informasjon frå kommunen om kva illustrasjonane i planomtalen inneber, og endrar føresegnene i tråd med det.

Ein avgrensa del av industriområde I1 er utsett for flom frå Holovållbekken. Det går fram av konsekvensutgreiinga til planen at ein kan utvide kapasiteten i bekkeløpet ved å senke bekken med 1-1,5 m mellom kote 1 og 14. Departementet vurderer at omsynet til flomfare er ivareteke gjennom vurderingane som er gjort i konsekvensutgreiinga og føresegnene om at sikkerheit mot flom i høve til TEK § 7-2 skal dokumenterast før det vert etablert nye tiltak i omsynssone H320. Planen opnar for senking av Holovållbekken i tråd med konsekvensutgreiinga. Om tiltak i bekken krev godkjenning frå Gjemnes kommune, må avklarast ved gjennomføring av planen.

Den godkjende reguleringsplanen har rettsverknad for areal i Molde kommune. Viss det er usemje om kor kommunegrensa mellom Molde og Gjemnes kommune går, må dette avklarast ved gjennomføring av planen i den grad det er behov for det.

Vurdering etter naturmangfaldlova §§ 8-12
Miljødirektoratet uttaler i brev av 07.11.2019 at planforslaget ikkje kjem i konflikt med naturmangfald på land av nasjonal eller vesentleg regional interesse, og vurderer at kravet til kunnskap om naturmangfald etter naturmangfaldlova § 8 og føre-var-prinsippet i naturmangfaldlova § 9 er ivareteke. Direktoratet viser til at kunnskapsgrunnlaget om marint naturmangfald er noko svakt, men vurderer at det er avgrensa risiko for at sjøfyllinga vil kome i direkte konflikt med marint naturmangfald av nasjonal eller vesentleg regional interesse som følgje av arealbeslaget.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sluttar seg til vurderingane. Vurderingar av samla belastning for økosystemet etter naturmangfaldlova § 10 og bruk av miljøforsvarlege teknikkar og driftsmetodar etter naturmangfaldlova § 12 er etter dette ikkje naudsynt.

Vedtak

Med heimel i plan- og bygningslova § 12-13 godkjenner Kommunal- og moderniseringsdepartementet reguleringsplan for Bergmesteren Raudsand med plankart datert 22.11.2018 og føresegner datert 27.03.2019, med følgande endringar:

  • Reguleringsføresegnene § 4.3.2 får følgande tillegg: Massedeponiene skal avgrenses som vist i illustrasjoner i planbeskrivelsen. Det skal leggast til rette for trinnvis oppfylling og tilbakeføring av massedeponiene til naturnær tilstand.
  • Reguleringsføresegnene § 3.12 endrast slik: Deponiområdene skal tildekkes med stedegen jord og revegeteres med stedegen vegetasjon.
  • Reguleringsføresegnene § 4.2 får følgande tillegg: Grad av utnytting for område:
    I1: %-BYA= 50%
    I2: %-BYA= 50%
    I3: %-BYA= 50%
  • Reguleringsføresengene § 4.3 får følgande tillegg: Tillatt grad av utnytting for områdene deponi 1- deponi 6 er BYA=10 000 m2.

Departementet føreset at Molde kommune gjer naudsynte endringar i planen i tråd med vedtaket. For kunngjering gjeld plan- og bygningslova § 12-12 fjerde ledd.
 

Med helsing

Nikolai Astrup

 

Kopi:
Gjemnes kommune
Klima- og miljødepartementet
Molde kommune
Møre og Romsdal fylkeskommune
Nærings- og fiskeridepartementet
Sunndal kommune
Tingvoll kommune