Reguleringsplan for Gråsteindalen i Kvam herad. Avgjerd i motsegnsak.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet godkjenner planlagd veg til område H18-H20. Departementet legg vekt på at landskapsverknadene er avgrensa i høve til den samla utbygginga i området, og at vegen ikkje kjem i konflikt med natur eller friluftsinteresser av nasjonal eller vesentleg regional verdi. Departementet godkjenner også tilkomst til fire eksisterande fritidsbustader i områda H9-b, H9-c og H9-d.

Bakgrunn

Departementet viser til fylkesmannen sitt brev av 23.06.2020 og dokumenta i saka. Kvam herad har vedteke reguleringsplan for Gråsteindalen med motsegn frå fylkesmannen. Saka er send departementet for avgjerd etter plan- og bygningslova § 12-13.

Føremålet med reguleringsplanen er å legge til rette for fortetting og utviding av eit eksisterande område for fritidsbustader. Planen omfattar 67 eksisterande og 27 nye tomter, samt vegar, skiløyper og grøntareal. Dei nye tomtene ligg høgare i terrenget enn eksisterande fritidsbustader, og vegtilkomst til dei nye tomtene har vore eit omstridd tema i  planprosessen.

Reguleringsplanen for Gråsteindalen blei utarbeidd samtidig med reguleringsplan for nabofeltet Tryglakleiv i vest, og arealbruken i dei nye utbyggingsområda blei sett i samanheng. Ved offentleg ettersyn i 2015 vart det lagt opp til at alle nye tomter i Tryglakleiv og Gråsteindalen skulle ha køyreveg frå Tryglakleiv. Fylkesmannen fremma motsegn til planane, og meinte at dei ikkje tok omsyn til naturmangfald, landskap og friluftsliv. Motsegna førte til at kommunen endra byggeområda, tok ut fleire vegar og sikra eit viktig naturområde mellom Tryglakleiv og Gråsteindalen.  

I reguleringsplanen for Gråsteindalen som kommunen vedtok i 2018, vart det lagt opp til at tomtane i felt H17-H20 skulle få heilårs køyreveg via eksisterande vegar i Gråsteindalen, medan tomter som ligg høgare i terrenget skulle ha parkering i Tryglakleiv og gangveg fram til hytta. Eksisterande hytteeigarar i Gråsteindalen klaga på reguleringsplanen, fordi dei ikkje ville ha vinterbrøytt veg i området. Kommunen tok klagene til følgje, og fremma nytt planforslag der sju tomter i felt H18-H20 fekk heilårs køyreveg frå Tryglakleiv. Eksisterande vegar i Gråsteindalen er regulert til sommarveg.

Fylkesmannen fremma motsegn til vegen frå Tryglakleiv til felt H18-H20 i brev av 13.12.2018. Fylkesmannen viste til tidlegare motsegn i saka, og framheva at vegen mellom Tryglakleiv og Gråsteindalen er særs uheldig for naturmangfaldet og grønstrukturen i området. Fylkesmannen meiner at vegen må takast ut av planen, og at dei sju tomtene i felt H18-H20 bør bruke eksisterande sommarveg gjennom Gråsteindalen og ha vinterparkering på felles parkeringsplass i Tryglakleiv eller i Gråsteindalen.

Fylkesmannen fremma også motsegn til fire tilkomstvegar til eksisterande fritidsbustader i felt H9-b, H9-c og H9-d. Motsegna er grunngjeve med at stikkvegane er ulovleg etablerte, og uheldige i høve til grønstruktur og friluftsinteressene i området.

Meklingsmøte blei halde 22.05.2019 utan at motsegnene blei løyste.  

Kommunen vedtok reguleringsplanen for Gråsteindalen i møte 08.10.2019. Kommunen viser til at vegen frå Tryglakleiv til fritidsbustadene i felt H18-H20 går gjennom eit område som ikkje er utbygd, og ikkje har store natur- eller friluftsverdiar. Vegen vil difor ikkje medføre ulempe. Kommunen vurderer at planen er den beste løysinga for området samla sett. Planen legg grunnlag for attraktive fritidsbustader med heilårs køyreveg i tråd med utbyggjar sine ønskjer, og sikrar at dei eksisterande vegane i Gråsteindalen ikkje blir vinterbrøytt.

Fylkesmannen tilrår ved oversending av saka til departementet, at motsegna vert teken til følgje. Fylkesmannen viser til at Kvamskogen er eit regionalt viktig friluftsområde nær Bergen. Området har mange fritidsbustader og er mykje nytta til dagstur, særleg om vinteren. Fylkesmannen meiner generelt at bygging av nye fritidsbustader på Kvamskogen i for stor grad legg opp til køyrevegar fram til hyttene, og at dette er øydeleggjande for nærfriluftsliv og naturen. I denne saka meiner fylkesmannen at vegen frå Tryglakleiv til H18-H20 er i strid med kommunedelplan for Kvamskogen, og at grøntarealet mellom Gråsteindalen og Tryglakleiv er viktig som nærfriluftsområde for hytteområda. Ein vinterbrøyta veg vil gjere området mindre eigna for leik om vinteren, og hindre mogelegheita for å gå på ski i området.

Møte og synfaring blei gjennomført 06.10.2020. Representantar for Kvam Herad, fylkesmannen, Klima- og miljødepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet deltok på møtet og synfaringa. Miljødirektoratet deltok på møtet.

Klima- og miljødepartementet tilrår i brev av 04.11.2020 at motsegna frå fylkesmannen ikkje vert teken til følgje. Departementet vurderer at vegen til felt H18-H20 ikkje vil ha vesentlege negative konsekvensar for landskap, friluftsliv eller natur av nasjonal eller vesentleg regional verdi. Departementet peikar på at vegen vil bidra til å redusere landskapskvalitetane i området, men framhevar at det uansett vil bli gjennomført betydelege tiltak som vil gi stor landskapsverknad i området, som følgje av at det skal byggast ytterlegare fritidsbustader i Gråsteindalen. Departementet viser til at vegen ikkje kryssar skiløype eller større stiar, og vurderer at han ikkje er til hinder for ferdsel til fjellområdet ovanfor hyttefeltet eller internt i området. Det er ikkje registrert trua artar eller naturtypar der vegen er regulert, og vegstrekningen vil dermed ikkje berøre viktig naturmangfald.

Klima- og miljødepartementet vurderer at sommarveg til fritidsbustadene i H9-b, H9-c og H9-d ikkje gjev vesentlege negative konsekvensar for friluftsliv eller landskapsverdiar. Dei aktuelle vegane ligg i fjellbjørkeskog, og har derfor avgrensa eksponering.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin vurdering

Etter plan- og bygningslova § 12-13 skal Kommunal- og moderniseringsdepartementet ta stilling til fylkesmannen sin motsegn, og vurdere om planen kjem i konflikt med nasjonale eller vesentlege regionale interesser.

Fortetting og utviding av eksisterande område for fritidsbustader reduserer presset på utbygging i urørte naturområde, men må skje på ein måte som varetek kvalitetane i området og omsynet til eksisterande brukarar. Det er framheva i Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging 2019-2023 at kommunane bør unngå nye hytteområde over skoggrensa, og sikre samanhengande grønstrukturar og god landskaps- og terrengtilpassing av infrastruktur og bygg. Det er også viktig å vurdere langsiktige utbyggingsgrenser mot snaufjell og andre viktige LNFR-område.

I departementet sin rettleiar om planlegging av fritidsbusetnad (T-1450) er det framheva at vegane i eit hytteområde kan ha større betyding for nær- og fjernverknad av området enn fritidsbustadene. Ved å redusere omfanget av nye vegar kan ein redusere negative landskapsverknader, og spare mest mogeleg urørt natur mellom fritidsbustadene.

Reguleringsplanane for Tryglakleiv og Gråsteindalen er ikkje fullt i tråd med kommunedelplan for Kvamskogen når det gjeld avgrensing av nye byggeområde. Planane legg opp til noko meir utbygging i Gråsteindalen og noko mindre i Tryglakleiv, og veg mellom områda. Departementet meiner det er positivt at utbygging i Gråsteindalen og Tryglakleiv er sett i samanheng, og vurderer at endringane som er gjort i planprosessen har ført til at utbygginga er betre tilpassa landskap, friluftsliv og naturmangfald enn forslaga som blei lagt ut til offentleg ettersyn i 2015.

Dei nye utbyggingsområda i Gråsteindalen og Tryglakleiv ligg i eit ope område i overgangen mellom bjørkeskog og snaufjell, og både vegar og fritidsbustader vil bli synlege frå omkringliggande fjellområde.

Den planlagde vegen frå Tryglakleiv til områda H18-H20 bryt med kommunedelplanen sitt prinsipp om at det skal vere eit grøntbelte mellom fritidsbustadene i Gråsteindalen og i Tryglakleiv, og vegen har negative konsekvensar for grønnstrukturen i hytteområdet og fjernverknaden av området. Landskapsverknaden er likevel avgrensa, i høve til den samla utbygginga i Gråsteindalen og Tryglakleiv, som det er semje om. Vegen kryssar ikkje hovudskiløypa gjennom Gråsteindalen, og vil derfor ikkje hindre ferdsel gjennom hytteområdet. Han vil heller ikkje vere til hinder for at barn og unge kan nytte grøntarealet mellom Tryglakleiv og Gråsteindalen til leik og opphald.

I notat om konsekvensar for naturmangfald frå NNI Resources (NNI-notat 73), går det fram at vegen mellom Tryglakleiv og Gråsteindalen vil ha negativ effekt på lokal natur gjennom fysiske inngrep, støy, forstyrring og endring i hydrologiske tilhøve, men den vil ikkje føre til at viktig natur går tapt. Søk i Naturbasen og Artsdatabankens artskart viser også at det ikkje er registrert trua eller nær trua artar eller naturtypar i eller nær vegtraséen. Kommunal- og moderniseringsdepartementet vurderer at kunnskapen om naturmangfaldet i området og verknaden av planlagd veg er god, jf. naturmangfaldlova § 8. Vurderingar etter § 9-12 i naturmangfaldlova er ikkje naudsynt.

Etter ei samla vurdering godkjenner Kommunal- og moderniseringsdepartementet tilkomst-vegen frå Tryglakleiv til områda H18-H20. Departementet legg vekt på at vegen er ei avgrensa forlenging av eksisterande veg i Tryglakleiv, og at den ikkje vil ha vesentlege negative konsekvensar for landskap, friluftsliv eller naturmangfald av nasjonal eller vesentleg regional verdi.

Departementet godkjenner også tilkomstvegane til eksisterande hytter i felt H9-b, H9-c og H9-d. Departementet legg vekt på at fylkesmannen under synfaringa gav uttrykk for at departementet kan sjå bort frå denne motsegna. Departementet legg også vekt på at stikkvegane er etablerte, at dei ligg innanfor eksisterande byggeområde, og at dei ikkje kjem i konflikt med nasjonale eller vesentlege regionale miljøinteresser.

Vedtak

Kommunal- og moderniseringsdepartementet godkjenner reguleringsplan for Gråsteindalen, med plankart og føresegner datert 28.08.2018.
 

Med helsing

Nikolai Astrup

 

Kopi:
Klima- og miljødepartementet
Kvam herad
Miljødirektoratet