Ulstein kommune - motsegn til kommuneplanen sin arealdel

Kommunal- og moderniseringsdepartementet godkjenner ikkje områda G101 og G102 for grav- og urnelund i kommuneplanen sin arealdel for Ulstein kommune. Områda er i strid med automatisk freda kulturminne. Motsegna frå fylkeskommunen blir såleis tatt til følgje.

Bakgrunnen for saka

Saka er sendt Kommunal- og moderniseringsdepartementet med fylkesmannen sitt brev 2. september 2019, for avgjerd etter plan- og bygningslova § 11-16 andre ledd.

Arealdelen til kommuneplanen for Ulstein kommune skal handsamast av departementet fordi det ikkje er semje om to område for utviding av eksisterande gravplass på Osneset.

Møre og Romsdal fylkeskommune hadde motsegn til planen i brev 28. september 2017. Motsegna til områda G101 og G102 er grunngjeve med at utviding av gravplassen strir mot signal som fylkeskommunen har gitt i 2010-2011, og at det er sterke konfliktar med automatisk freda kulturminne. Oshaugen er ein av Vestlandets største gravhaugar, og saman med dei arkeologiske funnstadane ikring, er dette eit viktig samla kulturminnemiljø. Fylkeskommunen viser til at det er andre alternativ som er mindre konfliktfylte.

Mekling i saka blei gjennomført 19. februar 2019, men førte ikkje fram. Det blei vurdert ulike alternativ, mellom anna eit alternativ på Oshaugflata som fylkeskommunen kunne tilrå.

Ulstein kommunestyre vedtok planen 28. mars 2019. Kommunen sende saka til fylkesmannen med brev 4. juli 2019. I brevet er det mellom anna opplyst at gravplassen er på om lag 17 dekar, og det er stort behov for meir areal. Kommunen meiner gravplassen på Osnes må utvidast med områda G101 og G102, som er på ca. 12 dekar. Kommunen har gjort fleire grundige vurderingar av kva område som eignar seg best for gravplass. Kommunen meiner utviding av eksisterande gravplass er best, fordi ein då treng mindre areal ved enn ved nyetablering. I brevet  er det også opplyst at Miljøverndepartementet i 2005 handsama eit framlegg til reguleringsplan for om lag det same området, og at motsegn frå fylkeskommunen blei tatt til følgje. Arealet blei lagt inn i framlegget til kommuneplanen i 2011, men blei tatt ut etter motsegn frå fylkeskommunen.

Fylkesmannen sende saka til departementet med brev 2. september 2019. Fylkesmannen tilrår at motsegna blir tatt til følgje, og meiner utbygginga vil vere uheldig. Fylkesmannen vil støtte ei eventuell justering av planen i tråd med fylkeskommunen si skisse på meklingsmøtet, og meiner andre alternative utbyggingsområde også bør vurderast.

Synfaring og møte fann stad 16. oktober 2019 med representantar for kommunen, fylkeskommunen, fylkesmannen, Riksantikvaren, Klima- og miljødepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Klima- og miljødepartementet uttala seg i brev 18. november 2019, og tilrår at motsegna frå fylkeskommunen blir tatt til følgje. Utviding av gravplassen med område G101 og G102 er i konflikt med automatisk freda kulturminne av nasjonal verdi. Funnmaterialet frå området indikerer at det har vore aktivitet her allereie i yngre steinalder, og at bruken av dette området har ei tidsdjupne på 5000 år. Det er avgjerdande å ta vare på kulturminna i landskapet, med kontakten mot sjøen og skipsvraket på Osnessanden. Det går og fram at området er ein del av eit større kulturmiljø, i tilknyting til Oshaugen, som er Sunnmøres største gravminne. Klima- og miljødepartementet meiner det finst alternative lokaliseringar av gravplassen, og viser til fylkeskommunen si tilråding om alternativ plassering av gravplass på Oshaugflata.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet si vurdering

Etter plan- og bygningslova § 5-4 første ledd kan berørt statleg og regionalt organ fremje motsegn i spørsmål som er av nasjonal eller vesentleg regional betyding, eller av andre grunnar er av vesentleg betyding for vedkomande organ sitt saksområde. Etter § 11-16 andre ledd avgjer departementet om motsegna skal takast til følgje.

I denne saka er det motsegn frå fylkeskommunen til område G101 og G102 for grav- og urnelund, i eit område der det er fleire kulturminne som er automatisk freda etter kulturminnelova. Etter kulturminnelova § 4 er kulturminne frå før år 1537 automatisk freda, og etter § 4 er det forbod mot inngrep i automatisk freda kulturminne.

Klima- og miljødepartementet tilrår at motsegna blir tatt til følgje fordi utviding av gravplassen er i konflikt med automatisk freda kulturminne av nasjonal verdi. Kommunal- og moderniseringsdepartementet legg vekt på deira vurdering av saka. Utviding av eksisterande gravplass vil kome i sterkt konflikt med automatisk freda kulturminne. Kulturminna er knytt til Oshaugen gravhaug som ligg rett ved, og som er ein viktig del av eit større område med automatisk freda kulturminne. Det er spor frå jordbruk og busetting frå langt tilbake i tid, og det er difor viktig å ta vare på dette spesielle kulturlandskapet.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet viser også til at det fleire gonger tidlegare har vore strid om utviding av gravplassen på Osneset. Miljøverndepartementet tok i 2005 til følgje motsegn frå fylkeskommunen til regulering av om lag det same området. Kommunen tok omsyn til motsegn frå fylkeskommunen, då tidlegare kommuneplan blei vedtatt i 2011.

Kommunen har eit stort behov for meir areal for gravplassar, og departementet kan forstå at kommunen ønskjer å utvide gravplassen på Osneset. Det er vurdert fleire alternativ for ny gravplass, både på Osneset og andre stader i kommunen. Det er mellom anna peika på eit alternativ på Oshaugflata, som fylkeskommunen meiner kan aksepterast. Det er difor ikkje naudsynt å ta i bruk dei mest verdfulle områda for å sikre nye gravplassar.

Etter naturmangfaldlova § 7 skal prinsippa i lova §§ 8-12 leggast til grunn som retningsliner ved utøving av offentleg myndigheit som gjeld naturmangfald, og vurderinga skal gå fram av vedtaket. Departementet viser til vurderinga av naturmangfaldet i fylkesmannen sitt brev 2. september 2019, der det går fram at det ikkje er verdfull natur i området.  

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har etter dette kome til at område G101 og G102 er i strid med automatisk freda kulturminne, og difor ikkje kan godkjennast.

Vedtak

I medhald av plan- og bygningslova § 11-16 andre ledd, godkjenner ikkje Kommunal- og moderniseringsdepartementet Ulstein kommunestyre sitt vedtak 28. mars 2019 for områda G101 og G102 i arealdelen til kommuneplanen. Områda blir endra til landbruks-, natur- og friluftsformål, og med omsynssone H730 Bandlegging etter lov om kulturminne. Føresegner i planen som gjeld grav- og urnelund må takast ut (§ 1.2.6).

Departementet ber om at kommunen tar inn endringa i plankartet og planføresegnene.

For kunngjering av planen gjeld plan- og bygningslova § 11-15 andre ledd.

Med helsing

Nikolai Astrup

 

Kopi

Klima- og miljødepartementet

Møre og Romsdal fylkeskommune

Riksantikvaren - Direktoratet for kulturminneforvaltning

Ulstein kommune