OGP-rådet

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Kommunal- og moderniseringsdepartementet oppretta tidlegare i år eit eige OGP-råd. Rådet skal støtte regjeringa i arbeidet med ei meir open forvalting.

I rådet sit Joachim Nahem frå Norsk Utenrikspolitisk Institutt, Guro Slettemark frå Transparency International Norge og Liv Freihow frå IKT-Norge.

Rådet skal fremje diskusjonar mellom forvaltinga og det sivile samfunnet om demokrati, openheit og arbeid mot korrupsjon. Det skal vere bindeleddet mellom forvaltinga og det sivile samfunnet i Noreg. Rådet skal mellom anna gjei innspel til dei handlingsplanane Noreg har i regi av OGP, involvere relevante aktørar og utveksle kunnskap og røynsler med andre OGP-aktørar internasjonalt. Rådet vel sjølv kva dei vil gje råd og innspel om.

Tilbake til omtale av Open Government Partnership (OGP)