Stortingsmelding om verksemda i Avinor AS i perioden 2008-2010

Stortingsmelding om verksemda i Avinor AS i perioden 2008-2010 - St.meld. nr. 48 (2008-2009).

Stortingsmelding om verksemda i Avinor AS i perioden 2008-2010 - St.meld. nr. 48 (2008-2009).

Samferdselsdepartementet forvaltar den statlege eigarskapen til Avinor, er overordna styresmakt for luftfarten og kan òg gjere framlegg om at Stortinget skal løyve midlar til Avinor. Meldingane skal ta utgangspunkt i den rolla departementet har som forvaltar av den statlege eigarskapen. Føremålet med dei såkalla eigarmeldingane er å orientere Stortinget om utviklinga i selskapet sidan den førre meldinga. Vidare skal meldingane orientere om planane og strategiane til selskapet for dei neste åra, og gjere greie for korleis Samferdselsdepartementet vurderer desse planane og strategiane.

Fram til no har Samferdselsdepartementet lagt fram eigarmeldinga for Avinor annakvart år. Dei overordna strategiane for Avinor har i hovudsak lege fast sidan selskapet vart skipa i 2003, og kjem heller ikkje til å bli endra med denne meldinga. I tida framover tek Samferdselsdepartementet sikte på å leggje fram ei eigarmelding for Avinor kvart fjerde år, dvs. ein gong pr. stortingsperiode. Meldingane vil bli lagde fram oftare dersom det skulle vere behov for det.

Les meldinga