Distribusjon av laurdagsaviser

Det har vore stor merksemd om distribusjon av laurdagsaviser. Her følgjer informasjon om bakgrunnen for ordninga, status for leveringskvalitet og kontaktinformasjon for abonnentar som opplever problem med leveringa.

I samband med at Posten avslutta laurdagsomdeling av post, var regjeringa og Stortinget opptekne av å sikre fortsatt omdeling av laurdagsaviser. Semja gjekk ut på at staten skulle kjøpa avisomdeling i områder utan avisbodnett. I desse dokumenta kan du lese meir om bakgrunnen for dette:

Over 90 prosent av laurdagsavisene i abonnement blir distribuerte av avisbodnetta. Dette skjer i første rekkje gjennom eit selskap som heiter "Helthjem", som er eigd av dei store mediehusa i Noreg. Samferdselsdepartementet nytta opplysningar frå Helthjem for å identifisere områda som ikkje hadde eigne avisbod, slik ein kunne fastsetje dekningsområdet til Kvikkas. 

Prosess fram mot underskriving av kontrakt
For å sikre eit breitt kunnskapsgrunnlag om situasjonen gjennomførte departementet ei ope høyring i 2014 og eit ope møte i 2015, i tillegg til at informasjon frå Helthjem om kvar avisene hadde avisbodnett blei levert til Nasjonal kommunikasjonsmyndighet På denne bakgrunn lyste Samferdselsdepartementet 21. januar 2016 ut ein konkurranse om tenestekonsesjonskontrakt på å distribuere aviser på laurdagar i område der det ikkje var eit eige avisbodnett.

To selskap leverte inn tilbod – Posten og Kvikkas, med Norpost som underleverandør. Begge tilbydarane var kvalifiserte til å delta i konkurransen. Etter ei samla vurdering av pris og distribusjonsløysing kom Samferdselsdepartementet fram til at Kvikkas hadde det beste tilbodet, og skreiv kontrakt med Kvikkas for ein periode på to år, med verknad frå november 2016. Kontrakten ville vore basert på dei same opplysningane og hatt same omfang uansett kva selskap som hadde vunne anbodskonkurransen.

Erfaringar etter eitt år med ny ordning
Prosessen med å få aviser frå trykkeri til abonnentane kan vere eit puslespel. Den nye ordninga hadde i startfasen nokre problem:

  • Dekningsområda som Helthjem i si tid gav til Samferdselsdepartementet inneheldt fleire feil. Avisboda til Helthjem dekte i realiteten mindre delar av Noreg enn dei opplyste. Dette blei løyst ved at Samferdselsdepartementet skreiv tilleggskontrakt med Kvikkas for å dekkje desse områda.
  • Andre stader var adresselistene frå avisene mangelfulle, mellom anna fordi datafilene ikkje var tilstrekkeleg kompatible mellom avisene og Kvikkas. I område med digitale kundelister og kart, gjekk leveringa svært bra frå starten. I område med dårlegare og manuelle lister, var det større problem. Dette er det ordna opp i.
  • Nokre stader var kvaliteten på arbeidet til avisboda til Kvikkas for dårleg i starten Dette har Kvikkas ordna opp i.
  • Nokre stader fekk ikkje Kvikkas (nok) aviser til omdeling. Her arbeidde Kvikkas og avisene saman for å ordne opp, og dette går no bra.
  • Det var òg ei utfordring å få tilgang til postboksar hos Posten, men dette blei raskt løyst. 
  • Avisene har i tråd med vedtak i Stortinget sjølv ansvaret for å frakte avisene frå trykkeri til rett innleveringsstad til rett tid. Ein del aviser rekk ikkje fram frå trykkeri og til innleveringsstadane hos Kvikkas og Helthjem i tide. Dette er eit problem som ikkje Kvikkas kan eller skal ta ansvaret for.

I ein startperiode hadde Samferdselsdepartementet forståing for at det kunne vere problem med leveringa, både for avisene som har valt å bruke ordninga og for Kvikkas som gjennomfører den avtalte distribusjonen.

Utvikling i leveringskvalitet
Samferdselsdepartementet er ofte i kontakt med Kvikkas og får rapportar om leveringskvalitet kvar veke. Både Kvikkas og avisbransjen gjer ein god jobb for å oppnå ein så god leveringskvalitet som mogleg.

På den sjuande laurdagen med distribusjon, 17. desember 2016, leverte Kvikkas 98,8 prosent av avisene som selskapet fekk til riktig adresse. Forbetringa var på nesten 15 prosentpoeng frå første laurdag med levering i november.

Her kan du lese rapportane departementet fekk frå Kvikkas etter dei sju første laurdagane:

05. november 2016: Rapport
12. november 2016: Rapport
19. november 2016: Rapport
26. november 2016: Rapport
03. desember 2016: Rapport
10. desember 2016: Rapport
17. desember 2016: Rapport

Oversikt - klagepromille i 2017 
Som mål på leveringskvalitet blei avisbransjen og Kvikkas på nyåret 2017 gjennom godt samarbeid samde om å bruke tala for klagepromille (klager per 1 000 aviser) som avisene nyttar i det daglege:

21. jan.

28. jan.

4. feb.

11. feb.

18. feb.

25. feb.

 4. mar.

11. mar.

18. mar.

25. mar.

7,16

6,66

5,63

5,1

5,2

4,81

 4,78

4,35

6,02

3,91

 

1. apr.

8. apr.

15. apr.

22. apr.

29. apr.

6. mai.

13. mai.

20. mai

27. mai

3. jun.

10. jun.

3,49

5,72

Fri[1]

3,23

2,17

3,13

2,42

2,90

3,15

2,18

2,41

17. jun.

24. jun.

1. jul.

8.  jul.

15. jul.

22. jul.

29. jul.

5. aug.

12. aug.

19. aug.

26. aug.

3,62

4,36

4,58

6,69[2]

9,04

8,90

5,47

4,69

3,75

2,53

2,92


2. sep.

9. sep.

16. sep.

23. sep.

30. sep.

7. okt.

14. okt.

21. okt.

28. okt.

3,32

2,76

2,56

1,96

1,96

1,66

2,07

2,05

2,53

 

Departementet kjøper omdeling av laurdagsaviser i område utan avisbodnett. Desse områda er dei mest geografisk krevjande i landet for å omdele aviser. Departementet har i samforståing med representantar for avisbransjen sett som mål for leveringskvaliteten til Kvikkas ein klagepromille i intervallet 3–4 eller betre over tid.

Tala for heile 2017 fram til enden av oktober, altså fram til det var gått 12 månadar sidan Kvikkas starta med distribusjon, viser ein gjennomsnittleg klagepromille på 4,0. For perioden etter startsfasen for Kvikkas sin distribusjon, for perioden frå 1. april til enden av oktober 2017, er gjennomsnittleg klagepromille 3,6. For dei tre månadane august-oktober er gjennomsnittet 2,7. Kvikkas leverer altså etter oppstartsperioden, der departementet har forståing for at det var visse oppstartsutfordringar, betre og betre.

Alle aktørane - avisene, bransjeorganisasjonane og Kvikkas - arbeider kvar dag for at flest mogleg skal få avisa si. Det er retta spesiell merksemd mot å unngå gjentakande klager. I fall ein abonnent opplever å ikkje få avisa to laurdagar på rad, skal ein arbeide svært målretta for å løyse problemet.

Representantar frå avisbransjen, Kvikkas og Samferdseldepartementet hadde første halvår i 2017 møter kvar veke for å arbeide med tiltak for å auke leveringskvaliteten. Hausten 2017 vil det bli halde møter ein gong i månaden. Arbeidet med å sørge for endå betre leveringskvalitet held fram med full styrke.

 Kontaktinformasjon

Abonnentar som opplever problem med laurdagsleveringa etter at den nye ordninga blei innført, kan kontakte kundeservice hos den aktuelle avisa.  

Dersom du har spørsmål til departementet, send e-post til: postmottak@sd.dep.no

Fornotar 

[1] Påskeaftan fekk Kvikkas fritak frå levering. Det same fekk Posten dei føregåande åra.

[2] Klagepromillen auka i juli, m.a. grunna mange omadresseringar i ferien og dårleg adressekvalitet. Det er naturleg med sesongvariasjonar i leveringskvalitet, på tvers av distributørar.