Yrkesfag

Fag- og yrkesopplæringa skal utdanne gode fagfolk. Både bedrifter og offentleg sektor vil i framtida ha eit stort behov for dyktige medarbeidarar med fag- og yrkesutdanning.

Tilbodsstrukturen i fag- og yrkesopplæringa

Frå skoleåret 2020–21 blei talet på utdanningsprogram utvida frå åtte til ti, og det blei innført fire nye utdanningsprogram.

Yrkesfaglærarløftet 

Ei god fag- og yrkesopplæring er avhengig av kvalifiserte yrkesfaglærarar. Kunnskapsdepartementet har samla tiltak retta mot yrkesfaglærarane i strategien 

Strategi for fleire lærlingar i staten

Som ein del av satsinga for å gi fleire ungdomar moglegheit til å oppnå fag- eller sveinebrev, har regjeringa laga ein strategi for å få fleire lærlingar i staten. Strategien skal både forplikte og oppmode statlege verksemder til å auke talet på  lærlingar. 

Merkeordning for lærebedrifter 

Som ein del av arbeidet for å auke talet på læreplassar har departementet innført ei merkeordning for lærebedrifter. Godkjente lærebedrifter med lærlingar skal få høve til å vise dette. Merket skal kunne fungere som ein peikepinn på kvalitet og seriøsitet i verksemder. Merkeordninga skal vere truverdig og gjerast godt kjent hos forbrukarane, slik at det blir lettare å velgje leverandørar som er lærebedrifter. 

Krav om lærlingar ved offentlege kontraktar

Bedrifter må ha lærlingar for å kunne få jobben når det offentlege har store oppdrag ute på anbod. Kravet om å ha lærlingar gjeld både norske og utanlandske bedrifter, men det skal  berre gjelde for oppdrag der det er relevant at lærlingar deltek i utføringa.

Lærlingløftet

Lærlingløftet skal hjelpe bedrifter som vil bli lærebedrift, det skal hjelpe nye bedrifter til å sjå fordelane med å ha ein lærling. På nettstaden til Lærlingløftet finn bedrifter informasjon om blant anna korleis dei kan bli lærebedrifter. 

Samfunnskontrakten

Regjeringa og partane i arbeidslivet har signert ein samfunnskontrakt. Målet med samfunnskontrakten er å sørgje for at alle kvalifiserte elever som ønsker det, skal få tilbod om læreplass. Kontrakten er forlenga med eitt år og gjelder ut 2021.

Nytt verktøy for å finne lærebedrift

For å gjere det lettare å finne fram til og rekruttere lærebedrifter, er det utvikla eit nytt digitalt verktøy Finn lærebedriftutdanning.no. Den gir oversikt over den lokale arbeidsmarknaden og kva for bedrifter som kan ha potensiale til å ta inn lærlingar. Verktøyet kom i stand som del av arbeidet med Samfunnskontrakt for flere læreplasser.