Fleire lærlingar

Fag- og yrkesopplæringa skal utdanne gode fagfolk. Både bedrifter og offentleg sektor vil i framtida ha eit stort behov for dyktige medarbeidarar med fag- og yrkesutdanning.

Statsråden og elever
Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen besøker Godalen videregåande skule i Stavanger. Foto: KD

Regjeringa meiner derfor at det er nødvendig å heve statusen til yrkesfaga og kjempe mot eit uakseptabelt høgt fråfall. Det trengst fleire lærlingplassar og fleire tilpassa løp i utdanninga. Regjeringa vil på den bakgrunnen gjennomføre eit yrkesfagsløft med tre hovudmål; tettare samarbeid mellom skole og arbeidsliv, meir fleksible løp i fag- og yrkesopplæringa og betre kvalitet og relevans i opplæringa.

Auka læretilskot 

Dei siste åra har det vore om lag 9000 elevar som ikkje får den læreplassen dei ønskjer seg. Mangelen på læreplassar fører til at ungdom ikkje får fullført utdanninga si, og at arbeidslivet blir ståande utan nødvendig arbeidskraft.

Både private og offentlege verksemder må ta ansvar for framtidig rekruttering og behov for arbeidskraft gjennom aktiv bruk av lærlingordninga.
Til no har regjeringa auka tilskotet til lærlingar med 21 000 kroner per kontrakt.
Etter forlik i Stortinget har samarbeidspartia auke tilskotet med 1 000 kroner meir i budsjettet for 2017.

Strategi for fleire lærlingar i staten

Som ein del av satsinga for å gi fleire ungdomar moglegheit til å oppnå fag- eller sveinebrev, har regjeringa laga ein strategi for å få fleire lærlingar i staten.

Strategien inneheld også tiltak som skal gjere verksemdene meir medvitne på kva ressurs ein lærling er og tiltak som skal gjere det lettare å gi lærlingar opplæring av god kvalitet. I tillegg skal det satsast på å spreie informasjon om fordelane med å ha lærlingar, kompetanseheving og rekrutteringstiltak for instruktørar.

Den nye strategien skal både forplikte og oppmode statlege verksemder til å auke talet på  lærlingar. Kravet vil gjelde for opptak av lærlingar våren 2015.

Strategien for fleire lærlingar i staten

Merkeordning for lærebedrifter 

Som ein del av arbeidet for å auke talet på læreplassar har departementet innført ei merkeordning for lærebedrifter. Godkjente lærebedrifter med lærlingar skal få høve til å vise dette. Merket skal kunne fungere som ein peikepinn på kvalitet og seriøsitet i verksemder. Merkeordninga skal vere truverdig og gjerast godt kjent hos forbrukarane, slik at det blir lettare å velge leverandørar som er lærebedriftar. 

Merkeordning for lærebedrifter som har lærlingar

Krav om lærlingar ved offentlege kontraktar

Regjeringa vil at bedrifter må ha lærlingar for å kunne få jobben når det offentlege har store oppdrag ute på anbud. Kravet om å ha lærlingar gjeld både norske og utanlandske bedrifter, men det skal  berre gjelde for oppdrag der det er relevant at lærlingar deltek i utføringa.

Kravet vart innført med verkning frå januar 2017.

Krav om lærlingar ved offentlege kontraktar

Krav om fleire lærlingar ved universiteter og høgskoler

Staten har tidlegare ikke gått i front når det gjelder læreplasser. Det vil kunnskapsministeren gjere noko med, og krev no at universiteteta og høgskolene auker talet på lærlingar med 50 prosent innan 2016,

Regjeringa har også støtta eit prosjekt i regi av WorldSkills Norway med 5 millionar kroner for å auke bruken av konkurransar i yrkesfag.

Lærlingløftet

Lærlingløftet skal hjelpe bedrifter som vil bli lærebedrift, det skal hjelpe nye bedrifter til å sjå fordelane med å ha ein lærling. På nettstaden til Lærlingløftet finn bedriftar informasjon om blant anna korleis dei kan bli lærebedrifter. 

Lærlingløftet er utvikla i samarbeid mellom utdanningsmyndigheitene og partane i arbeidslivet. I Samfunnskontrakten har alle desse forpliktet seg til å arbeide for å nå målet om 20 prosent fleire læreplassar i løpet av ein periode på fire år, med frist i 2015. Utdanningsmyndighetene har no saman med partane i arbeidslivet sett i gang eit arbeid for å videreføre samarbeidet om læreplassar.

Lærlingløftet

Samfunnskontrakten

Regjeringen og partene i arbeidslivet har signert en ny samfunnskontrakt. Hvert år er det flere tusen unge som ikke får læreplassen de søker på. Dette må vi følge opp med flere læreplasser, sier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen. Målet med den nye samfunnskontrakten er å sørge for at alle kvalifiserte elever som ønsker det, skal få tilbud om læreplass.

Samfunnskontrakten