Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Tettare samarbeid mellom skole og arbeidsliv

Eitt av regjeringas hovudmål for yrkesfagløftet er å få til eit tettare samarbeid mellom vidaregåande opplæring og arbeidsliv. Eit slikt samarbeid vil føre til at arbeidslivet får den fagkompetansen det er behov for, og at ungdomen får utnytta evnene sine gjennom fag- og yrkesopplæringa.

Yrkesfagelev
Foto: WorldSkills Norway

I dag er nokre av yrkesfagprogramma for lite relevante for det arbeidslivet elevane skal ut i. Nokre elevar opplever å ikkje få læreplass fordi arbeidsgjevar ikkje treng kompetansen deira, og utlærte fagarbeidarar kan oppleve å ikkje få jobb av same grunn.

Vi gjennomfører endringar i strukturen på yrkesfaga som skal sikre at utdanningsprogramma og dei einskilde faga er meir i tråd med behovet i næringslivet.

Vi legg også opp til tidlegare spesialisering. For å lære nok om yrket må til dømes elevane få moglegheit til å fordjupe seg tidleg. Om du vil bli tømrar, skal du nå få meir av tømrarfaget og mindre av andre ting.

Regjeringa utvidar frå hausten 2020 talet på utdanningsprogram innanfor fag- og yrkesopplæring frå åtte til ti.

Hovudgrepet er at dagens Design og handverk og Service og samferdsle blir erstatta av fire nye utdanningsprogram. Arbeidstitlane til dei fire nye utdanningsprogramma er: Design og tradisjonshandverk, IKT og medieproduksjon, Sal, service og reiseliv og Frisør, blomster- og interiørdesign.

Dette vil gi meir fagleg motiverande opplæring frå første dag, betre gjennomføring for elevane, mindre omval, auka tilgang på læreplassar og reduksjon i søking til påbygg.

Vi ser mange teikn til ein positiv utvikling for fag- og yrkesopplæringa. I 2017 vart det sett ny rekord i tal på læreplassar med 21 500, ein auke på 15 prosent sidan 2013. Det er òg ny rekord i talet på elevar på yrkesfag som får læreplass. Fleire fullfører læretida og tek fagbrev enn tidligare. I perioden 2012–2017 var det ein auke på 19 prosent.

I 2018 er det 1200 fleire søkarar til førsteåret på yrkesfag samanlikna med i fjor. Noreg kjem til å mangle mange fagarbeidarar i åra framover. Difor er det gode nyheiter at fleire nå vel yrkesfag som sin vidaregåande opplæring.

Møte yrkeslivet tidlegare

Regjeringa vil ha ei yrkesopplæring som skal vere meir relevant og fleksibel enn den vi ser i dag. Elevane skal møte arbeidslivet og yrka dei utdannar seg til, tidlegare og oftare enn dei gjer i dagens hovudmodell. Det kan skje gjennom vekslingsløp eller ved at meir av opplæringa går føre seg ute i bedrift.

Vekslingsmodellen er ei fireårig opplæring for yrkesfag som fører fram til fag- eller sveinebrev. Vekslingsløpet gir same kompetanse som eit ordinært yrkesfagløp, men opplæringa blir organisert på ein annan måte. Modellen skil seg frå dei vanlege to åra i skule følgde av to år i lære ved at eleven vekslar oftare mellom praksis i bedrift og opplæring i skule. Modellen kan leggjast opp frå Vg1 eller frå Vg2. Eit vekslingsløp krev tett samarbeid mellom skular og næringsliv og bedrifter.

Praksisbrev i alle fylke

Frå skuleåret 2017/2018 er det innført ei fylkeskommunal plikt til å tilby praksisbrev som eit supplement til yrkesfagleg vidaregåande opplæring. Praksisbrev er eit toårig og praktisk løp der elevane har yrkesretta norsk, matematikk og samfunnsfag, samstundes som dei startar opplæringa på ein arbeidsplass frå dag éin. Tilbodet er spesielt retta mot elevar som har svake resultat frå ungdomsskulen og lite motivasjon for ordinær skule. Fylkeskommunane skal i samarbeid med lokalt næringsliv utvikle læreplanar for praksisbrev som er tilpassa arbeidslivet lokalt.

Praksisbrev

Yrkesrette fellesfaga

Alle elevar i vidaregåande opplæring skal framleis ha fellesfaga norsk, engelsk, matematikk, naturfag, samfunnsfag og kroppsøving, men det skal bli tydelegare for elevane korleis faga er knytt opp til det yrket eleven utdannar seg til.

Regjeringa er opptatt av at fellesfaga skal vere relevante for dei yrkesfaglege utdanningsprogramma. Ein gjennomgang av læreplanane i faga matematikk og naturfag har peikt på behovet for læreplanar med relevant innhald for det enkelte yrkesfaglege utdanningsprogrammet. Hensikta med å ha eit innhald i læreplanen som er tilpassa det enkelte utdanningsprogrammet, er å gjere det lettare å gi relevant opplæring som støttar opplæringa i yrkesfaga.

Regjeringa vil difor innføre ein utdanningsprogramspesifikk del i dei yrkesfaglege fellesfaglæreplanane. I første omgang vil dette bli gjort i fellesfaga matematikk og naturfag. Ein gjennomgang av læreplanane i faga norsk, engelsk og samfunnskunnskap skal også vurdere behovet for yrkesfagspesifikke delar i desse læreplanane. Dette inneber at læreplanane i fellesfaga får ein hovuddel som er felles for yrkesfaglege- og studieforberedande utdanningsprogram. I tillegg vil eitt eller fleire områder bli innretta mot kvart av dei åtte ulike yrkesfaglege utdanningsprogrammane. Kor stor del av læreplanen som vil vere programspesifikk, avheng av det enkelte fag, men i utgangspunktet kan om lag 20–30 prosent bli gjort programspesifikke.

Arbeidslivsfaget

Faget skal gi elevar som ønskjer det, større moglegheit til å arbeide praktisk og prøve ut interessene sine for yrkesfagleg opplæring. Faget blir permanent frå skuleåret 2015/2016. Faget gjer det mogleg for skulane å gi elevane eit meir praktisk tilbod enn framandspråk eller fordjuping i engelsk, norsk eller samisk. Det er eit frivillig fag for skulane å tilby. Både læreplanen for faget og rettleiaren skal oppdaterast.

Arbeidslivsfaget 

Til toppen