Innspelsmøte for stortingsmelding om profesjonsutdanningane

Kunnskapsdepartementet planlegg seks innspelsmøte rundt om i landet i perioden januar – mars 2023. Universitet og høgskolar, studentar, representantar for arbeidslivet med vidare vil bli inviterte til møta.

Føremålet med møta er å kartleggje dei viktigaste utfordringane og diskutere forslag til løysingar. Møta vil ha varierande format, men felles er at vi ønskjer gode diskusjonar om spesifikke tema.

Etter innspelsmøta, frå rundt påsketider og fram mot sommaren, vil alle som ønskjer det, få moglegheit til å sende inn skriftlege innspel.

På denne sida vil vi leggje ut meir informasjon om innspelsmøta etter kvart. 

Her er oversikt over innspelsmøta:

  • 30. januar: Lærarutdanning for kunnskapssamfunnet i framtida – Hamar
  • Måndag 6. februar: Fleire flinke ingeniørar for det grøne skiftet – Narvik
  • Onsdag 15. mars: Livslang læring i heile landet – Kirkenes
  • Måndag 27. mars: Helse- og sosialfagutdanningar som møter morgondagens store utfordringar – Bergen
  • Tysdag 28. mars: Inkluderande profesjonsutdanningar – Bergen