Kommentarer frå Kirkens Nødhjelp

Oppfylging av Stortingsmelding 10, 2008-2009 om næringslivet sitt samfunnsansvar i ein global økonomi – om styrking av det nasjonale kontaktpunktet for OECD sine retningsliner - frå Kirkens Nødhjelp.

Kirkens Nødhjelp takkar for invitasjonen til å kommentera regjeringa sitt notat om styrking av det nasjonale kontaktpunktet for OECD sine retningsliner for multinasjonale selskap.

Bedrifter sitt samfunnansvar er eit felt der Kirkens Nødhjelp har vore og er engasjert på fleire måtar, gjennom samarbeidet i ForUM, fleirparts-initiativ som Max Havelaar Fairtrade Noreg og Initiativ for Etisk Handel, i situasjonar som involverar spesifikke selskap og i den meir overordna debatten i KOMpakt-nettverket og den offentlege debatten generelt, inkludert arbeidet med St.meld. nr. 10 og 20, 2008-2009.

Som eit viktig bakteppe til dei spesifikke kommentarane til styrkinga av det nasjonale kontaktpunktet vil me nytta høvet til å minna om at fleirtalet i utanrikskomiteen, i si handsaming av stortingsmeldinga, bad regjeringa koma attende med ei nærare vurdering av ein ombodsfunksjon. So langt Kirkens Nødhjelp kjenner til har det ikkje skjedd noko på denne fronten og me ser fram til å delta i dette arbeidet. Me meiner at rolla til kontaktpunktet må sjåast i samanhang med ei eventuell ombodsordning og beklagar soleis at ikkje desse to ordningane vert vurdert under eitt. I denne omgang vil me avgrensa kommentarane til kontaktpunktet.

Ressursar og kompetanse
Me støttar notatet i understrekinga av at kontaktpunktet må styrkast vesentleg når det gjeld ressursar og kompetanse. Slik situasjonen er per i dag har kontaktpunktet ikkje vore i stand til å spela ei særleg meiningsfull og truverdig rolle, noko som i fylgje OECD Watch gjeld langt fleire enn det norske konktaktpunktet. Kirkens Nødhjelp meiner at eit sterkt sekretariat, kombinert med ressursar som ogso kan nyttast til å knytta til seg uavhengig ekspertise og kompetanse etter behov er naudsynlege tiltak.

Klageinstans eller rådgjevingsforum?
Notatet peikar mellom anna på at globaliseringa har skapt eit styringsunderskott som gjer at næringslivet lettare kan verta involvert i brot på grunnleggande menneskerettar, arbeidstakarrettar og skade på miljø og lokalsamfunn. Dette er utan tvil ei sentral problemstilling, men me kan ikkje sjå at framlegget til styrking av kontaktpunktet i tilfredsstillande grad svarar på dette.

Informasjon og rådgjeving er utan tvil viktige bidrag til å styrka norsk næringsliv si integrering av samfunnsansvar i heile verksemda, men Kirkens Nødhjelp er av den oppfatting at dette bør ivaretakast av andre instansar enn det nasjonale kontaktpunktet. Hovudoppgåva til ein slik klageinstans må vera å gje ei balansert, fagleg sterk og upartisk vurdering av saker som involverar norsk næringsliv sine moglege brot på OECD sine retningsliner for multinasjonale selskap. Me kan heller ikkje sjå at rådgjeving og informasjon, i staden for styringsmekanismar, i vesentleg grad vil kunna redusera det ovannemnde styringsunderskottet. Vidare bør fokus og kompetansen til kontaktpunktet vera retta mot handsaming av klager heller enn rådgjeving.

Leverandørkjeda
So vidt Kirkens Nødhjelp kjenner til er det litt ulike tolkingar av kor vidt OECD sine retningsliner opnar for å definera leverandørkjeda innanfor verkefeltet, noko det er grunn til å tru vert ein del av arbeidet med revisjonen av desse. Omgrepet ”investment nexus” står sentralt og me vil argumentera for at dette bør tolkast som forretningsrelasjonar av vesentleg art. I vår tids næringsstruktur med dotterselskap, outsourcing, joint ventures og lisensiert produksjon er det vanskeleg å setja eit klart skilje for grensene for kva som er verksemd, me meiner difor at ei adekvat tolking må opna for at alle forretningsrelasjonar av vesentleg art må kunna omfattast av OECD sine retningsliner. Og dermed kontaktpunktet sitt arbeid. For å eksemplifisera må eit norsk selskap som kjøper 75 prosent av totalproduksjonen til ei bedrift i Kina kunna stillast til ansvar for grove brot på OECD sine retningsliner hjå produsenten. Ved ein kjøpsandel på 5 prosent vil ansvarsforholdet derimot vera betydeleg svakare.

Initiativ- og innsynsrett
I si handsaming av St.meld. nr. 10 2008-09 peika Utanrikskomiteen på svakheita i at kontaktpunktet manglar innsyns- og initiativrett, noko som gjer ei grundig vurdering av konkrete saker vanskeleg. Dette punktet vart ogso trekt fram av Utviklingsutvalet, NOU 2008: 14, og Kirkens Nødhjelp er av den oppfatting at direkte eller indirekte innsynsrett er ein føresetnad for at kontaktpunktet skal kunna fylla rolla si på ein truverdig måte. Her er det nærliggjande å tenka at ein eksplisitt innsynsrett bør liggja i ei ombodsordning, og me ser det som naturleg at ei vurdering av dette står sentralt i arbeidet med ombodsordninga.

Når det gjeld initiativrett bør kontaktpunktet stå heilt fritt til å setja i gang undersøkingar på eige initiativ.

Samansetjing av kontaktpunktet
I Noreg har den sokalla trepartsmodellen for samarbeid mellom arbeidsgjevarar, – takarar og staten lange og gode tradisjonar. Me vil likevel ta til orde for at dette ikkje er den beste løysinga i dette tilfellet. I dag sit NHO og LO i kontaktpunktet og sannsynlegheita er stor for at ein vesentleg del av sakene kontaktpunktet kjem til å handsama involverarar medlemmer i NHO. Tilsvarande vil LO, eller tilslutta forbund, ofte kunne vera den som klagar inn selskap.

Primærrolla til kontaktpunktet er å vurdera moglege brot på OECD sine retningsliner, i tillegg til ressursar og innsynsrett er difor uavhengigheit eit sentralt punkt for å sikra at kontaktpunktet sine konklusjonar har størst mogleg truverde. Me vil difor støtta ein variant av modell 2 frå notatet med fem uavhengige medlemmer med relevant bakgrunn og kompetanse. Her må gjerne partane i arbeidslivet og sivilsamfunnet koma med framlegg til kandidatar, men oppnemninga bør skje på personleg grunnlag.

Tilknyting til regjeringa
Brot på OECD sine retningsliner er brot på sentralt menneske-, arbeidstakarrettar eller internasjonale miljøkonvensjonar. Kompetanse om desse områda er difor sentrale for at kontaktpunktet skal kunna fungera etter intensjonen. Saman med fara for rolleblanding gjer dette at Kirkens Nødhjelp støttar argumentet om at kontaktpunktet ikkje er tent med å vera knytt til Utanriksdepartementet sin seksjon for næringsfremme og verdiskaping, men heller bør leggjast administrativt under andre delar av Utanriksdepartementet på ein måte som sikrar full fagleg uavhengigheit, som til dømes Etikkrådet sin relasjon til Finansdepartementet.

Avsluttingsvis vil Kirkens Nødhjelp støtta notatet si understreking av viktigheita av mest mogleg opne prosedyrar med klare tidsfristar, noko som er i felles interesse til alle involverte partar. 

Me ser dessutan, både på eigen kjøl og gjennom ForUM og andre fellesfora, fram til det vidare arbeidet med kontaktpunktet, revisjonen av OECD sine retningsliner og vurderinga av ombodsordninga.