Historisk arkiv

Vegval i Washington DC

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Sårbare statar var tema då utanriksminister Børge Brende 14. april deltok på eit Vegval-arrangement i samarbeid med Atlantic Council.

- Vår tryggleik er avhengig av stabilitet og utvikling i andre delar av verda. Utvikling, migrasjon og humanitær bistand må sjåast i samanheng med tryggingspolitikken, sa utanriksminister Brende.

Brende kunngjorde same dag at Noreg vil bidra med 82 millionar kroner til eit nytt fond for Libanon og Jordan, for å styrke landas evne til å handtere flyktningstraumane frå Syria.

Utanriksministeren innleia om stortingsmeldinga om vegval i utanriks- og tryggingspolitikken etter ein introduksjon av Frederick Kempe, leiar for den amerikanske tankesmia Atlantic Council. Foto: Therese Saur, UD
Utanriksministeren innleia om stortingsmeldinga om vegval i utanriks- og tryggingspolitikken etter ein introduksjon av Frederick Kempe, leiar for den amerikanske tankesmia Atlantic Council. Foto: Therese Saur, UD

USA og eigeninteresser

I den etterfølgjande spørsmålsrunden, leia av professor Esther Brimmer, fekk utanriksministeren spørsmål om mellom anna korleis EU har handtert flyktningkrisa og om Schengen-samarbeidet vil overleve presset det no er utsett for.

Professor Esther Brimmer, tidlegare Assistant Secretary of State for International Organizations, og utanriksminister Børge Brende. Foto: Therese Saur, UD
Professor Esther Brimmer, tidlegare Assistant Secretary of State for International Organizations, og utanriksminister Børge Brende. Foto: Therese Saur, UD

Det vart framheva at i arbeidet med å utforme ein strategi for sårbare statar er det vidare viktig å treffe eit balansepunkt mellom kortsiktige og naudsynte tiltak på eine sida, og å dekkje meir langsiktige mål som underbyggjer stabilisering.

Levande sivilsamfunn er og nødvendige for å sikre stabilisering. Å bidra til ei positiv utvikling for det lokale sivilsamfunnet i sårbare statar er derfor ei nøkkelrolle for internasjonale aktørar.

Eit anna tema var viljen hos amerikanske veljarar og i dei to hovudpartia til å bruke store ressursar i land som USA umiddelbart ikkje synest å ha eigeninteresser i er fallande. Ressursbruken vert ofte vurdert til å gå på kostnad av finansiering av viktigare heimlege oppgåver som utdanning, helse og kritisk infrastruktur.

Kjensla av at USA finansierar for mykje av Europas tryggleik er også aukande hos veljarane. USAs forsvarspolitiske garantiar overfor Europa frigjer europeiske lands ressursar til kjerneoppgåver som helse, utdanning og infrastruktur, samstundes med at desse oppgåvene ikkje vert tilstrekkeleg skjøtta på heimebane.

Amerikanske skattebetalarar finansierer dermed europeisk velferd indirekte, ifølgje eit aukande antal amerikanarar. Det vert oftare reist spørsmål ved USAs eigeninteresse også her; og temaet vert no utnytta i den amerikanske valkampen.