Nedkjempe svolt og auke mattryggleik

Tilgang til nok, trygg og sunn mat som blir produsert på ein berekraftig måte, er ei global utfordring. Verdssituasjonen er urovekkjande. Klima, konflikt og covid-19-pandemi har medført ein dramatisk auke i svolt. Det blir ei auka satsing på svolt og mattryggleik i 2022. Regjeringa ønskjer å løfte småskala matprodusentar og klimasmart landbruk.

Å sikre nok mat til ei aukande befolkning er ei av dei mest krevjande utfordringane verdssamfunnet står overfor. Over 800 million menneske svelt og 270 millionar står i fare å bli ramma av hungersnød. Samtidig har tre milliardar menneske ikkje råd til å halde oppe eit sunt kosthald.

Det er nok mat i verda til å brødfø dagens befolkning, men fordeling, tilgang og økonomiske moglegheiter gjer at mange menneske ikkje får tak i nok, trygg og sunn mat til ein pris dei har råd til å betale. Kamp mot svolt og mattryggleik eit hovudsatsingsområde for regjeringa i utviklingspolitikken. Det er særleg sentralt å nå dei meir enn 500 millionar småbøndene i verda og bidra til berekraftig småskalaproduksjon.

Dette er effektiv kamp mot fattigdom. Investeringar i småskala matprodusentar gir svært stor effekt i vegen ut av fattigdom. Vidare er klimatilpassing ein føresetnad for å få bukt med fattigdom og nå berekraftsmåla.

Matsystema forårsakar ca. 1/3 av drivhusgassane, bruker 70 prosent av vassressursane og står for 80 prosent av tap av biologisk mangfald. Uvêr og tørke har øydelagt avlingane til millionar av småbønder og tvinga dei frå heimane sine. For å løyse desse utfordringane må vi arbeide systemisk med klimakrisa, naturkrisa, helsekrisa og matkrisa.

Regjeringa vil derfor ha eit særleg fokus på klimasmart landbruk. Sentralt her vil vere å forbetre verdikjeder og vêrmeldingstenester, og å sikre småbrukarar tilgang til frø som toler meir regn, meir tørke og meir varme. Slike tiltak vi sikre at bøndene er i stand til å produsere, slik at dei lettare kan ta framtida i eigne hender.

Mat frå havet er eit viktig bidrag til global mattryggleik, samtidig som det kan bidra til å nå helsepolitiske og klimapolitiske mål. Regjeringa vil auke merksemda om havet som matfat og vil gjennom innsatsen for berekraftige hav sikre at havet òg i framtida kan bidra til mat og ernæring globalt. Dersom havet er godt forvalta gjennom heilskaplege økosystembaserte havforvaltningsplanar, er det stort potensial for å hauste meir av ressursane i havet og slik bidra til auka mattryggleik og jobbskaping. Regjeringa vil gi den internasjonale havinnsatsen høg prioritet, m.a. gjennom ei vidareføring av den norske leiarrolla av Høgnivåpanelet for ein berekraftig havøkonomi.