UDs arbeid mot seksualisert vald

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Utenriksdepartementet (UD) har i mange år støtta norske organisasjonar sitt arbeid mot seksualisert vald i DR Kongo og området rundt Dei store sjøar. Dette er truleg det området i verda kor seksualisert vald i konflikt per i dag er mest utbredt. I 2010 vart det oppretta eit prosjekt for å styrke denne innsatsen.

Utenriksdepartementet (UD) har i mange år støtta norske organisasjonar sitt arbeid mot seksualisert vald i DR Kongo og området rundt Dei store sjøar. Dette er truleg det området i verda kor seksualisert vald i konflikt per i dag er mest utbredt. I 2010 vart det oppretta eit prosjekt for å styrke denne innsatsen.

Prosjektet, som må sjåast i samanheng med UDs meir overordna prosjekt for Kvinner, fred og sikkerheit, vart oppretta i 2010. Målet med prosjektet er å sikre ein meir strategisk og betre koordinert norsk innsats mot seksualisert vald i området rundt Dei store sjøar, med spesielt fokus på DR Kongo. Fleire hundre tusen kvinner har vorte utsett for konfliktrelatert seksualisert vald i DR Kongo sidan 1996 då den første Kongo-krigen braut ut. I andre land i regionen, som Burundi, Rwanda og Uganda, er seksualisert vald eit stort problem, òg i fredstid.  

Norske midlar bidreg til at tusenvis av kvinner får medisinsk og psykologisk  behandling. (Foto: Christian Relief Network (CRN))

(Foto: Christian Relief Network (CRN))

Dei norske bidraga kanaliserast hovudsakleg gjennom frivillige organisasjonar som Christian Relief Network (CRN), Pinsemenighetenes Ytremisjon, Kirkens NødhjelpInternasjonale Røde Kors og CARE, som alle jobbar tett med lokalsamfunna. Stønad går òg gjennom FN til deira samarbeid med kongolesiske myndigheiter. Norsk innsats koordinerast nært med andre sentrale aktørar i givarmiljøet og det internasjonale samfunn.

Oppfølging av overlevande
Stønaden til dei frivillige organisasjonane går i størst grad til medisinsk, psykososial og praktisk oppfølging av dei som har vore utsett for seksualisert vald. Stønaden har medverka til at tusenvis av kvinner og born, og menn som har vore utsett for overgrep, har fått medisinsk og psykologisk behandling, og støtte for å kome seg tilbake i samfunnet. Barnesoldatar, særleg  jenter som ofte har blitt haldt som sexslavar, har spesielle behov for oppfølging. Noreg støttar mellom anna utbygging av Kyeshero-sjukehuset i Goma gjennom CRN. Opplæring av helsepersonell og utbetring av helsetilbod, òg i rurale og isolerte områder, kjem kvinner og born generelt til gode.

Førebyggjande og haldningsendrande arbeid
Førebyggjande og haldningsendrande tiltak er heilt grunnleggande for å redusere seksualisert vald. Slike tiltak er òg med på å styrke kvinner si rolle i samfunnet. UD støttar fleire prosjekt i DR Kongo og nabolanda, mellom anna retta mot menn, som CRNs Fatherhoodprosjekt. Stønad til konfliktreduserande tiltak, talsmannsarbeid som CAREs regionale prosjekt i Uganda, Burundi og Rwanda, opplæringstiltak for militært personell og samarbeid med kyrkjenettverk er òg med på å førebygge seksualisert vald.

Eit av dei mest effektive tiltaka mot seksualisert vald er å stille overgriparar til ansvar. Straffefridom er svært utbredt i DR Kongo. Informasjonsarbeid, opplæring av juridisk personell, tilbod om juridisk oppfølging  og tilgong til mobile domstolar er viktige tiltak. UD støttar mellom anna American Bar Association i dette arbeidet. Vern om vitne og personell i høgprofilerte saker relatert til seksualisert vald og andre grove overgrep er ein viktig del av kampen mot straffefridom. Noreg, i samarbeid med USA, støttar eit vitnebeskyttelsesprogram i regi av FNs fredsbevarande operasjon i DR Kongo MONUSCO og FNs menneskerettskontor i DR Kongo.

FNs arbeid i DR Kongo
FN og kongolesiske myndigheiter har ein eigen strategi for innsats mot seksualisert vald, Comprehensive Strategy Against Sexual Violence. Noreg har bidrege med rådgjeving for utarbeiding til strategien, og stønad til implementering. Å støtte opp om slike rammeverk er viktig, både for å sikre kongolesiske myndigheiters eigarskap og for å medverke til  ein koordinert innsats.

I tråd med sikkerheitsresolusjon 1325 om Kvinner, fred og sikkerheit skal Noreg, saman med andre givarar, medverke til å løfte kvinner si rolle i freds- og forsoningsprosessar, og auke fokuset for å beskytte kvinner i konfliktsituasjonar.  Informasjonskampanjar om kvinner sine rettar og haldningsendrande tiltak er blant tiltaka for å støtte opp om dette. Noreg har,  som DR Kongo, utarbeida ein eigen nasjonal strategi på SR 1325, kor seksualisert vald er ein av dei fem fokusområda i den norske strategien. Noreg har vore ein aktiv pådrivar i FN sitt sikkerheitsråd for styrka oppfølging av SR 1325 og andre resolusjonar knytt til seksualisert vald, som SR 1820, SR1888 og SR1960. SR 1820 og 1888 behandlar valdtekt på linje med andre våpen og metodar i krig og slår fast at seksualisert vald kan vere eit våpen i krig. Noreg har vore ein sentral støttespelar for FNs spesialrepresentant for seksualisert vald, Margot Wallström. UN Action against sexual violence in conflict samlar 13 FN-organ for å koordinere og styrke FN sitt arbeid mot seksualisert vald i konflikt og er støtta av Noreg.

Konfliktmineralar
Opprørsgrupper og regjeringshæren har kontroll over delar av mineralhandelen i det ressursrike Aust-Kongo. Det reknast som ei viktig drivkraft for at konfliktar og seksualisert vald held fram. Arbeidet mot seksualisert vald knyttast difor til innsatsen mot ulovlig handel med konfliktmineralar. Noreg deltek i den internasjonale arbeidsgruppa på ulovleg utnytting av naturressursar i Great Lakes saman med m.a. EU, FN og USA. OECD sine retningslinjer for ”due diligence” i handel med mineralar frå konfliktområde er støtta av Noreg. Noreg er ein støttespelar til den regionale organisasjonen i Great Lakes, the International Conference on the Great Lakes Region, ICGLR. ICGLR har utarbeida eigne strategiar for å kjempe mot seksualisert vald og ulovleg handel med mineralar. I april 2011 var det ein diskusjon i Stortinget om konfliktmineralar og seksualisert vald i DR Kongo, denne kan lesast her.

(Foto: Sasha Lezhnev/Enough Project/
Conflict minerals 2010/Flickr)

 

Forsking
Å betre forstå årsakene til seksualisert vald og kva tiltak som er effektive for å redusere seksualisert vald er eit viktig ledd i dette arbeidet. UD har støtta ulike forskingsprosjekt relatert til seksualisert vald, mellom anna om reintegrering av jentesoldatar, og religiøse nettverks rolle i samfunnet. Norad har sett i gong eit prosjekt som skal knytte saman forsking med frivillige organisasjonar sitt arbeid mot seksualisert vald i området rundt Dei store sjøar.

Seksualisert vald i post-konflikt. Liberia
Seksualisert vald er eit omfattande problem i fleire område og land som har kome ut av konflikt.  Overgrepa sjåast i samanheng med, og som ei arv frå, omfattande seksualisert vald i konflikt. I tillegg er kvinner og born særleg utsette for overgrep i samfunn med  generelt høge valdsnivå og tradisjonelle kjønnsrollemønster. Innsats mot seksualisert vald er difor ein av dei prioriterte områda i Noregs samarbeid med Liberia. Her er seksualisert vald den mest rapporterte kriminelle handlinga i landet i fredstid. Stønaden kanaliserast i hovudsak gjennom FN og myndigheitene sin felles strategi mot seksualisert og kjønnsbasert vald. I tillegg har Noreg eit politisamarbeid med Liberia, kor den norske politikontingenten har spesialkompetanse på overgrep mot kvinner og barn.  UD har støtta oppretting av eigne mottak for kvinner og barn på politistasjonar rundt omkring i Liberia.