Næringsutvikling og handel

Fairtrade-handel med roser. Foto: UD

Ei sterk næringsutvikling og auka handel er blant dei mest sentrale vilkåra for at land som i dag ikkje kan sikre sine innbyggjarar verken ei god utdanning, eit velutvikla helsevesen eller eit arbeid, kan oppnå dette i framtida. Berekraftig økonomisk utvikling bidreg til fattigdomsreduksjon, og er eit nødvendig om enn ikkje tilstrekkeleg vilkår for at Tusenårsmåla skal oppnåast.

Difor er dette sentralt i Regjeringa sitt partnarskap med mange samarbeidsland. I tillegg til å arbeide bilateralt med næringsutvikling og handel i dei enkelte land, arbeidar Norge multilateralt for at dei rammevilkår som internasjonalt forhindrar eller vanskeleggjer mange av desse landa sine moglegheiter til å vidareutvikle privat sektor og handelen med andre land, kvalitativt skal bli betre. Ved å auke innsatsen for å skape rammevilkår og infrastruktur som legg til rette for økonomisk vekst og sosial utvikling og i tillegg stimulere til auka investeringar, fleire etableringar og meir handel i fattige utviklingsland, bidreg ein til auka økonomisk utvikling.