Regjeringens auka satsning på næringsutvikling

Ei sterk næringsutvikling og auka handel er blant dei mest sentrale vilkåra for at land som i dag ikkje kan sikre sine innbyggjarar verken ei god utdanning, eit velutvikla helsevesen eller eit arbeid, kan oppnå dette i framtida.

Ei sterk næringsutvikling og auka handel er blant dei mest sentrale vilkåra for at land som i dag ikkje kan sikre sine innbyggjarar verken ei god utdanning, eit velutvikla helsevesen eller eit arbeid, kan oppnå dette i framtida. Berekraftig økonomisk utvikling bidreg til fattigdomsreduksjon, og er eit nødvendig om enn ikkje tilstrekkeleg vilkår for at Tusenårsmåla skal oppnåast.

Difor er dette sentralt i Regjeringa sitt partnarskap med mange samarbeidsland. I tillegg til å arbeide bilateralt med næringsutvikling og handel i dei enkelte land, arbeidar Norge multilateralt for at dei rammevilkår som internasjonalt forhindrar eller vanskeleggjer mange av desse landa sine moglegheiter til å vidareutvikle privat sektor og handelen med andre land, kvalitativt skal bli betre. Ved å auke innsatsen for å skape rammevilkår og infrastruktur som legg til rette for økonomisk vekst og sosial utvikling og i tillegg stimulere til auka investeringar, fleire etableringar og meir handel i fattige utviklingsland, bidreg ein til auka økonomisk utvikling.

Det finst ei rekke verkemiddel som kan nyttast for å stimulere til auka næringsutvikling og handel. Eit av dei viktigaste verkemidla Norge har i dag er NORFUND (Statens investeringsfond for næringsvirksomhet i utviklingsland), som tilrettelegg for økonomisk vekst og fattigdomsreduksjon ved å investere risikokapital i bedrifter i utviklingsland. Regjeringa har dei senaste åra auka den årlege kapitaltilførselen til fondet; dette saman med inntening frå investeringane medfører at Norfund i dag disponerer eigedelar på om lag 5,9 milliardar kroner og har ein årleg investeringskapasitet på vel 1 milliard kroner. Om lag halvparten vert investert i fornybar energi, mellom anna gjennom SN Power Invest og SN Power Africa.

Regjeringa har ei sterk tru på at norsk næringsliv har ei interesse av og et ynskje om å auke sine investeringar i utviklingsland. Gjennom Norad har næringslivet tilgang til ei rekkje søknadsbaserte støtteordningar som er meint å stimulere til auka samarbeid og auka investeringar i utviklingsland. Det fins også andre støtteordningar for norsk næringsliv, blant anna gjennom Innovasjon Norge og gjennom GIEK (Garanti-instituttet for Eksportkreditt). For å forenkle informasjonen om eksisterande ordningar, oppretta Regjeringa i 2007 eit veiledningskontor for næringsutvikling i sør. Veiledningskontoret skal gi informasjon om kva for støtteordningar som er tilgjengelege, kven som har dei ulike ordningane, korleis dei kan kombinerast og kva som kvalifiserar for å få tilgang til midla. Med dette ynskjer ein å fremme auka norske investeringar, auka handel med utviklingsland og eit sterkare fokus på næringsutvikling i sør. 

Regjeringa  søkjer vidare offentleg-privat samarbeid med store norske selskap, som til dømes Yara og Nortura innan landbruksutvikling i utvalde land i Afrika. Regjeringa ønskjer å gjere ein særleg innsats for å mobilisere norske kraftselskap og kapitalgrupperingar til å investere i fornybar energi i utviklingsland, basert på offentlig-privat samarbeid der Norfund ofte har ei sentral rolle. Andre prioriterte område for mobilisering av norske investorar inkluderer mikrofinans og kapitalfond for små og mellomstore bedrifter (SMB-fond) i utviklingsland.

Regjeringa ser det som sentralt at ein også på eit område som næringsutvikling og handel kan dra nytte av den norske tradisjonen med eit nært samarbeid mellom privat og offentleg sektor. På denne måten kan ein på best mogleg vis kombinere kapital, kunnskap og ansvar for det globale partnarskapet.