Opprop for eit godt debattklima i valkampen 2021

13. september 2021 er det stortings- og sametingsval i Noreg. Eit godt debattklima er viktig for å kunne ha ein god valkamp. Regjeringa inviterer difor politikarar og kandidatar frå alle parti til å signere eit opprop for godt debattklima i valkampen.

Valgurne
Foto: Valgdirektoratet

Meir enn fire av ti lokalpolitikarar har opplevd å motta hatefulle ytringar eller konkrete truslar. Åtte av ti stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemmar har slike opplevingar. Det viser at alt for mange opplever ubehagelige konsekvensar av å delta i den offentlege debatten.

Hatefulle ytringar og truslar har konsekvensar både for den enkelte politikar og familie som rammast, og for samfunnet som heilskap. Om hatefulle ytringer og truslar får fleire til å trekkje seg frå politikken og la vere å uttale seg eller stille som kandidat, er det eit tap for oss alle. Det er ein trussel mot demokratiet vårt. Som aktive partar i valkampen, har vi eit felles ansvar for å bidra til eit godt debattklima for alle som ønskjer å engasjere seg.

Ved å skrive under på oppropet, viser du at du:

  • vil gå føre som eit godt eksempel i dei debattane du deltek i.
  • vil ta ansvar for at uønskt innhald ikkje får stå i egne kanalar, som for eksempel egne kommentarfelt.
  • vil stille opp for dei som opplever hatefulle ytringar, hets eller truslar.

Oppropet er eit initiativ frå kommunal- og moderniseringsministeren, kultur- og likestillingsministeren og barne- og familieministeren. Aktive politikarar og kandidatar i valet frå alle parti er invitert til å signere. 

Ver merksam på at signaturar vert kontrollert manuelt før publisering på regjeringa.no.

Skriv under

NAMN VALKRETS PARTI
Raymond Robertsen Finnmark Høyre
Heidi Nakken   Høyre
Nikolai Astrup Oslo Høyre
Paal Pedersen Vest-Agder Høyre
Kjell Ingolf Ropstad Aust-Agder KrF
Maria Moe Østfold KrF
Linda Helen Haukland Nordland KrF
Dagfinn Aasen Tingvoll/Straumsnes Høyre
Jenny Clemet von Tetzschner   Høyre