Historisk arkiv

Ressurskontroll, trygg sjømat og havbruksforvalting

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgiver: Fiskeridepartementet

Pressemelding

Nr.: 79/2001
Dato: 11.10.2001
Kontaktpersoner:
Ekspedisjonssjef Johán H. Williams tlf. 22 24 64 40 / 90 02 44 46
Ekspedisjonssjef Magnor Nerheim tlf. 22 24 64 60 / 90 57 09 41

Ressurskontroll, trygg sjømat og havbruksforvalting

Regjeringa gjer i Fiskeridepartementet sitt budsjett framlegg om auka innsats for ressurskontroll, trygg sjømat og styrka havbruksforvalting.

Skal ein nå målet om auka verdiskaping basert på dei marine ressursane trengst det ei målretta, effektiv og tidsrett forvalting og eit velfungerande kontroll- og tilsynsapparat, med kapasitet som er tilpassa veksten i næringa. Tiltaka regjeringa går inn for følgjer opp orienteringane fiskeriminister Otto Gregussen heldt i Stortinget tidlegare i år om havbrukspolitikken og om ulovlegheiter, kontroll og tiltak i fiskerinæringa.

Budsjettet til Fiskeridirektoratet er styrka med 32,5 millionar kroner for å auke ressurskontrollen og styrke havbruksforvaltinga og arbeidet med trygg sjømat. Auka satsing på elektronisk utveksling av informasjon mellom fiskeri- og havbruksnæringa og styresmaktene er viktig for å nå måla ein har sett seg.

Løyvinga til Fiskeridirektoratets ernæringsinstitutt aukar med 6,5 millionar kroner for å styrke innsatsen knytt til trygg sjømat og fôr til fisk.

- Vi eksporterer sjømat til over 150 land i tillegg til det innanlandske konsumet, og det er heilt avgjerande at produkta våre er trygge å ete og held god kvalitet. Arbeidet for å sikre dette vil difor framleis vere spesielt prioritert, seier fiskeriminister Otto Gregussen.