Historisk arkiv

Justisminister Harlem om statsbudsjettet: - Eit godt budsjett for justissektoren

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgiver: Justis- og politidepartementet

Dei totale utgiftene for justisdepartementets ansvarsområde er for 2002 budsjettert om lag 11, 8 milliardar kroner. Det er 9,1 prosent meir enn i saldert budsjett for i år. (11.10.2001)

Pressemelding

Nr.: 124 - 2001
Dato: 11.10.2001
Kontaktperson: Informasjonseininga, telefon 22 24 51 04

Justisminister Harlem om statsbudsjettet:
– Eit godt budsjett for justissektoren

Dei totale utgiftene for justisdepartementets ansvarsområde er for 2002 budsjettert om lag 11, 8 milliardar kroner. Det er 9,1 prosent meir enn i saldert budsjett for i år.

– Dei fleste områda i justissektoren, og i sær straffesakskjeda, får meir pengar å bruke neste år dersom dette framlegget blir vedteke, seier justisminister Hanne Harlem. Ho seier seg nøgd med det budsjettet ho legg fram.

– Vår viktigaste satsing i 2002 skal vere å redusere kriminaliteten og ivareta samfunnets og det enkelte mennesket sin tryggleik. Det er svært viktig for Regjeringa å forhindre at barn og unge startar ein kriminell karriere. Både førebygging og rask reaksjon overfor ungdommar er viktig. Raskare straffesaksavvikling og reduksjon av tilbakefall for innsette er også sentralt neste år, seier Harlem.

Fornying

Fornying av justisforvaltninga er ei prioritert oppgåve neste år.

– Vi ønskjer en meir open, kvalitetsbevisst og effektiv forvaltning. Sentralt i dette arbeidet er halveringa av talet politidistrikt frå 54 til 27, reduksjon i talet førsteinstansdomstolar frå 92 til 66 og etableringa av en ny sentral domstolsadministrasjon i Trondheim, seier Harlem. Dette skal gje fleire politifolk på gatene og mindre sårbare domstolar.

Politiet

Politiet får løyving til 90 stillingar som blei oppretta i samband med revidert nasjonalbudsjett i år. Regjeringa foreslår også ei løyving til det såkalla bakmannsprosjektet som blei etablert 1. oktober i år. Prosjektet har som oppgave å avsløre bakmennene i alvorleg narkotikakriminalitet, smugling og kvitvasking av pengar. Prosjektet rår over 30 årsverk. Reelt vert det gjort framlegg om å auke løyvinga til politiet med om lag 128 millionar kronar.

Domstolane

Til domstolane er det reelt gjort framlegg om ei løyving på 80,5 millionar kroner meir enn i fjor. Pengane skal bidra til eit framleis høgt aktivitetsnivå. I tillegg skal dei dekkja kostnader ved etablering av den nye sentrale domstolsadministrasjonen i Trondheim i løpet av andre halvår 2002, og tilrettelegging for arbeidet med omorganisering og samanslåing av herreds- og byrettene. Det skal også utviklast eit nytt saksbehandlingssystem (LOVISA) som vil bidra til administrative forenklingar og effektiviseringar av saksbehandlinga i straffesaker.

Tolkar ved domstolane

Det finnes få rutinar for kvalitetssikring av dei tolkane som nyttast i domstolane. Tolkeregisteret i Oslo skal gjera det lettare å velje ut dei tolkane som er best kvalifiserte. Registeret skal utvidast og vere mal for andre domstolar, og etter kvart bli ein del av eit landsdekkjande tolkeregister for domstolane.

Kriminalomsorg

Regjeringa skal arbeide for å redusere soningskøane til fengsla. Derfor gjer Regjeringa framlegg om auke i løyvinga til kriminalomsorgen med 35 millionar kroner. Det er også sett av 40 millionar kroner til vidare arbeid med det nye fengslet i Østfold. Regjeringa opprettheld eit fortsett høgt inntak ved Kriminalomsorgens utdanningssenter (KRUS) på om lag 150 nye aspirantar neste år. Det er sett av 17 millionar kroner til den nye forvaringsordninga, som trer i kraft frå 01.01.2002.

Mekling i konfliktråd

Regjeringa gjer framlegg om å styrke løyvinga til konfliktrådsordninga med 1,5 million kronar. I 2002 vil ein arbeide for å korte ned saksbehandlingstida og styrke megleropplæringa ved dei 39 konfliktråda, noko som er særleg viktig fordi ordninga viser seg veleigna i kampen mot kriminalitet blant barn og ungdom. Dette som eit alternativ til vanleg strafferettsleg behandling og til handtering av andre konfliktar.

Samlokalisering av Kystradioen og Hovedredningssentralen
Kystradioen og Hovedredningssentralen for Sør-Norge skal samlokaliserast. Neste år vil det derfor bli starta bygging av eit nytt bygg for samlokalisering av Rogaland radio og Hovedredningssentralen Sør-Norge.

Andre saker

Regjeringa gjer framlegg om å nytte 30 millionar kroner for å førebu nytt digitalt radiosamband (TETRA) til nød- og tryggingsetatane (brann, helse og politi). Regjeringa gjer også framegg om å løyve 46 millionar kroner til erstatning til nordmenn som sat i japansk fangenskap under 2. verdskrig, eller til etterlatne av desse fangane.

Alt om statsbudsjettet: www.statsbudsjettet.dep.no