Historisk arkiv

Publikasjonsnummer H-2118

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Miljøhandlingsplan 2001 - 2004

Miljøhandlingsplan 2001 - 2004

Sidan 70-tallet har vern av miljøet vore viktig for alle her i landet. Medvett om skadeverknader av forureining har ført til krav om at vi må ta omsyn til miljøet. Vi innser at vi berre har ei jord å leve på og ei jord å gje vidare til dei som kjem etter oss. Det har fått både veljarar og politikarar til å gå inn for andre løysingar enn dei som gjev kort profitt og går ut over miljøet. Særleg gjeld dette barn som i dag lyfter ein formanande peikefinger til en tankelaus vaksen som ikkje leverer inn tomme mjølkekartongar til kartonglotteriet.

Vi har både eit globalt og lokalt miljøansvar. Regjeringa sin miljøpolitikk er å arbeide for forpliktande internasjonale miljøavtalar, og etablere lokale og nasjonale mål og verkemiddel som sikrar oppfølging. Det internasjonale avtaleverket skal byggje på prinsippet om kostnadseffektivitet, felles gjennomføring og rettferdig fordeling av byrdene. Dei praktiske handlingane må setjast ut i livet nasjonalt og lokalt.

Dagens miljøpolitikk må i størst mogleg grad pregast av at miljøaspektet er med i alle samanhengar der miljøet blir utsett for menneskeskapt aktivitet.

Denne handlingsplanen skisserer dei mål og verkemiddel Kommunal- regionaldepartementet (KRD) har for arbeidsfelta våre. For eit departementet med mange ulike oppgåver gjev det seg utslag på fleire måtar.

Miljøhandlingsplan 2001 – 2004 Dokumentet er lagret i PDF-format.