Historisk arkiv

Meir målretta bustønad

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding

Nr.: 154/2003
Dato: 08.10.2003

Statsbudsjettet 2004

Meir målretta bustønad

- Regjeringa ønskjer å gjere bustønadsordninga endå meir målretta og utvikle ho vidare i tråd med handlingsplanen mot fattigdom som Regjeringa har lagt fram. Kravet om eit buareal på 40 kvadratmeter for mellom andre barnefamiliar i kommunale utleigebustader skal takast bort, slik at fleire med låg inntekt får rett til bustønad. Regjeringa føreslår dessutan å setje opp grensa for godkjende buutgifter i bustønadsordninga for storbyane med 10 000 kroner i Oslo og 5 000 kroner i dei andre storbyane, seier kommunal- og regionalminister Erna Solberg.

Fjerning av arealkravet på 40 kvadratmeter fører til at hushald i gruppa barnefamiliar, mottakarar av attføringspengar, rehabiliteringspengar, grunnstønad eller hjelpestønad og langtids sosialhjelpsmottakarar med låg inntekt i små husvære no kjem inn under bustønadsordninga. Dette kan òg gjere det enklare for kommunar å finne rimelege bustader til desse gruppene.

- Vi ønskjer å setje opp grensa for buutgifter som dannar grunnlaget for utrekning av bustønad. I Oslo blir grensa sett opp med 10 000 kroner, og i Bergen, Trondheim og Stavanger stig ho med 5 000 kroner, seier Solberg. I dag er grensene for buutgifter som blir lagde til grunn for å få stønad i storbyane, for låge i høve til den gjennomsnittlege buutgifta på desse stadene. Dei med dei lågaste inntektene og høgaste buutgiftene kan få inntil 7 000 kroner meir i bustønad.

Regjeringa vil òg gjere framlegg om ei generell heving av bustønaden for alle. I tillegg ønskjer Regjeringa å innføre månadleg utbetaling av bustønad.

- Dei endringane Regjeringa føreslår, vil gje ein endå meir styrkt og målretta bustønad i tråd med dei tiltaka Regjeringa satsar på i kampen mot fattigdom, avsluttar Solberg.