Historisk arkiv

Regjeringa vil ha raskare utbetaling av bustønad

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding 06.10.06

Regjeringa ønskjer å gjere ventetida frå ein søker om bustønad til utbetalt stønad kortare. I dag kan ventetida vere opptil åtte månader. Som følgje av for lang ventetid har enkelte søkarar måtta be om sosialhjelp.

Pressemelding

Nr.: 84/2006
Dato: 06.10.2006

Regjeringa vil ha raskare utbetaling av bustønad

Regjeringa ønskjer å gjere ventetida frå ein søker om bustønad til utbetalt stønad kortare. I dag kan ventetida vere opptil åtte månader. Som følgje av for lang ventetid har enkelte søkarar måtta be om sosialhjelp.

Regjeringa ønskjer å gjere ventetida kortare og styrkar difor bustønaden ved å innføre månadlege vedtak. Dermed kan bustønadsøkarar få utrekna og utbetalt bustønad kort tid etter at behovet har oppstått, seier kommunal- og regionalminister Åslaug Haga.

Bustønaden er eit av dei viktigaste verkemiddelet for å sikre butryggleik og bustader til vanskelegstilte på bustadmarknaden. Stønaden ytast til alders-, uføre- og attlevandepensjonistar, barnefamiliar og andre husstandar med svak økonomi. Styrking av stønaden er eit viktig grep for å motverke fattigdom.

I dag er vedtak for bustønad terminvise. Dette gjer at dei som har rett på bustønad kan oppleve å vente inntil åtte månader før eventuell stønad vert utbetalt. - Dette kan opplevast som ei stor økonomisk belastning for dei det gjeld. Månadlege vedtak vil være i tråd med Regjeringa sitt arbeid mot fattigdom, seier statsråd Åslaug Haga.

Tiltaket er berekna til å medføre ein auke i utbetalinga av bustønaden på 27 millionar kroner i 2007. Den totale ramma for bustønaden for 2007 er foreslått til 2 286,5 millionar kroner.