Historisk arkiv

Kommuneinntektene stig med 3,5 milliardar kroner

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Regjeringa foreslår ein vekst på 3,5 milliardar kroner i kommuneinntektene for neste år. Det tilsvarer knapt 2 prosent. Med det følgjer Regjeringa opp den inntektsveksten ho varsla i kommuneproposisjonen i mai.

Pressemelding

Nr.: 148/2001
Dato: 11.10.2001

Statsbudsjettet 2002

Kommuneinntektene stig med 3,5 milliardar kroner

Regjeringa foreslår ein vekst på 3,5 milliardar kroner i kommuneinntektene for neste år. Det tilsvarer knapt 2 prosent. Med det følgjer Regjeringa opp den inntektsveksten ho varsla i kommuneproposisjonen i mai.

Realveksten på 3, 5 milliardar kroner er rekna frå inntektsnivået i 2001 slik ein rekna med i kommuneproposisjonen. Veksten blir fordelt om lag likt på frie inntekter (summen av skatteinntekter og rammetilskot) og øyremerkte tilskot. Kommunesektoren får i år ein meirskattevekst på 1,7 milliardar kroner. Desse inntektene får kommunesektoren i år, men dei blir ikkje førte vidare neste år.

Realveksten i frie inntekter er på 1,775 milliardar kroner, fordelt med 0,525 milliardar kroner på fylkeskommunane og 1,25 milliardar kroner på kommunane. Delen av frie inntekter aukar fordi øyremerkte tilskot på om lag 4 milliardar kroner blir innlemma i inntektssystemet. Regjeringa reknar med at dei frie inntektene utgjer knapt 76 prosent av dei samla inntektene neste år, mot om lag 70 prosent i år.

Realveksten i øyremerkte tilskot blir om lag 1,8 milliardar kroner. Dei største øyremerkte satsingane er knytte til barnehagar, etablering av sjukeheimsplassar og omsorgsbustader, oppfølging av psykiatriplanen og opprustning av skolebygg.

Pensjonskostnadene for kommunesektoren er neste år svært usikre. Det er mogleg at høgre pensjonsutgifter for kommunesektoren i år og neste år kan få noko å seie for veksten i aktivitetar.