Historisk arkiv

Rundskriv H-37/01

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Ny lov om fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrenser - Iverksetjing og delegering

Rundskriv H-37/01
Snr. 01/4623 K JEM
27. november 2001

Ny lov om fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrenser – Iverksetjing og delegering

Stortinget vedtok i vårsesjonen 2001 ny lov om fastsetjing og endring av kommune-og fylkesgrenser (inndelingslova). Lova, som blei sanksjonert 15. juni 2001, trer i kraft 1. januar 2002 og erstattar lov om endring i kommunal inndeling av 21. desember 1956 nr. 3. Lova sitt førearbeid framgår av Ot. prp. nr. 41 (2000 – 2001).

Dette rundskrivet gjev utfyllande retningslinjer for korleis inndelingssaker skal behandlast. Rundskrivet inneheld også delegering av mynde til fylkesmennene. Fylkesmannen vil som før få fullmakt til avgjere saker om fastsetjing av kommunegrenser og saker som gjeld mindre grensejusteringar når det er semje mellom kommunane om ei løysing. Også i saker som skal avgjerast av Kongen eller Stortinget vil fylkesmannen ha ei viktig rolle under saksførebuingsarbeidet.

Vi håpar at rundskrivet vil vere til nytte for alle som tek del i dei ulike prosessane i saker om inndelingsendringar.

[ Dokumentet i PDF-format ]