Historisk arkiv

Satsing på entreprenørskap i skolen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Regjeringa vil satse sterkare på entreprenørskap i utdanningssystemet. Den forsterka innsatsen skal rettast mot grunnskolen, den vidaregåande skolen og dei statlege høgskolane.

Pressemelding

Nr.: 159/2001
Dato: 11.10.2001

Statsbudsjettet 2002

Satsing på entreprenørskap i skolen

Regjeringa vil satse sterkare på entreprenørskap i utdanningssystemet. Den forsterka innsatsen skal rettast mot grunnskolen, den vidaregåande skolen og dei statlege høgskolane.

Den sterke satsinga på slikt entreprenørskap er ei direkte oppfølging av stortingsmeldinga om distrikts- og regionalpolitikken. Her strekar Regjeringa under at arbeidet med å utvikle heilskaplege strategiar for entreprenørskap i utdanningssystemet skal førast vidare.

Gjennom ei slik satsing i utdanningssystemet ønskjer Regjeringa å vere med på å gi ungdom frå ungdomsskole til høgskole positive haldningar til entreprenørskap og den dugleiken som trengst for å lykkast. Det skal leggjast meir vekt på korleis kvar enkelt skole og høgskole kan setje entreprenørskap på saklista gjennom ulike tiltak. Målet med satsinga er å gi ungdom og høgskolekandidatar innsikt i vilkåra nærings- og bedriftslivet arbeider under, knyte næringslivet og skolen nærmare saman og gi skole og høgskole høve til å fremje entreprenørskap i undervisninga.

- Dersom vi motiverer mange unge menneske til å starte eiga verksemd, kan det medverke til at fleire nye bedrifter blir etablerte etter kvart – bedrifter som kan erstatte jobbar/bedrifter som naturleg fell bort. Dette medverkar til høgare innovasjonstakt og til å halde oppe verdiskaping og lønnsemd i alle delar av landet, seier kommunal- og regionalminister Sylvia Brustad.

Gjennom programmet SMB-HØGSKOLE vil Regjeringa auke den høgskoleretta innsatsen. Det er Noregs forskingsråd som forvaltar dette programmet.