Historisk arkiv

Innføring av ei ny transportstøtteordning

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding

Nr.: 158/2003
Dato: 08.10.2003

Statsbudsjettet 2004

Innføring av ei ny transportstøtteordning

Som eit av tiltaka i samband med omlegginga av den differensierte arbeidsgivaravgifta har Regjeringa varsla ESA om ei direkte transportstøtteordning.

- Transportstøtta skal kompensere for bortfall av differensiert arbeidsgivaravgift og redusere dei konkurransemessige ulempene ved lange transportavstandar, vanskelege transportforhold og spreidd busetnad i enkelte distrikt, seier kommunal- og regionalminister Erna Solberg.

Støtta skal tene som kompensasjon for ekstra transportkostnader. Utmålinga av støtte vil ta utgangspunkt i ein delvis refusjon av ekstra transportkostnader for bedriftene i verkeområdet for transportstøtte, som Regjeringa varsla ESA om.

Ordninga er basert på rettar, og førebels overslag viser at ordninga vil få eit omfang på om lag 200 millionar kroner.

Bedrifter som ikkje har hatt redusert arbeidsgivaravgift, og bedrifter innafor fiskeri- og landbruksnæringa og tilknytt næringsmiddelindustri vil ikkje få transportstøtte i samband med omlegginga, da dei ikkje kjem inn under omlegginga av differensiert arbeidsgivaravgift.

Regjeringa har fått gjennomslag for at det framleis skal vere nullsats for tiltakssona, og ho kjem difor heller ikkje inn under denne transportstøtteordninga.