Historisk arkiv

Midlar til omlegging av energibruk og energiproduksjon

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Pressemelding

Nr.: 119/01
Dato: 11.10.2001

Kontaktperson: Sissel Edvardsen, 22 24 61 09

Midlar til omlegging av energibruk og energiproduksjon

Sist vår vedtok Stortinget å oppretta eit energifond for omlegging av energibruk og energiproduksjon. Fondsmidlane skal gå til tiltak som gjev meir effektiv energibruk, auka bruk av ny fornybar energi og miljøvennleg bruk av naturgass. Energifondet skal finansierast både frå det eksisterande påslaget i nettariffen og over statsbudsjettet.

Enova SF er oppretta for å forvalta midlane frå fondet, og vil overta dei oppgåvene som til no har vore driven av Noregs vassdrags- og energidirektorat og nettselskapa. Enova vil vera i gong frå 1. januar 2002. Enova skal sjølve velja kva for tiltak dei vil støtta. Departementet vil styra verksemda gjennom konkrete mål og krav til resultat.

- Eg er nøgd med at me i dag løyver 269 millionar kroner til Energifondet, i tillegg til dei om lag 200 millionar kronene frå påslaget i nettariffen. Med både organiseringa og finansieringa av verksemda på plass, må me syta for å gje Enova handlerom. Dette er ein føresetnad for at me skal lukkast med å nå måla, seier olje- og energiminister Olav Akselsen.