Auka satsing på reinseteknologi for gasskraftverk
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I
Utgjevar: Olje- og energidepartementet
Pressemelding | Dato: 11.10.2001 | Sist oppdatert: 21.10.2006
Pressemelding
Nr.: 120/01
Dato: 11.10.2001
Kontaktperson: Sissel Edvardsen, 22 24 61 09
Auka satsing på reinseteknologi for gasskraftverk
Regjeringa legg opp til å auka løyvingane til vidareutvikling av reinseteknologi for gasskraftverk også i 2002. Til saman vert det sett av 35 millionar kroner over Olje- og energidepartementet og Miljøverndepartementet sine budsjett til forsking på dette feltet, ein auke på 30 prosent samanlikna med 2001.
-Dei auka løyvingane er ei vidareføring av det langsiktige arbeidet med å driva fram reinare gasskraft, seier olje- og energiminister Olav Akselsen.
Dei store gassressursane i Noreg og gode sjansar for å deponera CO 2 gir eit godt grunnlag for arbeidet med å driva fram teknologiar for CO 2-fjerning frå gasskraftproduksjon. Det er eit mål for satsinga at norske miljø skal liggja langt framme i utviklinga internasjonalt når det gjeld forsking og utvikling av teknologi som kan redusera utsleppa frå produksjon av gasskraft.