Historisk arkiv

Auka satsing på sikring mot leirskred

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Pressemelding

Nr.: 121/01
Dato: 11.10.2001

Kontaktperson: Sissel Edvardsen, 22 24 61 09

Auka satsing på sikring mot leirskred

Olje- og energidepartementet vil i samband med budsjettframlegget prioritera ei styrking av satsinga på å sikra områda i nærleiken av vassdrag mot leirskred.

Departementet tilrår ei løyving på 55,35 millionar kroner for 2002 til forbyggingsarbeider. Dette er ein auke på om lag 11,5 millionar kroner i høve til det salderte 2001-budsjettet. Auken har i hovudsak samband med opptrapping av arbeidet med sikring mot leirskred.

-Sikring av liv og helse er eit særs viktig arbeidsområde for vassdragsstyresmaktene. Regjeringa finn det difor rett å auka løyvingane til dette viktige arbeidet, seier olje- og energiminister Olav Akselsen.