Historisk arkiv

Nytt gassforvaltningssystem

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Pressemelding

Nr.: 123/01
Dato: 11.10.2001

Kontaktperson: Sissel Edvardsen, 22 24 61 09

Nytt gassforvaltningssystem

Avvikling av Gassforhandlingsutvalet
Ved kongeleg resolusjon 1. juni 2001 blei det vedteke at avsetting av norsk gass gjennom GFU til EØS-området skulle avviklast mellombels frå 1. juni 2001. GFU vil bli permanent avvikla frå komande årsskifte. Avgjerda er basert på auka modning av norsk sokkel, opning av gassmarknadene i Europa og endringar i selskapsstrukturane langs verdikjeda for gass, noko som tilseier at produsentselskapa på norsk kontinentalsokkel bør få større kommersiell handlefridom.

Gasstransportsystemet
Gasstransportrøyr og -anlegg på norsk sokkel blir i dag eigd av ei rekkje ulike interessentskap med oljeselskap og staten som eigarar. For å oppnå ein effektiv transport av gass på norsk sokkel, må røyrsystema drivast som eit integrert transportsystem. Dette blir i dag løyst av Statoil og vil bli ført vidare av Gassco AS frå og med 1. januar 2002. Departementet vil arbeida vidare med å sikra ein ikkje-diskriminerande tilgang til ledig kapasitet i nettet. Det blir arbeidd med ei samordning av ulike interessentskap for å oppnå eit effektivt gasstransportsystem med eitt eigarskap. Departementet har som målsetjing at det på sikt blir sikra ein statleg majoritetseigardel i det samordna systemet.