Historisk arkiv

Utbetring av E39 over Stord: Skal finansierast av bompengar og løyvingar frå staten

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 114/01
Dato: 11.10.2001

Utbetring av E39 over Stord: Skal finansierast av bompengar og løyvingar frå staten

Regjeringa gjer framlegg om at eit bompengeselskap skal få høve til å krevje inn bompengar i ferjesambandet Sandvikvåg – Halhjem for å delfinansiere opprusting av E39 over Stord i Hordaland. Prosjektet omfattar arbeid på den om lag 35 kilometer lange strekninga frå Borevik, like sør for Jektevik, og fram til Sandvikvåg.

I framlegget blir det vist til at E39 over Stord i dag er smal og svingete, med mange avkøyrsler og busetnad tett inn til vegen. Ein del strekningar er i dag utan gang- og sykkelveg og er utsett for ulykker.

Prosjektet er tilpassa ei øvre kostnadsramme på 160 millionar kroner. Det er lagt til grunn at prosjektet skal finansierast med 50 prosent statlege løyvingar og 50 prosent bompengar. I framlegget er det gitt høve til å ta til med bompengeinnkrevjinga frå og med 2002.

Det er lagt opp til at anleggsarbeidet skal setjast i gang på strekninga Borevik – Jektevik i 2003.

Framlegget om bompengeinnkrevjing er tatt inn i regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2002.