Historisk arkiv

Senjaferjene: Statleg tilskott på 1,75 millionar kroner sikrar drifta i 2002

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet går inn for å gje Senjaferjene eit statleg tilskott på 1,75 millionar kroner for å sikre drifta i 2002. Tilskottet blir gitt på vilkår av at fylkeskommunane Nordland og Troms til saman yter eit tilsvarande beløp (15.11.02)

Pressemelding

Nr.: 142/02
Dato: 15.11.02

Senjaferjene: Statleg tilskott på 1,75 millionar kroner sikrar drifta i 2002

Samferdselsdepartementet går inn for å gje Senjaferjene eit statleg tilskott på 1,75 millionar kroner for å sikre drifta i 2002. Tilskottet blir gitt på vilkår av at fylkeskommunane Nordland og Troms til saman yter eit tilsvarande beløp. Dette går fram av forslag til endringer i løyvingar over statsbudsjettet 2002. Forslaget ble lagd fram i statsråd i dag.

Det er lagt til grunn at det statlege tilskottet i 2002 ikkje skal gje føringar for statleg tilskott i komande år.

Senjaferjene er tre ferjesamband i nordre del av Nordland og sørlege del av Troms. Ferjesambanda er ikkje ein del av riksvegnettet, men har hatt positive verknader for turisme, næringsliv og intern kommunikasjon i området.

I forslag til statsbudsjett for 2003, som blei lagd fram 3. oktober i år, blei det opplyst at det er sett i verk eit arbeid for å avklare eventuell framtidig statleg medverknad til drifta av Senjaferjene.

Av praktiske årsaker blir det gjort framlegg om at tilskottet på 1,75 millionar kroner skal løyvast som rammetilskott til fylkeskommunar, over budsjettet til Kommunal- og regionaldepartementet for 2002.



Til red.
For meir informasjon, sjå:
St.prp. nr. 29 (2002-2003) Om endring av løyvingar mv. for 2002 på Samferdselsdepartementets område
St.prp nr. 1 (2002-2003) For budsjetterminen 2003