Historisk arkiv

Svar til Stortingets samferdselskomité - spm 6 ang. Eiksundsambandet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

St.prp. nr. 60 (2001-2002) Om ein del saker på Samferdselsdepartementets område

Svar til Stortingets samferdselskomité, 04.06.02:

St.prp. nr. 60 (2001-2002) Om ein del saker på Samferdselsdepartementets område

Spørsmål 6:

I proposisjonen er det under kap. 1320 post 31 rassikring m.a. ein omtale av den forskotteringa Møre og Romsdal fylkeskommune har gjort på rv 651 og evt. verknader på tidspunkt for oppstart av rv 653 Eiksundsambandet.

Det har vore reist ein del tvil, både i media og i brev frå Møre og Romsdal fylkeskommune, om korleis denne omtalen skal tolkast, og komiteen ber difor departementet kome med utdjupande opplysningar.

Svar:

Konsekvensen av den foreslåtte ekstraløyvinga på 10 millionar kroner til rv 651 Greifsneset – Løvikneset vil vere at forskotteringa frå Møre og Romsdal fylkeskommune til prosjektet kan reduserast frå 50 til 40 millionar kroner. Departementet har merka seg at mellom anna Møre og Romsdal fylke har stilt spørsmål ved korleis dette er framstilt i St. prp. nr. 60, i forhold til verknader for oppstart av Eiksund-sambandet. Departementet vil difor presisere at ekstraløyvinga i seg sjølv ikkje på nokon måte vil ha negative konsekvensar for oppstart av Eiksundsambandet, men tvert i mot bidra til å lette behovet for finansiering på komande års budsjett med 10 millionar kroner.

Departementet er positiv til Møre og Romsdal si forskottering av midlar til å framskunde anleggsstart for rassikringsarbeidet på rv 651. Departementet gjer samstundes merksam på at fylkestinget har sett Eiksundsambandet øvst på marginallista ved redusert ramme. Det vil seie at fylkeskommunen prioriterer rv 651 framfor Eiksundsambandet, slik at Eiksundsambandet kan bli ramma i form av utsett oppstart ved eventuelle kostnadsauker på igangsette anlegg eller ved eventuelle reduserte rammer. Dette er ikkje ein konsekvens av forslaget om ekstraløyving, men derimot ein konsekvens av tidlegare fylkespolitiske vedtak.

Som det framgår av St. prp. nr. 60, vil Samferdselsdepartementet kome tilbake til oppstart av rv 653 Eiksundsambandet i budsjettet for 2003.

VEDLEGG