Historisk arkiv

Svar til Stortingets samferdselskomité - spm 8 ang. Jondalstunnelen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

St.prp. nr. 60 (2001-2002) Om ein del saker på Samferdselsdepartementets område

Svar til Stortingets samferdselskomité, 05.06.02:

St.prp. nr. 60 (2001-2002) Om ein del saker på Samferdselsdepartementets område

Spørsmål 8:

Kva konsekvensar for andre vegprosjekt vil det ha dersom planlegging og evt. oppstart av Jondalstunnelen skal leggjast inn i statsbudsjettet for 2003?

Svar:

Arbeidet med kommunedelplan/reguleringsplan for Jondalstunnelen er starta opp, med sikte på at det skal ligge føre tilstrekkeleg planavklaring til eventuell prioritering av prosjektet i samband med revisjonen av Nasjonal transportplan for perioden 2006-2015. I den samanhengen er spørsmålet om konsekvensutgreiingsplikt etter reglane i plan- og bygningslova til vurdering i Vegdirektoratet. Det vil ikkje under noko omstende vere mogleg å framskaffe planavklaring tidsnok til å starte dette prosjektet så tidleg som i 2003.

Som det går fram av St. prp. nr. 1 (2001-2002), side 143, har fylkestinget i Hordaland ikkje prioritert statleg tilskott til Jondalstunnelen innafor fylkesfordelt ramme for perioden 2002-2005. Følgjeleg vil ei eventuell prioritering av midlar til dette prosjektet måtte gå ut over høgare prioriterte prosjekt som ligg inne i det endelege handlingsprogrammet for Hordaland.

VEDLEGG