Rundskriv N-3/2000

Tryggleiksklarering/autorisering av personell knytt til TBO i fylka

SAMFERDSELSDEPARTEMENTET
Administrasjonsavdelinga

RUNDSKRIV nr 3/200

31.03.2000

Tryggleiksklarering/autorisering av personell knytt til TBO i fylka

Det går fram av gjeldande personellsikringsdirektiv § 6, 2. avsnitt, at departementa er klareringsinstans.

Samferdselsdepartementet har delegert til fylkesmennene å klarera personar til TBO frå fylka inntil graden HEMMELEG/Grad II, jamfør våre brev frå 9. april 1985 og 8. april 1994. Det sistnemnde brevet er berre adressert til fylkesmennene.

Pkt 4.6, andre avsnitt, 2. punktum i TBO-handboka er ikkje i samsvar med ovannemnde delegeringsfullmakter, og skal difor ikkje vera gjeldande.

VEDLEGG