Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2005: Trygt og effektivt flyrutetilbod i heile landet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Pressemelding

Nr.: 118/04
Dato: 06.10.04

Statsbudsjettet 2005:

Trygt og effektivt flyrutetilbod i heile landet

- Tryggleik skal ha høg prioritet i alle delar av luftfarten. Regjeringa vil sikre eit trygt og effektivt flyrutetilbod i heile landet, seier samferdselsminister Torild Skogsholm.

Samla budsjettforslag for luftfartsføremål i 2005 er på 709 millionar kroner. Dette er ein auke på 8,4 prosent når ein tek omsyn til verknaden av forslaget om at luftfarten skal vere omfatta av ordninga med meirverdiavgift.

- Konkurranse innanfor luftfarten har dei siste åra gitt oss lågare prisar på flyreiser innanlands. Dette er viktig både for næringsliv og folk i heile landet, særleg i distrikta, seier samferdselsminister Torild Skogsholm.

Statleg kjøp av flyrutetenester

Regjeringa gjer framlegg om å nytte 444 millionar kroner til statleg kjøp av regionale flyrutetenester som ikkje er bedriftsøkonomisk lønsame. Dette er ein auke på 5,6 prosent samanlikna med 2004, og har mellom anna samanheng med at flyselskapa får auka avgifter som følgje av tiltak mot terror og sabotasje i luftfarten.

Tilskott til regionale lufthamner

Det blir gjort framlegg om eit tilskott på 53,4 millionar kroner til dei regionale lufthamnene. Av dette tilskottet går 40 millionar kroner til dei regionale flyplassane til Avinor AS, medan 13,4 millionar kroner er tilskott til andre, ikkje-statlege flyplassar.

Tilskott til regionale lufthamner er i framlegget foreslått redusert med om lag 80 prosent frå budsjettet for 2004. Dette har samanheng med at infrastrukturen til luftfarten blir med i meirverdiavgiftsopplegget med full sats frå og med 1. januar 2005. Målet med avgiftsendringa er først og fremst å leggje til rette for betre effektivitet i flyplassdrifta, mellom anna ved å likestille avgiftene når det gjeld eksterne kjøp av tenester og eigenproduserte tenester. Endringa vil føre til ein avgiftslette på om lag 250 millionar kroner for Avinor. Løyvinga til Avinor er derfor redusert tilsvarande. Korrigert for denne endringa i meirverdiavgift fører framlegget til ein auke i staten sitt tilskott på om lag ti prosent samanlikna med 2004.

Utbytte frå Avinor AS

Det er foreslått eit utbytte på 50 millionar kroner frå Avinor AS.

Luftfartstilsynet

For Luftfartstilsynet er det foreslått eit utgiftsbudsjett på 179,8 millionar kroner, ein auke på 9,5 prosent frå 2004. Styrkinga av budsjettet har samanheng med at tilsynet har fått nye oppgåver og ekstra kostnader ved at tilsynet skal flytte til Bodø. Det er sett av 47,7 millionar kroner til flyttekostnader i 2005.

Statens havarikommisjon for transport

Regjeringa gjer framlegg om ei løyving til Statens havarikommisjon for transport (tidlegare Havarikommisjonen for sivil luftfart og jernbane) på om lag 32 millionar kroner. Dette er ein auke på om lag 36 prosent samanlikna med 2004. Auken heng saman med at kommisjonen frå 2005 òg skal undersøke ulukker i vegtrafikken. Havarikommisjonen får samtidig nytt namn, "Statens havarikommisjon for transport". I løpet av 2006 vil det vere aktuelt med ytterlegare utviding av kommisjonen sitt ansvarsområde til òg å omfatte sjøtransport.