Historisk arkiv

Luftfartsverket: Lågare investeringsramme - på grunn av inntektsnedgang og auka driftsutgifter

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 46/2001
Dato: 11.05.01

Luftfartsverket: Lågare investeringsramme - på grunn av inntektsnedgang og auka driftsutgifter

Regjeringa har i statsråd i dag gjort framlegg om at investeringsramma for Luftfartsverket for 2001 skal setjast ned med 50 millionar kroner, frå 700 millionar kroner til 650 millionar kroner. Endringa har særleg samanheng med at trafikkinntektene frå flyselskapa no ser ut til å bli lågare enn tidlegare rekna med. I tillegg kjem ein viss auke i driftsutgiftene til Luftfartsverket.

Regjeringa gjer også framlegg om at avkastingskravet for Luftfartsverket for 2001 blir redusert med 21 millionar kroner. Denne endringa har samanheng med innføring av meirverdiavgift for tenester.


For nærmare opplysningar – sjå St.prp. nr. 76 (2000-2001) Om ein del saker på Samferdselsdepartementets område