Rundskriv N-4/1989

Gebyrer for løyver etter samferdselslova

Samferdselsdepartementet

RUNDSKRIV N-4/89
25.05.1989

EW/ETv

Samferdselsadministrasjonen i fylkeskommunane
Oslo kommune, Samferdselsavdelinga

GEBYR FOR LØYVER ETTER SAMFERDSELSLOVA

Ved utferding av løyvedokument eller duplikatdokument etter samferdselslova § 15 a), er hovudregelen at det skal betalast eit handsamingsgebyr på kr. 1500,- til fylkeskommunen, jfr. ”Forskrift om godstransport med motorvogn” nr. 6 og ”Forskrift om persontransport med motorvogn utenfor rute” nr. 52 a). Gebyr for utferding av ruteløyver er f.t. ikkje innført.

I denne samanheng viser vi særleg til høyringsutkastet til føresegnene og til Rundskriv N-1/87 og N-5/87.

Ettersom ein del fylkeskommunar, organisasjonar m.v. har vendt seg til departementet med spørsmål om tolking av nemnde føresegner, gjev departementet nedanfor ei nærare vurdering av nokre typetilfelle der spørsmålet om gebyrplikt vil kunne komme opp.

Spørsmål om gebyrplikt vil kunne reisast m.a. i følgjande tilfelle:

  1. Ved namneendring eller dersom løyvehavar døyr.

Einmannsforetak; t.d. ved endring av personlege forhold som giftarmål, skilsmisse, endring ved samtykkje til namneendring.

Slike namneendringar krev ikkje nærare gransking i forhold til samferdselslova, dersom det vert framlagt offentleg dokumentasjon på namneendringa.

I slike høve skal det ikkje krevast gebyr.

Samferdselslova § 17 nr. 2 fastset at løyve kan kallast tilbake utan varsel når løyvehavar døyr. Dersom han/ho let etter seg ektemake eller livsarving, kan løyve likevel ikkje kallast tilbake før tre år etter dødsfallet. Jfr. og ”Forskrift om godstransport” nr. 5 og Rundskriv N-1/87 s. 3, nest siste avsnitt.

For godstranportløyva sin del viser vi til sistnemnde rundskriv s. 3, der det går fram at det ikkje skal krevast gebyr dersom ektefelle/livsarving nyttar den retten han/ho har etter ovannemnde.

Av omsyn til lik handsaming gjeld det same for løyve som er tildelt for persontransport utanom rute, jfr. forskrifta nr. 57 i.f.

Når ektefelle/livsarving er kvalifisert til å ta over løyve etter at 3-årsfristen er ute, skal de evt. utferdast nytt løyvedokument og følgjeleg betalast gebyr.

  1. Ordning med ”bestyrer” på løyvet

Forskrift om persontransport med motorvogn utanom rute nr. 20 gjev høve til å søkje om styrarordning dersom løyvehavar heilt eller delvis vert ute av stand til å leie og drive verksemda.

Rundskriv N-5/87 s. 2 gjev følgjande retningslinjer:

”Bestemmelsen ble ikke endret ved siste revisjon. På bakgrunn av en del enkeltsaker vil departementet understreke at det ikke skal utstedes eget løyvedokument til bestyrer. Det skal i stedet gis en påtegning om bestyrerforholdet på det originale løyvedokumentet. Det bør samtidig påføres løyvedokumentet at bestyrer ikke har adgang til å registrere egen bil på løyvet. Ved bytte av bil i bestyrerperioden skal bilen fortsatt registreres på løyvehaver, - ikke på bestyrer.”

Styrarordning medfører ikkje gebyrplikt.

  1. Ansvarleg selskap; opptak/endring av deltakarar

Ansvarleg selskap og A/S; reine namneendringar

Namneendring grunna nye deltakarar som kjem inn eller trer ut:

Det framgår av godstranportforskriftene nr. 2 i.f. jfr. Rundskriv N-1/87 at løyve for godstranport er tildelt det ansvarlege selskap ved ein av deltakarane. Dersom denne trer ut, har selskapet ikkje lenger løyve. Dersom løyve skal overførast til ein annan deltakar som fyller kvalifikasjonskrava, vert dette sett på som nytildeling.

Det skal da betalast gebyr.

Reine namneendringar av selskap (ansvarleg eller A/S), som ikkje omfattar endring av ny ansvarleg deltakar eller dagleg leiar, vert som hovudregel ikkje sett på som nytildeling av løyve. Det bør likevel undersøkjast om namneendringa har medført endringar i selskapet sine aktiva og passiva, og om det gamle selskapet har vorte oppløyst.

Gebyrplikt vert ikkje utløyst.

  1. Ansvarleg selskap og A/S; fusjon og fisjon

Ved samanslåing (fusjon) og oppdeling (fisjon) av selskap må ein foreta gransking såsom t.d. identifikasjon av personar og rettssubjekt.

Dersom løyva går over til nytt rettssubjekt, skal det betalast gebyr.

  1. Overgang frå personleg selskap til A/S eller omvendt.

Av Rundskriv N-1/87 s. 3, siste avsnitt, om løyvepliktig godstransport, går det fram:

”Dersom en løyvehaver ønsker å overføre sitt/sine løyve(r) til et nytt rettssubjekt (eks. opprettelse av aksjeselskap) må man betale gebyr idet man ser det slik at de(t) opprinnelige løyve(ne) oppgis samt at det skjer en nytildeling til det nye rettssubjektet.”

Av Rundskriv N-5/87, s. 7, til nr. 6 bokstav a) går det fram:

”I utgangspunktet anses enhver slik søknad om overføring som en oppgivelse av det personlige løyve og en etablering av et nytt rettssubjekt hvor de samme kvalifikasjonskrav gjelder, jfr. forskriftenes nr. 2 bokstav c) og bokstav d). Fylkeskommunen må derfor som hovedregel ta stilling til om den nye løyvehaver oppfyller kvalifikasjonskravene og om et nytt løyve følgelig skal utstedes. Dette danner etter departementets vurdering grunnlag for at gebyr kan kreves i disse tilfellene.”

I slike tilfelle skal det betalast gebyr.

  1. Tap av løyvedokument m.v.

Dersom løyvedokumentet har gått tapt, skal det betalast gebyr ved utferding av duplikatdokument.

I dei høve det vert krevd nytt løyvedokument av di det ikkje er meir plass i registreringsrubrikken på baksida av løyvedokumentet, jfr. Rundskriv N-5/87 s. 7, til nr. 6 bokstav b):

”På løyvedokumentets bakside er det avsatt plass til registrering og avregistrering av motorvogn. I og med at et løyve for godstransport med motorvogn nå er gitt gyldighet uten tidsbegrensning, jfr. lovens paragraf 15, vil det oftere kunne forekomme at registreringsrubrikken vil bli utskrevet slik at nytt løyvedokument må utstedes. Departementet antar at når fylkeskommunene utsteder løyvedokument i slike tilfelle og hvor det ikke foretas ny behandling av en søknad om løyve, kan nytt løyvedokument utstedes uten at gebyr etter forskriftenes nr. 6 tas. Av kontrollhensyn antas at det utskrevne løyvedokument må returneres samtidig med at de nye utstedes. Det gis ikke returgebyr på det innleverte utskrevne dokument.”

  1. Skifte av ansvarleg dagleg leiar, ev. av den som er utpeikt som ansvarleg leiar

for bedrifta sine transportar

Når det gjeld løyvepliktig godstransport med motorvogn, viser ein til Rundskriv N-1/87 s. 3:

”Ved bytte av ansvarlig daglig leder skal navnet på ny ansvarlig daglig leder påføres løyvedokumentet. Det skjer imidlertid ingen ny løyvetildeling til aksjeselskapet. Imidlertid anser man at det i disse tilfelle blir utstedt ett duplikatdokument hvor ny ansvarlig leder er påført.” (Vår understrekning.)

Dette gir plikt til å betale gebyr som nemnt.

Vi presiserar at det skal betalast gebyr også ved fornying av eldre, tidsavgrensa løyver for persontransport utanom rute, jfr. Forskrift om persontransport med motorvogn utanom rute nr. 52.

Med helsing

Arnfinn Øen (e.f.)

Odd Midseim