Historisk arkiv

Auka satsing på trusopplæring

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Pressemelding

Nr.: 108/04
Dato: 06.10.2004
Kontaktperson:
Ekspedisjonssjef Ole H. Fisknes, Kyrkjeavd., tlf. 22 24 79 00
Avdelingsdirektør Jørn Hagen, Kyrkjeavd., tlf. 22 24 79 10

Auka satsing på trusopplæring

Budsjettforslaget for Den norske kyrkja er på 1 127,9 millionar kroner for 2005. Dette er ein auke på 7,1 prosent samanlikna med saldert budsjett
for 2004. Hovudsatsinga i kyrkjebudsjettet for 2005 er ei opptrapping på
25 millionar kroner til reform av trusopplæringa i Den norske kyrkja, som vart sett i verk i 2004. Den årlege innsatsen til trusopplæringa vil dermed vera på 55 millionar kroner.

- Eg er glad for å leggja fram eit kyrkjebudsjett som sikrar god framdrift for fornyinga av trusopplæringa i kyrkja. I dei første åra gjeld det å få eit breitt og variert erfaringsgrunnlag som vi kan hausta av i det vidare reformarbeidet. Dette legg vi godt til rette for gjennom budsjettforslaget for 2005, seier kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland.

Det generelle statstilskotet til dei kyrkjelege fellesråda var i 2004 på 95 millionar kroner. Departementet foreslår at nivået blir vidareført i 2005. Ein større del av løyvinga skal etter forslag nyttast til sentrale tiltak som kan koma fellesråda til gode. Dette gjeld særleg for kyrkjebygg gjennom etablering og drift av ein nasjonal database og ei sentral forsikringsordning for kyrkjer.

I 2004 vart det løyvd 3 millionar kroner til styrking av prostetenesta. Departementet foreslår 4 millionionar kroner i 2005.

Den norske kyrkja er frå 2004 inkludert i ordninga med skattefritak for gåver til frivillige organisasjonar. Grensa for skattefritak er i statsbudsjettet for 2005 foreslått auka frå 6 000 til 12 000 kroner.