Historisk arkiv

4,5 millionar til museumssatsing i Nordland

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Pressemelding

Nr.: 143/05
Dato: 14.10.2005
Kontaktperson: Eksp.sjef Kjell Myhren, Kulturavdelinga, tlf. 22 24 80 00

4,5 millionar til museumssatsing i Nordland

Det er gjort framlegg om auka tilskot på 1,5 millionar kroner til tre museum i Nordland fylke: Helgeland museum, Museum Nord og Salten museum.

- Nordland fylke har gjort eit imponerande arbeid med museumsreforma, og fylket har no fem konsoliderte einingar, seier kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland.

Musea i Nordland har mellom anna arbeidd med ei felles IKT-teneste for musea.

Dei kommunale og fylkeskommunale tilskota er auka kraftig dei seinare åra. Staten følgjer opp med auka tilskot. Det samla offentlege tilskotet til drift av musea i Nordland har stige frå om lag 24 millionar til 43 millionar kroner over tre år.