Historisk arkiv

Styrka oljevern

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet

- Regjeringa ønskjer å styrke oljevernberedskapen, og det vert foreslått ein realauke i løyvinga til oljevernberedskap på 12 millionar kroner, seier fiskeri- og kystminister Svein Ludvigsen. (14.10.05)

Pressemelding

Nr.: 72/2005
Dato: 14.10.2005
Kontakt:
Ekspedisjonssjef Kirsten Ullbæk Selvig 22 24 64 37/ 91 54 42 35
Seniorrådgjevar Raymond Jenssen 22 24 64 17/ 91829918

Styrka oljevern

- Regjeringa ønskjer å styrke oljevernberedskapen, og det vert foreslått ein realauke i løyvinga til oljevernberedskap på 12 millionar kroner, seier fiskeri- og kystminister Svein Ludvigsen.

Desse midla skal mellom anna brukast til å oppgradere utstyrsstandarden på depota og følgje opp erfaringane etter den store rednings- og oljevernøvinga ”Barents Rescue 2005”. I tillegg er løyvinga til slepefartøy auka reelt med 5,7 millionar kroner for å kompensere for høgre kostnader. Med dette er den samla løyvinga til beredskap mot akutt forureining over Kystverket sitt budsjett på 94,25 millionar kroner, eksklusiv moms.

- Å sikre eit reint hav- og kystmiljø har høg prioritet. Eit reint hav er også avgjerande for Noreg som fiskerinasjon. Auka oljeaktivitet i nordområda vil krevje ytterligare tiltak i åra som kjem, seier Svein Ludvigsen.

Regjeringa har i haust sett i gang feltundersøkingar på og omkring vraket av den tyske ubåten som i 1945 vart senka utanfor Fedje i Hordaland. Det skal avklare korleis ein framtidig forureiningsfare frå vraket best kan fjernast.

- Når resultatet er klart må ein i 2006 ta stilling til kva som skal gjerast og finne pengar til dette arbeidet, seier Svein Ludvigsen.