Historisk arkiv

15 millionar ekstra til ras-sikring

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

(14.10.2005)

Logo budsjett 2004

Alt om Landbruks- og matdepartementets budsjettforlag for 2006

Pressemelding

Nr.: 16
Dato: 14.10.2005

Kontaktperson:

Info.sjef. Ottar Løvik tlf. 22249105 mob. 48140477

Eksp.sjef. Randi Kogstad tlf. 22249140 mob. 97512376

Dep.råd. Per Harald Grue tlf. 22249108 mob. 97033526

Avd.dir. Siri Bergerøy tlf. 22249124 mob. 41542283

Landbruks- og matdepartementets budsjettforslag for 2006:

15 millionar ekstra til ras-sikring

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til sikringstiltak med 15 mill. kroner til 23 mill. kroner.

Dette gjer det m.a. mogleg å vidareføre samarbeidsprosjektet mellom kommunane Stranda og Norddal for å byggje opp overvakings- og varlingssystem i samband med eventuelt fjellskred i Åkneset i Storfjorden der eit større fjellparti er ustabilt.

Landbruks- og matdepartementet leiar ei interdepartemental arbeidsgruppe som skal skaffe fram grunnlagsmateriale for å kunne ta stilling til omfanget av og behovet for statleg engasjement når det gjeld store fjellskred. Arbeidet skal vere avslutta i løpet av 2006.

Norges geologiske undersøkelser har førebels registrert 25 fjordstrók som kan være utsett for flodbølgjer etter fjellskred. Fleire kommunar har meldt frå om at de vil setje i gang større prosjekt for m.a. å sikre bustadfelt som er utsett for skred.